SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Eid:

Gamal handel og gjestgiveri på Stårheim

Garden i Stårheimsvik har frå tidleg 1600-tal høyrt til kjende embets- og handelsslekter som Hjermand, Giertsen, Frimann, Rochlenge, Vidsteen, Gørbitz og Jung Johan. Mange av desse eigarane kom frå innvandra slekter som hadde norsk base i Bergen.

Publisert 13.01.2004 13:06. Oppdatert 19.05.2004 14:53.
I 1709 var det offiseren Erich de Rochlenge (d. 1725) som budde i Stårheimsvik. Han vart 1708 sjef for Nordfiordske og Søndmørske Compagnie. Sonen Martin Jørgen vart også militær og tenestegjorde m.a. i Stryne-kompaniet og Gloppen-kompaniet, men ingen av desse eigarane dreiv handel, sjølv om dei bygde eit stort bustadhus ved stranda i Stårheimsvik.

Handel frå 1726

Handelen kom først i 1726, då Nikolai Jung Johan (1683-1728) overtok og fekk løyve til å drive handel med brennevin, øl og tobakk i Stårheimsvik. Denne Bergens-mannen, som var utdanna gullsmed, budde berre kort tid på Stårheim, og styrte elles handelen frå Bergen. Jung Johan fekk etter kvart økonomiske problem og måtte pantsetje det meste som han eigde - også Stårheimsvik.

Mange eigarskifte

I 1750 overtok Ola Olson Vidsteen handelsstaden og gardsbruket som høyrde til. Garden pakta han bort, medan heldt sjølv til i "Rochlengehuset" nede ved stranda. Her dreiv han handel til han døydde i 1767. Enkja Ingeborg dreiv til 1770, då svigersonen Henrik N. Tonning tok over og dreiv saman med ektemaken Kristine Marie Vidsteen fram til 1782. Då tok sonen deira, Ola Andreas Vidsteen over, men måtte etter kort tid la Stårheimsvik gå til tvangsauksjon. Han makta noko seinare å løyse inn att eigedomen med pengestøtte frå ei velhalden svigermor, og greidde å drive til 1808.

Låg nede frå 1829

Men då gav han opp og selde handelsstaden til Martin Gørbitz, som to år seinare selde vidare til Harald Jonsson. Etter endå eit par eigarskifte, fekk Endre Gulbrandson i 1811 løyve til å drive vertshus og truleg også handel i Stårheimsvik, men frå 1829 til kring 1860 let det til at verksemda i Stårheimsvik låg nede.

Ny handel frå 1860

I 1860 fekk så hordalendingen Holger Oliver Borge handelsløyve i Stårheimsvik. I 1877 selde han eigedomen til Rasmus D. Halvorsen frå Tippa i grannebygda Haugen: Halvorsen bygde opp ei blømande forretning både i Stårheimsvik og i Vågsvåg - sjå: Industri og næring i Vågsøy.

Brennevinssal

Nikolai Jung Johan (sjå ovanfor) er også registrert som handelsmann og brennevinsseljar på garden Starheim på austsida av elva kring år 1700. I 1713 selde han denne til løytnant Hans Poulson Glad, men kjøpte seg tilbake til Stårheim i 1726 og dreiv handel og skjenkestove på Starheim til han døydde i 1728. Også Hans Poulson Glad sin son Johannes Glad dreiv handel på Starheim - truleg fram til han selde huset i 1733. Dette huset låg ved fjæra ca. 100 meter aust for elveosen på Stårheim. Seinare vart huset flytta opp til riksvegen ved kyrkja og nytta til handelen som først vart driven av Lisbeth Hunskår og seinare Birger Sørland. Huset står framleis i noko ombygd form.

Meir om Stårheim:
· Stårheimsætta


MEIR OM EID 
Eid kommune

 
Aviser og media i Eid
Historia i Eid
Industri og næring i Eid
Kjende personar i Eid
Kommunehistoria i Eid
Krigshistoria i Eid
Kyrkjer i Eid
Samferdsle i Eid
Skular i Eid
Verd å sjå i Eid

 
Video frå Eid
Lyd frå Eid
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no