SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Skular i Eid

Eid vidaregåande skule vert driven av Sogn og Fjordane fylkeskommune. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Eid vidaregåande skule vert driven av Sogn og Fjordane fylkeskommune. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Publisert 01.03.2001 15:41. Oppdatert 17.11.2006 12:05.

Folkeskulen i Eid

Den første skuleordninga for folkeskule i Eid vart organisert ved den såkalla "skulefundasen" i 1743.

Holmøy Arbeidsskule

skipa i 1858. Første arbeidskulen/snekkarskulen i sitt slag i Skandinavia.

Fjordane folkehøgskule

Fjordane Folkehøgskule er rekna som vidareføringa av Fjordenes Amtsskule. Skulen driv i dag m.a. med sirkus-utdanning, og om somrane vert det arrangert samlingar for symfonikarar. Friluftsliv er er av dei viktige linene ved skulen.
Eids kommunehus, der Fjordane Folkehøgskule heldt til fram til brannen i 1972

Eid Middelskole

(realskule) vart skipa i 1891 av krigskomissær John Myklebust . Rasmus Torvik (1877–1950) og Jac. Jacobsen (1912–2005) hadde kvar mange år som rektorar ved skulen. Vart seinare kommunal toårig realskule, som i 1970 vart avløyst av ungdomsskulen.

Eids gymnas, to-årig

Skipa i 1922 etter m.a. initiativ frå krigskommissær John Myklebust . På 1970-talet gjekk gymnaset inn i Eid vidaregåande skule.

Eids Gymnas

- sjå Eids gymnas, to-årig.

G. Kragseths Handelsskole

vart skipa i 1932 av Georg Kragseth som dreiv skulen som privatskule i eigne lokale på Mel fram til 1966.

Skogrekruttskule

I 1939 skipa Forsvaret til såkalla skogrekruttskule på Nordfjordeid. Dette var vernepliktige soldatar som m.a. vart sette til skogplanting i Nordfjord-bygdene. Rekruttane bygde også vegar - m.a. Kjørstad bru på kommunevegen gjennom Hjelmelandsdalen.

IR-10

Eksersisplassen på Nordfjordeid, tilhøyrande IR-10, vart det i bolkar drive utdanning/trening av underoffiserar.
Under 2. verdskrig dreiv tyskarane også ei tid utdanning av underoffiserar i leiren sin på Nordfjordeid. Sjå også skogrekruttskulen ovanfor.

Eid Handelsskule

frå 1965 - sjå G. Kragseths Handelsskole ovanfor.

Eid Yrkesskule

vart skipa i 1972 då faglinene frå Holmøy Arbeidsskule vart flytta til Nordfjordeid under nemninga Eid yrkesskuleklassar. Namnet vart seinare endra til Eid yrkesskule. I 1992 vart yrkesskulen ein del av Eid v.g. skule.

Eid vidaregåande skule

Fylkeskommunal skule, vidareføring av Eids Gymnas og Eid Handelsskule - sjå ovanfor og Eids gymnas, to-årig.

Dagens skular:

Kjølsdalen skule (1.-7. kl.) 59 elevar
Stårheim skule (1.-7. kl.) 85 elevar
Haugen skule (1.-7. kl.) 82 elevar
Nordfjordeid skule (1.-7. kl.) 315 elevar
Hjelle skule (1.-7. kl.) 83 elevar
Eid ungdomsskule (8.-10. kl.) 262 elevar
Hjelle skule ved opninga i 1925. Her var det skule til 1968, då det vart bygd ny skule i Mogrenda.



MEIR OM EID 
Eid kommune

 
Aviser og media i Eid
Historia i Eid
Industri og næring i Eid
Kjende personar i Eid
Kommunehistoria i Eid
Krigshistoria i Eid
Kyrkjer i Eid
Samferdsle i Eid
Skular i Eid
Verd å sjå i Eid

 
Video frå Eid
Lyd frå Eid
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no