SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogn og Fjordane:

Sorenskrivarar og domstolar i Sogn og Fjordane

Sorenskrivar Bjarte Eikeset i Fjordane Tingrett. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Sorenskrivar Bjarte Eikeset i Fjordane Tingrett. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Sorenskrivaren med Tingretten (tidlegare kalla Heradsretten) er første domsinstans i det norske rettssystemet. Over finn vi Lagmannsretten og Høgsterett.

Publisert 18.12.2002 14:10. Oppdatert 07.02.2006 14:50.
FAKTA: Sorenskrivar
  • Sorenskrivarinstitusjonen i Noreg vart skipa ved eit kongebrev i 1591, og vidare utforma ved eit nytt kongebrev i 1634. Namnet er ei utleiing av det opphavelege "edsvoren skrivar".
  • Sorenskrivaren og hans tingrettsdommarar dømmer i både straffesaker og dei fleste sivile saker. Tingrettane utfører også i funksjonen som notarius publicus (rettssikring av dokument og avtalar), m.a. borgarlege vigsler. I Sogn og Fjordane dekkjer Fjordane Tingrett i Førde ytre Sogn og Fjordane, medan Sogn Tingrett i Sogndal dekkjer indre Sogn.

    Bygdeting og lagting

    Tinglaga i Noreg var opphaveleg ein rettskrins som sokna til eit bygdeting. Grensene for tinglaga var oftast identiske med grensene for skipreida – les meir om desse under artiklane om Det norske forsvaret. Då sorenskrivarembeta vart skipa på slutten av 1500-talet, vart dei knytte til bygdetinga. Byfogdane (byfutane) hadde same status i høve tinga i byane – bytinga.
    Over bygdetinga stod dei store landsdelstinga – for Sogn og Fjordane sin del Gulatinget, som var appelldomstol for bygdetinga.

    Frå herredag til stiftsoverrett

    ”Herredagen” var den høgste domstolen i Noreg i store delar av dansketida. Den vart også kalla ”rettartinget”. Herredagen vart avløyst av ein Høgsterett i Danmark 1661 i samband med innføringa av eineveldet. I Noreg vart denne dansk-norske høgsteretten frå 1666 den øvste retten i eit firetrinns rettsvesen, som sett nedanfrå var slik: Sorenskrivar (byfut for byane), lagmann (rådstuerett for byane), ein norsk overhoffrett, og på toppen den felles dansk-norske høgsteretten. I 1797 vart ankesystemet forenkla: I staden for overhoffrett og lagting( rådstuerett) fekk ein fire såkalla stiftsoverrettar. Vestlandet sokna til stiftsoverretten i Bergen. Denne rettsordninga heldt seg heilt fram til 1815, då den norske Høgsterett vart formelt skipa.

    - Les om Gulatinget og dei eldste rettsordningane i eigne artiklar – sjå Gulen kommune.

    - Les elles om den spesielle rettsordninga – Birkeretten - som galdt for Svanøy-godset.

    Forhøyrsrettane

    I 1887 fekk landet ei ny straffeprosesslov. Etter denne skulle førsteinstans for mindre straffesaker vere forhøyrsretten, medan lagmannsretten med jury skulle dømme i alvorlege straffesaker. Frå 1936 avløyste lagmannsretten den tidlegare overretten også som ankeinstans for sivile saker.
    I dag er Noreg delt i seks lagdøme, der Sogn og Fjordane soknar til Gulating lagmannsrett i Bergen. Kvart lagdøme er delt inn i fleire såkalla lagsokn – d.v.s. rettskrinsar.

    Då den eldgamle ordninga med futar og futedøme (fogderi) vart oppheva i 1894, gjekk ein del av funksjonane som futane hadde hatt over til sorenskrivarkontora. For Sogn og Fjordane skjedde denne ”overleveringa” først i 1898.

    Sorenskrivarar sidan 1591

    Sorenskrivarinstitusjonen i Noreg vart skipa ved eit kongebrev i 1591, og vidare utforma ved eit nytt kongebrev i 1634. Namnet er ei utleiing av det opphavelege "edsvoren skrivar".
    Ei anna gamal nemning for sorenskrivardistrikta var domssokn.

    Sorenskrivardistrikta i Sogn og Fjordane har skifta mykje gjennom tida, og sorenskrivarane har i eldre tider hatt bustad i mange bygder i fylket.
    I samband med at Sogn futedøme vart delt i 1630, vart Sogn delt i to sorenskrivarembete.
    I samband med at Nordfjord og Sunnfjord vart samla til eitt futedøme i 1710, fekk Nordfjord og Sunnfjord kvar sin sorenskrivar.

    Sorenskrivaren i Nordfjord budde for det meste på garden Apalset i Gloppen fram til 1700, då sorenskrivar Peder Clausøn Paust kjøpte garden Leikvin på Løkja i Eid og busette seg der. Eit unntak var tida mellom 1634 og 1637 då sorenskrivar Mauritz Jensen (vart seinare fut i Nordfjord) valde å bu i Innvik.
    Sorenskrivaren budde også på garden Skårhaug ca. 1803–1810 på Nordfjordeid, ein kort periode ca. 1810–1813 på ”gamlegarden” Apalset i Gloppen, deretter Setre på Hundeide i Eid ca. 1813–ca. 1824, for til sist å kome tilbake til Leikvin for å bu der fram til 1957, då det vart bygd kombinert kontor og embetsbustad for sorenskrivaren på prestegarden på Mel på Nordfjordeid.

    Sorenskrivar-gardar i Dale og Førde

    I Sunnfjord budde sorenskrivarane truleg i nærleiken av futegarden på Fure den første tida, men har sidan budd både i Sørbøvåg i Hyllestad og frå 1649 på Yksnebjør i Dale. Utover 1700-talet og til 1852 veksla bustaden litt mellom Skei i Førde og gardane Ysknebjør, Dale og Tysse i Fjaler kommune. Sidan 1852 har embetssetet vore fast i Førde, med sorenskrivargard på Skei. På 1970-talet bugde Statetn ny tenestebsuatd for sorenskrivaren i Førde, men denne vart seld på 1980-talet.
    - Les også meir under Flora kommune om den spesielle "birkeretten" som fylgde med Svanøy-godset, og om birkedomarordninga som var i funksjon i Delar av Sunnfjord heilt fram til 1821.

    Sorenskrivarane i Sogn

    I samband med at Sogn futedøme vart delt i 1630, vart Sogn delt i to sorenskrivarembete. Dei eldste kjende tingbøkene for Indre Sogn sorenskrivarembete er frå 1648, og for Ytre Sogn sorenskrivarembete frå 1658.
    I indre Sogn er det kjent at det har budd sorenskrivarar på garden Talle i Luster, i Solvorn, på Loftesnes i Sogndal, Systrond, og til sist med sorenskrivarsete i regionsenteret Sogndal.
    I ytre Sogn har sorenskrivaren budd på garden Sande i Balestrand, i Fresvik (fordi delinga mellom indre og ytre sorenskrivardistrikt på sørsida av Sognefjorden gjekk ved Frønningen), Lovisendal i Brekke, og i Høyanger.

    Frå fire sorenskrivarar til to tingrettar

    Etter omskiping av domstolane i år 2001, vart Førde bygd ut til ein tingrett som m.a. femner om alle kommunane i Nordfjord og Sunnfjord, og kommunane Høyanger, Hyllestad og Solund i ytre Sogn. Gulen kommune vart ved omskipinga lagt under sorenskrivaren i Nordhordaland Tingrett med kontorstad i Bergen.
    Indre Sogn fekk framleis halde på sin eigen Sogn Tingrett med kontor og sorenskrivar i Sogndal. Sogn Tingrett dekkjer Sogne-kommunane frå og med Balestrand og Vik og austover.

    Fjordane Tingrett

    Domstolen i Førde har fått namnet Fjordane Tingrett, og var i funksjon frå og med 2005. Sorenskrivar Bjarte Eikeset er utnemnd som første leiar for den nyskipa tingretten.
    - Les meir om dette under Førde kommune - Sorenskrivaren i Sunnfjord.

    Tingretten sentral i det lokale rettsvesenet

    Frå 2003 vart det gjort store endringar som ryddar opp i eit temmeleg forvirrande landskap av lokale rettsordningar:
    Alle saker skal heretter handsamast av tingretten som første domsinstans. Det vil seie at dei gamle omgrepa forhøyrsrett, namsrett, skifterett, skjønsrett og verjemålsrett er borte. No er alt dette samla under omgrepet ”tingrett”. Dette er gjort fordi ein ynskjer at det lokale rettsvesenet skal framstå enkelt og tydeleg, for ikkje skape forvirring for folk flest.
    Tingretten er førsteinstans i straffesaker – også for svært alvorlege brotsverk som t.d. drap som tidlegare gjekk direkte til lagmannsretten.
    Tingretten er samstundes første domsinstans i sivile saker. Desse kan først ha vorte handsama i forliksrådet.
    Frå 2004 er ansvaret for tinglysingssaker overført frå sorenskrivarkontora til fylkeskartkontora til Statens Kartverk (sjå Statens Kartverk i Sogn og Fjordane).
    (Omgrepet ”lensmannsskjøn” finst framleis i ein del sivile tvistesaker som t.d. eigedomstvistar. Men også lensmannsskjønet sorterer under tingretten, sjølv om det vert administrert av ein lokal lensmann. Eit lensmannsskjøn kan overprøvast av tingretten som domstol, og då vert det kalla overskjøn. Dette rettslege skjønet kan så ankast vidare frå Tingretten til Lagsmannsretten, og derfrå til Høgsterett).




    MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
    Sogn og Fjordane fylke
    Fakta om Sogn og Fjordane

     
    Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
    Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
    Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

     
    Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
    Video frå Sogn og Fjordane fylke
    SE OGSÅ

    Finn fram i Fylkesleksikonet!
    Vel ein kommune:
    Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
    Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
    SØK I LEKSIKONET
    Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
    ABCDEFGHIJKLMNO
    PQRSTUVWXYZÆØÅ
    Informasjon
     
    SØK I FYLKESLEKSIKONET
    Informasjon
    ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
    Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
    Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

    Harald Hårfagre var sogning

    Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

    Slaget i Sildagapet i 1810

    Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

    Då fiskedampskipa stakk til havs

    Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

    Nydyrkingskommunen Jølster

    Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

    Ei mellomalderkyrkje langt til havs

    I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

    Sjalu tenestejente drap gardkona

    Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

    Få nazistar i Sogn og Fjordane

    Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

    Den heimekjære amtmannen

    I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
    Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no