Med unntak av åra 1629–1641, 1646–1653 og krigsåra 1940–1945, har hærordninga som omfattar IR 10 vore i drift heilt til regimentet vart lagt ned i 1995. Då vart det erstatta med det nyskipa Fjordane regiment.
Dei første soldatane frå Sogn og Fjordane som kom opp i krigshandlingar med det tyske overfallet på Noreg den 9. april 1940, var matrosar på panserskipa ”Eidsvold” og ”Norge” som vart senka utanfor Narvik.
Den norske marinen hadde frå 12. april 1940 Kviknes Hotell i Balestrand som kommandosentral.
2. verdskrig 1939-1945 kosta til saman 283 fjordingar og sogningar livet.
Ein sentral lekk i det nye norske forsvaret etter krigen var skipinga av Heimevernet i 1946.
I sju etterkrigsår - frå 1947 til 1953 - stilte Noreg med ein heil brigade soldatar som vaktstyrke i Tyskland – den såkalla Tysklandsbrigaden.
Den mest ”krigerske” hendinga i Sogn og Fjordane etter 2. verdskrig var då det i 1972 vart sett i gang ei stor jakt etter det som ein meinte var ein fiendtleg ubåt i Sognefjorden.
Fjordane regiment
– sjå
Fjordane infanteriregiment nr 10 – IR 10 .
Sivilforsvaret høyrer inn under Justis- og politidepartementet og vart først organisert etter ei lov frå 1953.