SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane


Publisert 17.12.2002 15:04. Oppdatert 20.04.2006 13:38.

Aetat - Arbeidsformidlinga

har hovudadministrasjon i Statens Hus på Leikanger.

Arbeidstilsynet

Det første tilsynet på norske arbeidsplassar for å sikre betre arbeidsvilkår og tryggleik for dei tilsette kom i 1892.

Den norske kyrkja - Statskyrkja

Sogn og Fjordane tilhøyrer Bjørgvin bispedøme. Dette har vore namnet på bispedømet heilt frå 1170.

Det norske forsvaret

Fjordane infanteriregiment nr 10 – IR 10 vart skipa i 1628 då kong Christian IV den 18. januar utferda ein ”Krigsordinans” om oppbygging av ein legdshær i Noreg.

Fiskeridirektoratet - Region Vest

Sogn og Fjordane fekk eigen fiskerisjef i 1972 med kontor i Måløy.

Forbrukarkontoret for Sogn og Fjordane

skipa 1974 med Leif Rygg som første leiar.

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane

skal føre kontroll og tilsyn med alle helsetenester og helsepersonell i fylket.

Fylkestannlegen i Sogn og Fjordane

I 1950 kom lova om folketannrøkt som gav born og unge opp til 18 år rett til fri tannpleie. Lova påla norske bykommunar å byggje ut fullverdig folketannrøkt straks, medan landkommunar vart stilte noko friare dei første åra.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i dag

· Amtmenn og fylkesmenn i Sogn og Fjordane
Staten sin øvste representant i fylket.

Gulating jordskifteoverrett

- sjå Jordskifteverket.

Helse Vest

I 2002 overtok Staten ansvaret for sjukehusdrifta, og dei fylkeskommunale sjukehusa i Sogn og Fjordane gjekk inn i Helse Vest helseføretak, med Helse Førde som regionalt helseføretak i Sogn og Fjordane.

Hjelpemiddelsentralen

- sjå Trygdeetaten.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

- Sjå elles Ingeniørhøgskulen i Førde og Sjukepleiarhøgskulen i Førde.

Jordskifteverket

Fylkesjordskiftesjefen er plassert i Førde, og fungerer som administrativ overbygning for jordskifterettane i fylket.

Landbruksavdelinga

hjå Fylkesmannen. Opphaveleg Sogn og Fjordane fylkeslandbrukskontor skipa i Førde 1955 med Rasmus Nordbø som første leiar. Per Ingolv Nygård er noverande landbruksdirektør.

Lotteritilsynet

Statens Lotteritilsyn skipa i 2001 i Førde med Atle Hamar som leiar. Skal ha oppsynet med all speleverksemd i lotteri, automatar m.m. i heile landet.

Internett-portalen "Noreg.no"

Startside på internett for offentleg informasjon og tenester.

Norges Vassdrags- og Energidirektorat

Kontoret har ansvaret for m.a. elveforbygging, damsikring, landskap- og miljøvern kring vassdrag i fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Næringsmiddeltilsynet

- sjå Statens Mattilsyn.

Skuleadministrasjonen i Sogn og Fjordane

har tilsynsansvaret for grunnskulen i heile fylket, og er samarbeidspart for alle andre utdanningsinstitusjonar til og med høgskulenivået.

Sogn og Fjordane fylkesskattekontor

fastset m.a. avgifter, og held tilsyn med likningsvesenet kringom i kommunane.

Sogn og Fjordane politidistrikt

Hovudkontoret for politidistrikt Sogn og Fjordane ligg i Florø.

Sogn og Fjordane skattefutkontor

Dei viktigaste oppgåvene er innkrevjing av statlege avgifter, og å vere løns- og rekneskapssentral for statlege institusjonar i fylket.

Sorenskrivarar og domstolar i Sogn og Fjordane

Sorenskrivaren med Tingretten (tidlegare kalla Heradsretten) er første domsinstans i det norske rettssystemet.

Konfliktrådet i Sogn og Fjordane

vart skipa i 1993 og har kontor i Førde.

Fjordane Tingrett

- sjå artikkelen Sorenskrivarar og domstolar over.

Sogn Tingrett

– sjå artikkelen Sorenskrivarar og domstolar over.

– sjå Førde kommune.

Sogn og Fjordane Politidistrikt

- sjå Flora kommune.

Tollvesenet

- sjå Flora kommune.


Statens Dyrehelsetilsyn og veterinærtenesta

Sogn og Fjordane er frå og med 2003 delt i tre veterinærdistrikt: Nordfjord, Sunnfjord og ytre Sogn, og midtre og indre Sogn.

Statens Kartverk i Sogn og Fjordane

Starta som såkalla "fylkeskartkontor" i 1977, med kontorstad Leikanger.

Statens forskingsstasjonar for frukt og plantar

· Statens forsøksstasjon for frukt på Njøs
· Forsøksgarden på Fureneset

Statens Mattilsyn

har frå 2004 ansvar for tilsyn med all produksjon og sal av mat.

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND)

Staten sitt viktigaste organ for næringsfinansiering.

Statens Vegvesen i Sogn og Fjordane

har ansvaret for riks- og fylkesvegnettet og tilsyn med køyretøy og trafikantar. Etaten har også ansvar for å oppretthalde tilbodet om riksvegferjer.

Tollvesenet

Den første tollstasjonen i Sogn og Fjordane vart skipa i Florø i 1862. I 1960 vart Måløy utskilt som eigen tollstad.

Trygdeetaten

i Sogn og Fjordane - og rekneskapssentral for heile den norske trygdeetaten.

NAV – Ny Arbeids og Velferdsforvaltning

Frå 1. juli 2006 vart dei statlege tenestene Arbeidsformidlinga – tidlegare kalla AETAT - og trygdeetaten slegne saman til Ny Arbeids og Velferdsforvaltning – forkorta til NAV.

MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no