Hopp til innhold

Ingen nye på respirator sidan jul

SUS har stadig færre innlagde med covid-19 og ingen har blitt so sjuke at dei treng pustehjelp sidan rundt jul.

Stavanger universitetssjukehus (SUS)

Stavanger universitetssjukehus (SUS).

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

«Det var den pandemien» skreiv ein av Noregs mest profilerte pandemiekspertar i juni 2021.

Sidan då har vi opplevd høgare smittetal enn nokon gong før, ein endå meir smittsam virusvariant og sprengt kapasitet på fleire sjukehus.

Men no skjer det noko.

Halvparten av koronapasientar er på sjukehus av andre grunnar enn covid-19. Regjeringa har opna for opp mot 1500 personar på innandørs arrangement og helseministeren varslar store lettingar i koronatiltaka neste veke.

– Det vi ser no er ei positiv utvikling av pandemien, seier Eldar Søreide, fagdirektør ved Stavanger universitetssjukehus (SUS).

Ved sjukehuset går talet på koronapasientar ned og ingen har hamna på respirator sidan jul.

Stavanger universitetssjukehus (SUS)

Stavanger universitetssjukehus har færre innlagde koronapasientar enn tidlegare.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ingen nye på respirator

Det er 17 pasientar innlagt med koronasjukdom på SUS. Sju av desse ligg på respirator.

Dei har alle lege sidan jul i fjor.

Det er pasientane som treng pustehjelp og respirator som tidlegare har skapt problem for sjukehusa, då desse intensivpasientane krev mykje personell og ressursar.

I alt er der no 17 innlagde pasientar med koronasjukdom ved SUS, inkludert dei sju på respirator. Halvparten av alle desse har covid-19 som bidiagnose.

Stavanger universitetssjukehus (SUS)

Pasientar ved intensivavdelinga krev mykje av sjukehuset, men omikronsmitta kjem sjeldan dit, opplyser SUS.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Stadig aukande smitte

I dag er over 24.000 smitta av koronaviruset på landsbasis. Over 1900 av desse er i Rogaland, men stadig færre vert altso lagt inn på SUS med korona som hovudårsak.

– Når smitta i samfunnet aukar, kjem også fleire inn med covid-19-infeksjon som bidiagnose. Dei kan vere i fødsel, ha hjerneslag eller nyresvikt, seier Søreide.

Sjukehuset må likevel isolere pasientane om dei er smitta med covid-19, trass i at dei ofte har lettare symptom.

– Dei innlagde er ikkje som i fjor eller 2020 med pustesvikt. Det er ein annan situasjon no, seier han.

Eldar Søreide

Eldar Søreide er fagdirektør ved SUS.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Søreide seier at sjølv om situasjonen kan endre seg, verkar det som om omikron-varianten er ei positiv utvikling i pandemien.

Utfordringa for sjukehuset no er at dei har so mange tilsette som er smitta at dei framleis må utsetje operasjonar.

– Det er ei stor utfordring. Sjølv om vi har moglegheit til å hente inn folk for å dekke opp delar av sjukefråveret, so er det dei tilsette sjølv som må ta støyten med mykje ekstrajobbing, seier han.

Folk ber om hostesaft

Kåre Reiten er fastlege i Stavanger, og meiner det er på høg tid at restriksjonane vert letta på, slik helseministeren har sagt vil skje i neste veke.

– Eg har hatt haugevis med pasientar som har fått omikron dei siste par månadane og eg kan ikkje hugse éin som har vore verkeleg sjuk. Det er ein, for dei aller fleste, lett forkjøling, seier Reiten.

Han meiner dei sjukemeldingane han og andre fastlegar no må gje ut til omikronsmitta gjer meir skade for samfunnet som heilskap enn om dei smitta hadde sjølv fått bestemme etter eigen form kva tid dei var friske nok til å gå på jobb.

Det mellom anna fordi omikronsmitta etter hans meining får få og svake symptom.

– Kanskje har nokre spurt meg om å få hostesaft, men det er det einaste, seier Reiten.

Kåre Reiten

Fastlege Kåre Reiten meiner det er på tide å lette på restriksjonane i samfunnet.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

I byrjinga av neste veke vil regjeringa halde ein pressekonferanse kor helseminister Ingvild Kjerkol varslar om store lettingar.

Flere nyheter fra Rogaland