SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Industri og næring i Eid


Publisert 02.03.2001 09:14. Oppdatert 12.06.2007 14:32.

Den eldste handelsverksemda på Nordfjordeid



Gamal handel og gjestgiveri på Stårheim

Garden i Stårheimsvik har frå tidleg 1600-tal høyrt til kjende embets- og handelsslekter som Hjermand, Giertsen, Frimann, Rochlenge, Vidsteen, Gørbitz og Jung Johan. Det var handel der frå 1726.

Kviafossen

Ligg øvst i Eidselva og har sidan 1600-talet vorte nytta til industri.

Kremmar og kyrkjeigar på Skipenes

I tillegg til Myklebust og Gjerde, var det også handelpå Skipenes.

Nordfjord Sparebank

vart skipa i 1853 og er ein av dei eldste bankane i fylket.

Anne Ingebrigtsdotter Naustdal

starta saman med ektemaken eit bakeri og ein landhandel i Eidsgata, truleg på 1850-talet. – Sjå Martin Andersen.

Fotografane på Nordfjordeid

Den første var Niels Trost Nielsen som kom frå Ålesund på 1860-talet.

Eid og Stareim Brandassuranceforening

vart skipa i 1873 som det første lokale branntrygdelaget i Sogn og Fjordane som synte seg å vere levedyktig.

Rasmus D. Halvorsen

Dreiv stort som handelsmann, damsskipsekspeditør, postopnar og telefonstasjon i Stårheimsvik og i Vågsvåg frå 1880-talet.

Peder Johnsen

starta i 1889 urmarkarforretning på Nordfjordeid. Sonen Monrad Johnsen tok over i 1926 og forhandla også briller og musikkinstrument. Verksemda heiter i 2001 Monrad Johnsen Eftf., er ei av dei eldste forretningane på staden og har vore driven av same familie sidan starten.

Ivar K. Moen

starta i 1890 landhandel på Nordfjordeid.

Forretningsfamilien Totland

Den føretaksame Totland-familien på Bryggja har ætterøtene sine frå garden Berge i Stårheimsdalen. Gabriel Totland starta som dampskipsekspeditør på Nordfjordeid i 1892.

Hans Myklebust Eftf.

sports- og våpenforretning på Nordfjordeid vart grunnlagt i 1895 av børsemarkar Hans Pederson Myklebust (1774–1940).

Andreas K. Henden

starta hattemakarforretning på Nordfjordeid kring 1896.

Jakob Nord

starta skysstasjon på Nord ved Hornindalsvatnet i 1897.

Lefdals fiskeriselskap

Eitt av pionér-selskapa i overgangen frå segl til motordrift i fiskeflåten i Sogn og Fjordane.

Haugen Meieri

vart bygd ved elva Hjalma i 1900 og var i drift til 1949, då det gjekk inn i Nor Meieri S/L. Bygget vart ominreidd og sidan nytta til bustadhus.

Kjøllesdals Fiskeriselskab

kjøpte like etter 1900 fiskedampskipet ”Skjold”. Selskapet vart oppløyst 1911, og sjøbuda i Måløy overteken av kjøpmann Lars P. Lefdal.

Martin Andersen

- på folkemunne kalla Hundvikebakaren - starta som bakar på Nordfjordeid i 1901.

A. O. Lefdal

skipa 1902, sjå Forretningsfamilien Lefdal.

Forretningsfamilien Lefdal

Frå hestehandel til turistkai og drikke.

P. O. Oos A/S

Nordfjordeid, grunnlagt 1904 av Paul O. Oos. Først ass. landhandel, og sidan jernvare- og byggjevareforretning.

Totlands Bokhandel

grunnlagt 1905 av Gabriel Totland. Bokhandelen har vore drive i same familie sidan. (Sjå elles Forretningsfamilien Totland.)

Karl Os Eftf.

grunnlagt 1907 av Karl Os. Var den første som starta trelasthandel på Nordfjordeid.

Wilmann Alsaker

starta i 1909 bakeri på Nordfjordeid. Han tok då over eit bakeri som onkelen, bakarmeister W. Johannessen, hadde starta truleg ein gong på 1870-talet. Ca. 1950 bygde Wilmann ein særprega tre-etasjes forretningsgard i mur sentralt i Eidsgata. Etter at bakeriet vart nedlagd, har lokala husa Nords Frisørsalong.

Apotek

på Nordfjordeid vart skipa 1909.

Eid Ølsamlag

dreiv tidleg på 1900-talet sal av øl frå eit hus ved Eidsgata. Den første IOGT-losjen i Nordfjord, Losje Morgendæmring skipa 1892, hadde ironisk nok nytta det same huset som møtelokale tidlegare. Huset var elles det første forretningslokalet til Eids Handelslag, og den første kaféen på Nordfjordeid som serverte middagsmat, hadde også hatt tilhald i det same huset.

Rasmus Hestenes

starta gullsmedforretning på Nordfjordeid i 1910. Han bygde forretningshus ved Eidsgata, der sonen Malfinn også starta med radioforretning med reparasjonsverkstad. Butikken har seinare har vorte utvida til elektro- og TV-forretning, og vert driven ev tredje generasjon, Rune Hestenes.

Eids Privatbank A/S

Grunnlagt 1911.

Helene H. Bjørlo

starta handel med tøyvarer på Nordfjordeid i 1914. Då ho døydde i 1935 heldt ektemaken Ole Dybvik fram ei tid med butikken.

Forretningsfamilien Sunde

Ingen familie har sett sterkare preg på forretningslivet på Nordfjordeid enn Sunde-familien. Sidan 1917 har Rasmus og Dagny Sunde og sønene Karl, Ove og Finn bygd opp fire store forretningsbygg på fleire tusen kvadratmeter der det vert selt manufaktur, sko, møblar, teppe og målarvarer.

R. Sunde AS

skipa 1917 – sjå Forretningsfamilien Sunde.

Gruvedraumar på Nes

I 1919 fann Lars Wedvik frå Nordfjordeid koparkis og svovelkis i Raudegjølet i utmarka ovanfor gardane Nes ved Hornindalsvatnet.

Henrik Halse

frå Stårheim starta byggmeisterforretning ca. 1920 og dreiv til kring 1950.

Christian Røed

(1886-1968) frå Stårheim starta entreprenørforretning i 1920. Han reiste i 1909 til Winnipeg i Canada der han starta eiga entreprenørforretning. Under 1. verdskrig var han kaptein i den canadiske hæren. Christian Røed bygde m.a. Nordfjord Sjukehus på Nordfjordeid og Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland.

Alf Lillestøl

starta som fiskar og bygde opp stort notbruk og fiskeforretning på Nordfjordeid på 1920-talet.

Arne Manseth

starta i 1923 eit flatbrødbakeri i eit hus i Tverrgata på Nordfjordeid. Maskinen hadde han konstruert sjølv og teke patent på. Han starta dette bakeriet etter å ha vore handelsmann og dampskipsekspeditør på Naustdal i nokre år. – Sjå M. Sture under Landhandlar i Eid.

R.L. Bergset AS

Ragnvald Bergset (1899–1980) grunnla i 1925 saman med broren Olaf manufakturforretninga Brødrene Bergset på Nordfjordeid.

Magnhild L. Englund

starta forretning for manufaktur, saum og keramikk på Nordfjordeid i 1926. I 1946 vart firmanamnet endra til Olav Englund etter ektemaken til Magnhild. Firmaet vart drive vidare av Jetmund og Lars Englund.

Naustdal Auto A/S

Grunnlagt 1930. I 2001 er Naustdal Auto eit av dei største transportselskapa i fylket.

Matias J. Myrold

frå Stårheim starta i 1934 trelasthandel på Norfjordeid. Han var også byggmeister. Trelastlageret til Myrold låg på den gamle eksersisplassen på nordre Osnes, like ved Boalth-garden.

Ivar Nord Mur- og Entreprenørforretning

Grunnlagt 1937 av Ivar Nord. I etterkrigstida var Ivar Nord største entreprenørverksemda i Nordfjord, med kring 200 tilsette på det meste.

Hildenes Gartneri

på Nordfjordeid er eit av dei største handelsgartneria i fylket.

Halfdan Faleide

starta i 1938 fargehandel og drogeri på Nordfjordeid. Før han starta for seg sjølv, var Faleide styrar av Eid Handelslag. Han var også radioforhandlar nokre år.

Skaars Gartneri

på Myroldhaug på Nordfjordeid vart starta i 1945 av Samuel (Sam) Skaar. Han var son til fisketilverkar Jon Skaar sr. som dreiv stor fiskebu i Måløy. Skaars Gartneri hadde blomsterbutikk i Eidsgata.

Per A. Haavik grossist- og agenturforretning

Grunnlagt på Nordfjordeid i 1946.Dreiv m.a. direkteimport av daglegvarer, og vart etter kvart bygd opp til den største grossistforretninga i Sogn og Fjordane.

Hennebygda Fruktlager

- reist av bygdefolket i 1952, vart rekna som eit banebrytande tiltak innan fruktdyrkinga, også i nasjonal målestokk.

Hjelle gartneri

på Stårheim vart starta i 1954 av Mathias Hjelle. Han var også postopnar. Gartneriet var i drift til midt på 1990-talet.

Lefdals Fryseri og Slakteri AS

skipa 1954 – sjå Forretningsfamilien Lefdal.

Starheimsvik Kafé

vart starta i 1956 av Bergit Starheimsvik. Ho dreiv ei tid også pensjonat. Kaféen vart lagt ned i 1990.

Skobutikken Sunde AS

– sjå Forretningsfamilien Sunde.

Karl Sunde Møbler & Utstyr AS

skipa 1964 – sjå Forretningsfamilien Sunde.

Karl Sunde Fargehandel AS

skipa 1964 – sjå Forretningsfamilien Sunde.

O. Nord AS

- sjå Jakob Nord.

Nor-Import AS

skipa 1980 – sjå Forretningsfamilien Lefdal.

Norsk Fjordhestsenter A/S

vart grunnlagt 1984 i privat regi av Anders Lefdal (sjå også Forretningsfamilien Lefdal).

Lagerutsalet skipa 1985

– sjå Forretningsfamilien Sunde

Sparebanken Vest

- sjå Sparebanken Vest, Førde kommune.

Cubus

– sjå Forretningsfamilien Sunde.

NorDrikk AS

- sjå Forretningsfamilien Lefdal.

LefdalGruppen

– sjå Forretningsfamilien Lefdal

Nor Marine AS

– sjå Forretningsfamilien Lefdal.

Moengården

Bygd i 1987 og 2005. Sjå Ivar K. Moen.

Euro Sko

– sjå Forretningsfamilien Sunde.

Kreditkassen

starta bankfilial på Nordfjordeid i 1988. Frå 2000 gjekk banken inn i den nordiske storebanken Nordea.

Nordplan AS

plan- og rådgjevingsfirma innan byggjeteknikk og prosjektstyring vart skipa på Nordfjordeid i 1988.

Tekstilutsalet

– sjå Forretningsfamilien Sunde.

Vinmonopolet

opna første butikken i Nordfjord på Nordfjordeid 1991. Same året fekk også Førde og Sogndal Vinmonopol-utsal.

Ortra AS

Transportselskap på Stårheim skipa i 1992 av Håvard Orheim. Han tok då over ei verksemd som faren Sverre Orheim hadde starta i 1952. Ortra har i 2003 13 tilsette og 10 lastebilar.

Sentrumsbygget A/S

Forretningsgard på Nordfjordeid bygd i 1995 av Knut Hildenes og familie. Bygget er på 1800 kvadratmeter og inneheld Rema 1000 daglegvareforretning og seks andre forretningar og kontor.

Nordplan Utvikling AS

- sjå Nordplan AS.

Nordea

- sjå Kreditkassen 1988.

Normatic AS

er ei teknologiverksemd som vart skipa på Nordfjordeid i 1998 av Hans Inge Solheim, Einar Løken m.fl.

Nordfjord Skisenter AS

i Hjelmelandsdalen vart skipa i 2000.

Stokkenes Golfpark BA

Nordfjord Golfklubb bygde i 2000 nihols golfbane på Stokkenes. - Sjå elles Nordfjord Golfklubb under Idrettslag og -anlegg i Eid.

Sparebanken Sogn og Fjordane

Opna i 2001 avdeling på Nordfjordeid.

Fjordvarme AS

– skipa 2003. Sjå Eid først ute med fjordvarme.

NorDrikk

vart i 2004 flytta frå Stryn til den nedlagde slakteribygningen på Nordfjordeid.

Lidl

- tysk matvarekjede.

Nor Marine Motorsport AS

– sjå Forretningsfamilien Lefdal.

Nor Marine Stål AS

skipa i 2005- sjå Forretningsfamilien Lefdal og Eid verft.

Robotlaben AS

vart skipa i 2006 av fleire store produksjonsverksemder i Nordfjord i samarbeid med fylkeskommunen.


MEIR OM EID 
Eid kommune

 
Aviser og media i Eid
Historia i Eid
Industri og næring i Eid
Kjende personar i Eid
Kommunehistoria i Eid
Krigshistoria i Eid
Kyrkjer i Eid
Samferdsle i Eid
Skular i Eid
Verd å sjå i Eid

 
Video frå Eid
Lyd frå Eid
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no