SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Landbrukshistoria i Sogn og Fjordane:

Nydyrking og bureising

Pløgjing av potetåker på Årdalstangen. Foto utlånt frå Årdal Sogelag.
Pløgjing av potetåker på Årdalstangen. Foto utlånt frå Årdal Sogelag.
Heilt frå Opplysningstida på 1700-talet premierte Det Nyttige Selskab i Bergen og liknande ”utviklingsselskap” nydyrking og bureising:

Publisert 20.01.2006 08:52. Oppdatert 02.02.2007 11:13.


Auke av det norske jordbruksarealet vart ei av dei viktige oppgåvene for Det Kgl. Selskab for Norges Vel (sjå under Dei første landbruksorganisasjonane) då det vart skipa i 1809.

Alt på midten av 1800-talet vart det første myrdyrkingslaget skipa her i landet då Romsdals Myrdyrkingsselskap vart skipa i 1856. I 1896 vart Bergens Myrdyrkingsforening skipa, og arbeidde i hovudsak for dyrking av myrområde i Hordaland fylke. Det er ukjent om dette laget engasjerte seg i myrdyrking i Sogn og Fjordane.

Ny Jord-pionérane frå Sunnfjord

Det norske myrselskap var ein landsomfemnande organisasjon som vart skipa i 1902, og myrselskapet kom saman med Selskapet Ny Jord, som vart skipa i 1908, til å spele ein sentral rolle i nydyrkinga her til lands. Ny Jord satsa frå 1912 m.a. på innkjøp av store, dyrkbare utmarksvidder som dei parsellerte ut til pionérar som ville rydde og dyrke.

Mest kjende i Sør-Noreg er Ny Jord-felta ved Hustadvika i Møre og Romsdal, der brørne Randulf Gjelsvik og Eystein Gjelsvik frå Gjelsvik i Sunnfjord gjorde ein pionérinnsats både som nydyrkarar og feltstyrarar. Bureisaren Randulf Gjelsvik dyrka sjølv opp ein kjempegard på 400 dekar på Farstad og hadde mange tenestefolk. Også Ole J. Fedje frå Feios og Harald Håland frå Kyrkjebø i Høyanger kommune reiste til Hustad og vart nydyrkarar.
Nydyrking med hjelp av stubbebrytar på Kvennhushåjen i Hornindal

Sogn og Fjordane banebrytande for jorddyrkinga

Men det vart etter kvart tydeleg at det gamle premieringssystemet, lån frå jorddyrkingsfondet og liknande tiltak vart for puslete om ein skulle få retteleg fart på nydyrkinga i landet. I 1908 gjorde difor styret i Nordre Bergenhus amts landhusholdningsselskap (fylkeslandsbruksstyret) framlegg om direkte statstilskot til nydyrking. Dette var eit epokegjerande framlegg som kravde store, årlege løyvingar over statsbudsjettet.
Det var ein av dei fremste landbrukspolitikarane i Noreg på den tida som var arkitekten bak framlegget: Anfin Anfinson Øen var styreformann i landhusholdningsselskapet då denne saka vart fremja, og Øen kom elles til å spele ein sentral rolle ved skipinga av både Vestlandske Felleskjøp og Vestlandske Salslag.

Søkte om 3000 kroner og fekk det til slutt

Nordre Bergenhus amts landhusholdningsselskap bad i første omgang om ei statsløyving på 3000 kroner som dei kunne fordele. Fylkesmannen støtta kravet om at løyvingar til nydyrking måtte kome inn på statsbudsjettet, og gav saka ein ekstra dytt med å orde frampå om at fylket då kunne løyve ein tilsvarande sum. Men Landbruksdepartementet møtte dette banebrytande framlegget med skepsis og skar ned til 1000 kroner. Men i Stortinget snudde det: Landbrukskomitéen såg tvert imot på framlegget frå Sogn og Fjordane som ein framifrå måte å få fart på nydyrkinga på. Det enda med at Stortinget løyvde 3000 kroner slik det vart søkt om, og utan ordskifte.
Vedtaket danna presendens, og dermed hadde Sogn og Fjordane fått gjennom ei sak som kom til å få avgjerande verknad for den nydyrkingsbylgja som voks i åra som fylgde. Nydyrkinga vart særleg viktig i ”sjølvbergingsåra” under 1. verdskrig og som sysselsetjingstiltak gjennom dei økonomiske uåra i mellomkrigstida.

Jølster den store nydyrkingskommunen

I perioden frå 1922 til 1955 vart det løyvd tilskot til i alt 623 bureisingsbruk i Sogn og Fjordane. Selskapet Ny Jord spela ei aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i fylket. I Sogn og Fjordane merkjer Jølster seg ut som den store bureisingskommunen med i alt 57 bureisingsbruk i tida frå 1922 til 1955. I alt vart det i denne kommunen fulldyrka 8122 dekar på eksisterande bruk og bureisingsbruk.
Jølster låg dermed klårt føre dei neste på lista: Gaular med 7335 dekar, Førde med 6360 dekar og Hafslo med 6218 dekar.
I tillegg til Jølster, Gaular og Førde var det også stor bureisingsaktivitet i dei andre Sunnfjord-kommunane i mellomkrigstida. Jamvel i kystkommunane Kinn og Askvoll vart det rydda mange nye bruk i denne tida.

I Nordfjord toppar kommunane Selje og Hornindal, og dessutan bygdene i den tidlegare Innvik kommune i indre Nordfjord.

Bygdene Hafslo, Jostedal og Luster merkjer seg klårt ut som dei viktigaste bureisingsbygdene i indre Sogn. Elles vert det i desse åra rydda mange nye bruk i bygdene kring Lavik.
– Sjå elles artiklane:
Bureisinga i Dvergsdalsdalen – Jølster kommune.
Bureisinga i Gaular – Gaular kommune.
Nydyrking i mellomkrigstida – Luster kommune.



MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no