SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samleside: ULUKKER I SOGN OG FJORDANE
Historia i Bremanger og Eid:

Forliset med emigrantskipet «Norge»

Det er 100 år sidan ei av dei største sjøulukkene i nordisk historie, då det danske utvandrarskipet D/S «Norge» forliste ved sjøklippa Rock All i Atlanterhavet. 635 menneske omkom, blant dei åtte frå Sogn og Fjordane.

Historia i Luster:

Ulukker i Luster

Oversynet nedanfor tek berre med ulukker med fleire omkomne, eller ulukker under særskilde omstende:

Historia i Luster:

Storflaumen i Jostedalen i 1979

Natta til 15. august 1979 gjorde elveflaum og ras store skadar i Jostedalen. Det var eit sterkt lokalt regnvêr kombinert med varm fønvind som førte til sterk snø- og bresmelting som var årsaka til flaumen.

Historia i Sogndal:

Ulukker i Sogndal

I dette oversynet er berre ulukker med to eller fleire omkomne, og ulukker under særskilde omstende, tekne med.

Historia i Leikanger:

Ulukker i Leikanger

I 1684 drukna soknepresten Jens Bugge på veg frå Fresvik til Leikanger. I 1784 brann ein stor del av gardshusa på Eggum ned...

Historia i Gulen:

Berga tre i redningsdåd

I 1803 kollsigla to menn og ein ungut på Sognefjorden, dreiv opp under Skrikeberget ved Instefjord og vart berga.

Historia i Gulen:

To dåpsfylgje drukna same år

I februar 1763 drukna fem menneske - eit dåpsbarn, faren til barnet, ei kvinne og to menn. Alle kom frå garden Grinde ved Eidsfjorden, og var på veg til kyrkja i Eivindvik då båten kollsigla.

Historia i Gulen:

Dåpsfylgje på ni drukna

Den 22. mars 1863 drukna ni menneske frå gardane Dale og Lund ved Dalsøyra på veg til barnedåp i Eivindvik. Ulukka bar til ved Storholmen like framfor garden Kjellevoll.

Historia i Gulen:

Ras på Krossvoll

Garden Krossvoll på Oppdalsøyra har fleire gonger vorte råka av ras.

Historia i Gulen:

Nedbørsrekordar og naturskade

Sjølv om Matre i grannekommunen Masfjorden kan skilte med norsk nedbørsrekord, ligg ikkje Gulen langt etter: I 1995 vart det målt 184,6 millimeter nedbør på eitt døgn på målestasjonen på Takle.

FLERE SAKER
Ulukker i Gulen (18.10.2002)
Sea Cat-ulukka (18.10.2002)
Postførarar drukna (16.10.2002)
Skredskadar på Lee (02.08.2002)
Ulukker i Vik (25.07.2002)
Ulukker i Jølster (20.08.2001)

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no