Hopp til innhold

Ivan (3) døde – Tolkeforeininga meiner helsepersonell ikkje kan reglane

Foreldra til Ivan (3) seier dei bad om tolk fleire gonger, men blei avvist av sjukehuset. Norsk Tolkeforening meiner offentlege etatar ikkje kan lovverket godt nok og at dei manglar retningslinjer.

Stavanger universitetssykehus

Foreldra til Ivan (3) bad fleire gonger om tolk då sonen skulle opererast, men fekk det ikkje. Nå rettar Norsk Tolkeforening kritikk mot offentlege etatar.

Foto: Erik Waage / NRK

– Offentlege etatar som brukar tolk er pålagt å ha retningslinjer og rutinar for korleis ein avklarer behov for tolk, men i praksis er det nok ikkje alle stader desse rutinane er på plass, seier Paulina Ślusarczyk.

Ho er leiar i Norsk Tolkeforening og presiserer at ho berre kjenner saka om Ivan (3), som døydde i narkose, gjennom media.

Foreldra, som opphavleg kjem frå Syria, seier dei bad om tolk fleire gonger på sjukehuset, men fekk det ikkje.

Til slutt måtte dei ringe ein slektning for å forstå kva som hadde skjedd med sonen.

Paulina Slusarczyk

MANGLAR KUNNSKAP: Paulina Ślusarczyk er leiar i Norsk Tolkeforening og meiner at sjølv om lovverket er på plass fungerer ikkje retten til tolk i praksis.

Foto: Privat

Ślusarczyk er sjølv ein erfaren tolk og ser at det er store utfordringar på tolkefeltet når det gjeld rett til tolk i praksis.

For sjølv om lova er tydeleg, viser fleire undersøkingar eit underforbruk av tolk i alle sektorar, ifølge henne.

– Det er vanskeleg å seie akkurat kva som har skjedd i denne saka, men det som er klart er at plikta til å bestille tolk til personar som ikkje kan kommunisere forsvarleg, den blei ikkje oppfylt her, seier Ślusarczyk og viser til paragraf 6 i Tolkelova.

Treng svar for å komme seg vidare i sorga

Foreldra til Ivan (3) har vore i fleire møter med sjukehuset i lag med sin bistandsadvokat Anne Kroken.

– Dei har fått ei klar fråsegn om at dei er heilt samde i at dei burde hatt tolk. Men kvifor dei ikkje fekk det har vi ikkje fått svar på, seier Kroken.

advokat Anne Kroken

Bistandsadvokat Anne Kroken.

Foto: Øystein Otterdal / Øystein Otterdal

Nå er foreldra opptekne av å få svar på kvifor det gjekk gale og kvifor dei ikkje fekk tolk.

– Det er viktig for dei at heile rekka med hendingar denne dagen blir klarlagt. Dei får aldri denne vesle, kjære guten tilbake, men dei treng hjelp til å komme vidare i sorga, seier Kroken.

NRK har spurt Stavanger universitetssjukehus kva for retningslinjer dei har når det gjeld bestilling av tolk.

SUS ønsker ikkje å kommentere saka og viser til det dei har sagt tidlegare om at dei ikkje ønsker å kommentere medan undersøkingane til politiet og Statsforvaltaren går føre seg.

Helsepersonell ønska meir opplæring

I 2023 gjorde Proba samfunnsanalyse, på oppdrag frå Helsedirektoratet, ei kartlegging av retningslinjer for bestilling og bruk av tolk i helse- og omsorgssektoren.

Her kom det blant anna fram at informantane ønska meir opplæring og rettleiing.

– Det er av og til litt forvirring rundt kva ein skal gjere når ein skal tilkalle tolk. Og det viste seg blant anna i den undersøkinga at helsepersonell ikkje heilt veit kva ein kvalifisert tolk er. Då er det vanskeleg å spørje etter når ein bestiller, meiner Ślusarczyk.

Undersøkinga viste også at berre ein tredjedel hadde retningslinjer som samsvarte med regelverket.

– Kva er det som ikkje er på plass, som gjer at dette ikkje fungerer i praksis?

– Eg trur det som manglar er kompetanse. Det blir ofte argumentert med at brukaren snakkar bra nok norsk, men er kvardagsleg norsk nok til å klare seg i situasjonar der ein snakkar med ein institusjon om helse? Det kan vere ei heilt grufull oppleving å ikkje forstå kva som skjer med deg, seier ho.

Helseføretaka kjem best ut

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Imdi, skriv i ein e-post til NRK at Tolkelova ikkje garanterer rett til tolk, men at denne skal sikre rettstryggleik og forsvarleg hjelp for personar som ikkje kan kommunisere forsvarleg med offentlege organ utan tolk.

Dei presiserer at dei svarar på generelt grunnlag.

Offentlege organ har, ifølge Imdi, eit ansvar for å utarbeide rutinar og retningslinjer for bestilling og bruk av tolk. Dette er regulert i Tolkelova.

– Helseføretaka er dei som i størst grad har retningslinjer, og som har retningslinjer som oppfyller krava, men også her er det berre ein fjerdedel som har retningslinjer som oppfyller alle krav, skriv dei.