Hopp til innhold

Signerer sikkerheitspakt for Nordsjøen: – Saman er me sterkare

Noreg og fem andre Nordsjøland signerer millionpakt for å sikre kommunikasjon og viktig straumforsyning. Vil vere preventivt, meiner professor.

Gass bobler opp i Østersjøen fra lekkasje på gassrøret Nord Stream

Sabotasjen av gassrøyrleidningane Nord Stream i 2022 retta merksemda mot sikkerheita i Nordsjøbassenget.

Foto: DANISH DEFENCE COMMAND / Reuters

Sabotasjen av gassrøyrleidningane Nord Stream i 2022 retta merksemda mot sikkerheita i Nordsjøbassenget.

Foto: DANISH DEFENCE COMMAND / Reuters

Noreg har i lag med Tyskland, Belgia, Nederland, Storbritannia og Danmark underteikna den såkalla Nordsjøsikkerheitspakta.

Landa vil investere millionbeløp og samarbeide om å sikre energi- og teleinfrastrukturen i og rundt Nordsjøen.

Det kjem fram i ei felles pressemelding frå dei seks landa.

Nord Stream 2

Eit skip gjer arbeid på Nord Stream 2-leidningen i 2018. Infrastruktur som gassleidningar skal vernast i den nye sikkerheitspakta.

Foto: Bernd Wuestneck / AP

– Me har ei fellesinteresse med naboane våre i Nordsjøen om å verne den kritiske infrastrukturen vår, seier energiminister Terje Aasland.

Han seier at samarbeidet er eit bevis på den delte interessa til landa.

Skal samarbeide om kameraovervaking

Nordsjølanda er einige om å samordne sikkerheitstiltaka og overvakinga av infrastrukturen i Nordsjøen, kjem det fram i sikkerheitspakta.

I dette inngår mellom anna auka kameraovervaking og å etablere akustiske skjold som kan fange opp framand aktivitet i nærleiken av installasjonane i Nordsjøen.

Tysk havvindpark
Foto: Enbridge / Reuters
Foto: Enbridge / Reuters

Ole Andreas Engen er professor i samfunnstryggleik ved Universitetet i Stavanger. Han trur samarbeidet kan bremse framtidige trugslar berre ved å vere der.

– At ein nå samkøyrer sikkerheitsarbeidet, vil kunne virke preventivt mot dei som skulle tenke på å gjere noko, seier han.

Engen seier at energien, og økonomien i han, er utsett.

– Men at ein samkøyrer, ikkje minst den sikkerheitskompetansen dei enkelte landa sit på, trur eg er ei vesentleg forbetring.

– Folk blei litt skeptiske

Landa er òg samde om å sette i verk raske tiltak ilag, dersom mistenkelege hendingar vert avdekka.

Bygging av ladeplassar for dronar ved installasjonane er også i planane. Dette skal skje i tett samarbeid med Nato og EU.

Forbundsleder Frode Alfheim i Industri Energi

Industri Energi-leiar Frode Alfheim meiner samarbeidet er ei god nyheit.

Foto: Anders Eidesvik / NRK

Leiar i fagforbundet Industri Energi, Frode Alfheim, trur medlemmane hans godt kan hugse droneobservasjonane.

– Da trur eg nok at folk blei litt skeptiske. Men nå trur eg de føler seg trygge på at styresmaktene og Forsvaret stiller opp, seier han, som meiner pakta er ei god nyheit.

Det same meiner Safe-leiar Raymond Midtgård.

– Vår næring er viktig for å sikre energi for Europa. At alle seks land vil samarbeide, tenker eg at er fornuftig, seier han.

Investerer millionbeløp

Belgia vil investere ein million euro, om lag 11 millionar norske kroner, i ein sikker kommunikasjonsplattform som skal hjelpe landa å samarbeide.

Plattforma har fått namnet North Seal.

Via North Seal skal dei seks landa kunne utveksle informasjon om mistenkelege hendingar som kan påverka sikkerheita til infrastrukturen i Nordsjøen, som til dømes gassleidningar.

Kor mykje Noreg og dei andre fire landa har tenkt å investere er enno ikkje kjend.

Reell trugsel

Europa er avhengig av gass- og straumkablar i Nordsjøen for å ha nok energi. Tele- og datakablar er også avgjerande for kommunikasjonen mellom landa rundt Nordsjøbassenget.

Sabotasjeaksjonane mot Nord Stream gassrøyrleidningane i Austersjøen hausten 2022 retta for alvor merksemda mot sikkerheita i Nordsjøbassenget.

NRK har dokumentert korleis russiske skip som kan utføre operasjonar på havbotnen, fleire gonger var nær gassrøyrene i Østersjøen. Et av dei var der fire dagar før Nord-Stream-røyrene blei sprengt.

I den undersøkande dokumentarserien «Skyggekrigen» har NRK saman med tre nordiske allmennkringkastarane avdekka korleis russiske sivile fartøy kan bli brukt til kartlegging, overvaking og sabotasje av kritisk infrastruktur i Norden.

Nordsjøministeren i Belgia, Paul Van Tigchelt, seier i pressemeldinga at sabotasje mot infrastrukturen i Nordsjøen er ei reell trugsel som har auka dei siste månadane.

NORTH SEA LINK: Høsten 2021 kunne Norge sende strøm over Nordsjøen til Storbritannia for første gang.

Overvakinga av infrastrukturen i Nordsjøen skal sikrast ifølge den nye sikkerheitspakta. Via North Sea Link kunne Noreg sende straum til Storbritannia for første gong i 2021.

Foto: STATNETT

Energiminister Terje Aasland meiner pakta er avgjerande for energisikkerheita og sikkerheita til dei som arbeider i Nordsjøen.

– Saman er me sterkare, seier han.

Hei!

Vi har skrevet flere saker som handler om sårbar kritisk infrastrukt i Norge.

I den undersøkende dokumentarserien «Skyggekrigen» har vi sammen med tre nordiske allmenkringkastere avdekket hvordan russiske sivile fartøy kan bli brukt til kartlegging, overvåking og sabotasje av kritisk infrastruktur i Norden.

Vi har også skrevet om det russiske skipet Yantars forfølging av det norske forskningsskipet Kronprins Haakon, der eksperter sier «spionfartøyet» er i tjeneste for å kartlegge og kritisk vestlig infrastruktur til sjøs.

Tenkte du på noe da du leste, eller har innspill om denne eller andre saker vi burde undersøke? Send oss gjerne en e-post.

Du kan også sende oss innspill, tips og informasjon kryptert og sikkert via NRKs ekstra sikre varslingsmottak – se hvordan du kan bruke NRKs Secure Drop her

ROV-ansvarlig Stig Vågenes

– Undersjøisk infrastruktur er spesielt utsatt