|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Eid kommune: Kommunehistoria i Eid | Eid rådhus vart bygd i 1965. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003) |
Frå innføringa av formannskapslovene i 1837 til 1863 var Eid og Hornindal ein kommune. Første ordførar i Eid var sokneprest Johan Herman Lie (1838-1841 og 1844-1851). Publisert 16.07.2001 09:20. Oppdatert 17.11.2006 12:08.Kommunedeling i 1863 Etter kommunedelinga i 1863 gjekk den austlege grensa til Eid ved Skaugset på sørsida av Hornindalsvatnet og ved Åsebø på nordsida av vatnet. I vest grensa Eid mot tidlegare Davik kommune på Reksnes og ved Hammeneset.
Ny regulering i 1964Ved kommunereguleringa i 1964 vart nabokommunane Davik og Hornindal avvikla (Hornindal mellombels). Frå Davik fekk Eid kommune bygdene på nordsida av fjorden: Lefdal, Haus, Ervik, Kjølsdalen og Reksnes, og på sørsida Torheim. Frå Hornindal fekk Eid bygdene Skrede og Holmøyane på sørsida av Hornindalsvatnet, og Heggjabygda og Navelsaker på nordsida av vatnet.
Lote og Hennebygda til Eid i 1992I 1992 vart bygdene Lote og Hennebygda overførte frå Gloppen kommune til Eid.
| Kommunehuset som brann ned i 1972. |
Rådhus bygd i 1965I 1900 bygde Eid kommune kombinert ”rådhus” og skulehus for Fjordane Fylkesskule på Myklebust. Til då hadde fylkesskulen (amtsskulen) ambulert mellom Vereide, Innvik og Florø. Rådhuset, som hadde namnet Tingvoll, og som også hadde tent som forsamlinghus for bygda, brann ned i 1972. Eid kommune bygde i 1965 nytt rådhus i Nordfjordeid sentrum.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|