Hopp til innhold

Over 60 prosent fleire intensivpasientar enn dei har plass til i julehelga

Intensivavdelinga ved Stavanger universitetssjukehus har hatt «betydeleg fleire» pasientar enn dei normalt har kapasitet til dei siste dagane.

Stavanger universitetssjukehus

Julehelga har vore stri for intensivavdelinga ved Stavanger universitetssjukehus.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRKFoto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Og dei har måndag framleis fleire enn avdelinga er rigga for.

Omikronvarianten dominerer i Oslo og Viken. Helsemyndigheitene anbefaler å halde skulane på gult nivå også etter nyttår.

Talet på daglege smitta og innlagde på sjukehus nådde nye toppar for vel ei veke sidan, og trykket er stort på intensivavdelingar på sjukehusa.

– Julehelga har vore travel, seier Kristian Strand.

Han er avdelingsoverlege ved Stavanger universitetssjukehus.

Der har ressurskrevjande koronapasientar kome i tillegg til andre pasientar og skapar trøbbel for annan drift på sjukehuset.

– Vi har hatt betydeleg fleire pasientar enn vi i utgangspunktet har standard bemanning til, seier Strand.

Kristian Strand

Kristian Strand er avdelingsoverlege ved Stavanger universitetssjukehus.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Krevjande pasientar

– Vi har hatt opp mot 13 pasientar på intensiven i julehelga, og vårt standardoppsett er jo til åtte. Dette har vore ei krevjande helg, seier Strand.

Det er over 60 prosent fleire pasientar enn avdelinga vanlegvis skal kunne ta seg av.

Om lag halvparten av pasientane ligg der grunna korona. Resten ligg der av «vanlege» grunnar.

Problemet for kapasiteten sin del er kor lenge dei koronasmitta tek opp ein plass i systemet.

Overlegen fortel at koronapasientane på intensiven fram til no i snitt har lege i 10–14 dagar på respirator. Ein vanleg intensivpasient ligg i to til tre dagar på respirator.

– Desse covid-pasientane ligg lenge. Når vi har seks covid-pasientar har vi fylt opp seks intensivplassar som regel i fleire veker, seier Strand.

Går utover andre delar av sjukehuset

For å handtere det auka talet intensivpasientar har dei måtta leggje om på drifta og henta inn meir personell.

– Enn so lenge går det jo greitt, seier Strand.

Men overlegen seier at eit slikt stort trykk over tid vil tære på mellom anna moglegheita til å hente inn ekstra personell.

Når intensiven til dømes hentar sjukepleiarar frå operasjonsavdelinga vert annan drift redusert.

– Det betyr jo at folk som har planlagt kirurgi ikkje får dei operasjonane dei skal, seier Strand.

Til Stavanger Aftenblad seier smittevernoverlege Lars Kåre Kleppe at sjukehuset har god kontroll.

– Pågangen no er handterleg, men belastinga på intensivavdelingane er stor, seier han til avisa.

Omikron kan by på problem

Overlegen fryktar at omikronvarianten kan, om ikkje gje eit meir alvorleg sjukdomsgang for dei smitta enn andre variantar, føre til at fleire vert smitta og soleis auke trykket på avdelinga hans endå meir.

– Kor går eigentleg grensa for kva de kan handtere av intensivpasientar?

– Den grensa er ikkje absolutt og er frykteleg vanskeleg å kartleggje. Det er nok meir eit spørsmål om talet pasientar versus tid. Vi kan klare ganske mange over kort tid – dagar eller ei veke – men over fleire veker, som det gjerne er snakk om med respiratorbehandling av pasientar med covid, er det snakk om eit lågt tal pasientar, svarar han.

Strand seier at skulle avdelinga nå 30–40 pasientar ville dei verkelege problema syne seg.

– Då er vi ganske på felgen og det er lite sannsynleg at vi ville ha heldt mykje meir enn dagar, seier han.

Flere nyheter fra Rogaland

Erlend Hustad

Full kok etter rødt kort – Jerv-treneren slakter dommeren