|
(Foto: Arild Nybø, NRK 2001) |
heilt fram til 1. verdskrig var det vanleg at fehandlarar, særleg frå Røneid i Luster, Årdal, Lærdal og Aurland i Sogn, kjøpte opp krøter m.a. i Nordfjord og på Sunnmøre som dei dreiv over til Austlandet og selde dei der.
I den tida sjøen og fjorden var viktigaste ferdsleveg, låg ferjebygda Lote lagleg til når ferdafolk reiste inn og ut etter Nordfjorden.
Stigedalsvegen, som den vert kalla på folkemunne, var ferdig frå Hjelle til Straumshamn i 1932.
Heggjadalsvegen
frå Heggjabygda ved Hornindalsvatnet og til Austefjorden i Volda var ferdig i 1963. Anlegget vart starta som bureisingsveg på 1930-talet, og seinare vart anlegget for det meste finansiert ved sysselsetjingsmidlar.
Lotetunnelen
(2800 meter) vart opna for vanleg trafikk i 1966. På den tida var Lotetunnelen ein av dei lengste vegtunnelane i landet. Sprenginga starta i 1958 med gjennomslag i 1965, og bygdefolket på Lote fekk lov til å nytte den for lokal trafikk også før den var fullt utrusta og ferdigstilt. Fyllmasse frå anlegget vart nytta til stor utfylling og bygging av Sjøgata på Nordfjordeid.
På sørsida av fjorden var det lenge strid om ferjeleiet skulle byggjast på Kviteneset ved Hestenesøyra eller på Anda. Stortinget vedtok i 1966 å byggje ferjeleiet på Anda, men gjekk samstundes inn for å ta opp veganlegget Sande-Hestenesøyra-Hyen som riksveganlegg.
Bygdevegar på sørsida
Bygdevegen på sørsida av Eidsfjorden heilt fram til Torheim på sørsida vart opna i 1967. Vegen mellom Hundeide og Torheim vart bygd i etappar: Sørland fekk vegsamband austover midt på 1950-talet og Hamnes kring 1960, og i 1967 kunne ein køyre heilt til Torheim. Vegen frå Hundeide til Hunvik over Hunvikskaret vart opna som bilveg tidleg på 1980-talet, men då hadde vegen vorte bygd i fleire etappar, m.a. med hjelp frå ei pengeinnsamling som vart stelt i stand gjennom lokalavisa ”Fjordabladet”.
Vegen mellom Lote og Hennebygda vart opna i 1980, og i 1981 vart skuleborna frå Hennebygda førde over til barne- og ungdomsskulane på Nordfjordeid.
Alt i juni 1975 starta Nordfjord og Sunnmøre Billag i samarbeid med Ottadalen Kommunale Billag og NSB den første ekspressbussruta frå Nordfjord til Oslo.
Fram til 1964 var Statens Vegvesen organisert med avdelingskontor med eigen overingeniør og planavdeling for Nordfjord på Nordfjordeid.
Hundeide fekk postopneri i 1841 i samband med at det vart starta ei ny ”bipostrute” som kom frå Redbakken i Breim og ut til Ryssfjæra.
Flyplassplanar
I kampen om lokalisering av ein småflyplass for Nordfjord tidleg på 1970-talet, vart Bjørlomona ca. 5 km aust for Nordfjordeid vurdert saman med Markane i Stryn. Valet fall på Anda i Gloppen, då
John A. Austrheim var samferdsleminister.