SPØRSMÅL:
Kan vi få peikar frå Fylkesleksikonet til vår eigen nettstad?
SVAR:
Nei, vi legg ikkje peikarar til eksterne sider frå Fylkesleksikonet.
SPØRSMÅL:
Kan vi få kjøpe bannerannonser i Fylkesleksikonet?
SVAR: Nei, vi sel ikkje annonser. Dei bannera som står i venstrekolonna tilhøyrer hovedsponsorane som har vore med på å finansiere heile leksikonet.
SPØRSMÅL:
Kan vi sende dykk eigne bilete til artiklar i Fylkesleksikonet?
SVAR: Ja, dersom du sjølv eig rettane til eit bilete, og vil låne det ut til oss, så vil vi gjerne vurdere å bruke det til å illustrere ein artikkel. Vi tek gjerne i mot gode bilete av personar, stader, emne, lag eller bedrifter som er omtala i Fylkesleksikonet. Frå bedrifter vil vi gjerne ha bilete frå produksjonen og/eller sjølve lokalet. Vi vil ikkje ha reine reklamebilete med påtrykt logo eller slagord, og ikkje bilete der arbeidarane står oppstilt. Det kan hende vi må beskjære biletet. Innsende bilete blir normalt ikkje honorert, men fotograf og eigar av rettane vil bli kreditert under biletet. Adressa du kan nytte er:
vegar.erstad@nrk.no. Postadressa finn du her:
Kontakt.
SPØRSMÅL:
Kvifor kjem det av og til fram blanke sider i Fylkesleksikonet?
SVAR: Det skuldast ein feil i peikaren. Finn du feil vil vi svært gjerne ha tilbakemelding. Send meldinga til
vegar.erstad@nrk.no og skriv kvar du fann feilen og korleis han oppsto.
SPØRSMÅL:
Eg får ikkje til å spele av videoar eller lydkutt i Fylkesleksikonet.
SVAR: Les sida: "
Hjelp - lyd/video" og sjå om du kan få hjelp der.
SPØRSMÅL:
Kvifor får eg treff på andre nettstader i NRK når eg søkjer i Fylkesleksikonet?
SVAR: Berre når du brukar søkeboksen under kartet i Fylkesleksikonet vert søket avgrensa til leksikonet. For avanserte søk, sjå:
Rettleiing for søkemotoren.
SPØRSMÅL:
Kven kan eg kontakte når eg finn peikarar som ikkje virkar eller andre tekniske feil i Fylkesleksikonet?
SVAR: Ta kontakt med internettansvarleg for Fylkesleksikonet, Vegar Erstad, på:
vegar.erstad@nrk.no.
SPØRSMÅL:
Kven kan eg kontakte når eg finn manglar eller feil i teksten?
SVAR: Då kan du kontakte redaktør for Fylkesleksikonet, Ottar Starheim, på:
ottar.starheim@nrk.no.
SPØRSMÅL:
Korleis avgjer de kva som skal bli omtala på eiga side, og kva som skal bli illustrert med bilete?
SVAR: Det er praktiske omsyn i redigeringa av nettstaden som avgjer om ein omtale kjem på eiga side med eigen tittel, t.d. om det er mange peikarar til denne omtalen frå andre sider, eller om omtalen er lang. M.a.o. har dette ingenting å gjere med kor viktig denne omtalen er. Det same gjeld bruk av bilete: Store bilete nyttar vi når kvaliteten på originalbiletet er god nok, og om det er plass på sida. Storleiken på bilete har ingenting å gjere med kor viktig det der. Kjem vi over eit bilete med god kvalitet vil vi oppdatere sida med det nye biletet ved eit seinare høve. Manglar det illustrasjon på ein omtale, så kjem det av at vi ikkje har funne eit høvande bilete i arkivet vårt eller hjå Fylkesarkivet. (Sjå spørsmål oppe på sida: "Kan vi sende dykk eigne bilete til artiklar i Fylkesleksikonet?").
Har du ikkje funne svara du treng på denne sida kan vi vonaleg hjelpe deg på følgjande sider:
· Hjelp - lyd/video
· Hjelp - søk