Det gamle vetesystemet med tenning av eld forvarsling av krig og ufred gjekk frå kysten og innetter Nordfjord. I Eid kommune er det Taklo-veten på Hundeidsfjellet som er mest kjend.
Osnes var kompaniøvingsplass frå 1682, og er såleis den eldste i landet. Under 2. verdskrig bygde tyskarane store brakkebyar for opptil 1.000 mann på Plassen, som også var kommandoplass under
Måløyraidet.
Skulemannen og historikaren
Anders A. Lothe meiner det også har lege ein militær eksersisplass på Øvrebøen på Lote i gamal tid – truleg frå tidleg på 1600-talet og i 90 år fram til 1718.
Rasmus Olson Nord, bror til den kjende handelsmannen og stortingmannen Erik O. Nord, var soldat i krigen mot svenskane i 1814.
I 1935 skipa Forsvaret til såkalla skogrekruttskule på Nordfjordeid.
2. verdskrig
Ved mobiliseringa i aprildagane 1940 vart det sett opp ein landvernbataljon med kring 110 mann på eksersisplassen på Nordfjordeid.
På same vis som i Årdal - freista britiske soldatar som flykta frå kampane i Gudbrandsdalen, og ta seg ut til kysten gjennom Stryn.
Under 2. verdskrig bygde tyskarane store brakkebyar for opptil 1.000 mann på Plassen på Nordfjordeid
I samband med opprulling av våpenruter og motstandsfolk på Vestlandet i kjølvatnet av Televåg-aksjonen 1943, vart det avslørt ei våpenrute frå øya Silda til Hunvik, og derfrå mot Austlandet.
12. desember 1944 bomba 23 allierte fly ein tysk konvoi ved Nordfjordeid.
Torheim er ei lita grend i Eid som vender mot Ålfotfjella, der Milorg-gruppa ”Snowflake” låg løynd i dei siste månadane av 2. verdskrig.
Kapitulasjonen
Etter den tyske kapitulasjonen i 1945 vart tyske soldatar frå heile fylket som venta på å verte sende heim til Tyskland, samla på på Nordfjordeid. I entetida vart dei m.a. nytta til å byggje fotballbane i Bjørlomona for idrettslaget "Bamse" (- Sjå
Idrettslaga på Nordfjordeid)
|
Feiring av Frigjeringsjubiléet på Nordfjordeid i 1995. |
I 1972 gjorde Forsvaret eit makeskifte med Eid kommune som førde til at dei militære eigedomane på Nordfjordeid vart tekne over av Eid kommune i 1976.