|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Sogn og Fjordane: Den norske kyrkja - Statskyrkja | Brekke kyrkje i Gulen vart bygt i 1862. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Den norske kyrkja er namnet på statskyrkja, der prestane er tilsette og løna av Staten. Sogn og Fjordane tilhøyrer Bjørgvin bispedøme. Dette har vore namnet på bispedømet heilt frå 1170, då det heilage skrinet som skulle innhalde leivningane etter den heilage St. Sunniva, vart flytta frå Selje kloster til Bergen. St. Sunniva var Bergen og Bjørgvin sin skytshelgen. Publisert 18.12.2002 10:52. Oppdatert 20.12.2002 09:23. | Hopperstad stvakyrkje i Vik var fjordungskyrkje og sokne-kyrkje. (Foto: A. Nybø, NRK) |
I mellomalderen fanst det i alt 92 kyrkjer i fylket. 24 kyrkjer og kapell i Nordfjord, 21 i Sunnfjord, 35 i indre Sogn og 12 i ytre Sogn.
Svartedauden fekk også store konsekvensar for kyrkjebygningane. Dei kom i sterkt forfall, og mange vart totalt øydelagde. Men etter reformasjonen i 1536 kom det fart i kyrkjebygginga att.
| Vereide kyrkje er einaste steinkyrkja i Nordfjord som framleis er i vanleg bruk. (Foto: S.M. Os, NRK) |
Alle steinkyrkjene i Sogn står framleis. I Nordfjord står den einaste registrerte steinkyrkja, utanom Albanuskyrkja på Selja, framleis ved den gamle riksvegen på Vereide i Gloppen. Frå mellomalderen står elles mange stavkyrkjer.
I dag omfattar Bjørgvin bispedøme fylka Sogn og Fjordane og Hordaland. Men fram til 1983, då Møre og Romsdal vart eige bispedøme, var også Sunnmøre med.
I Sogn og Fjordane er fylket delt inn i fire prosti: Nordfjord, Sunnfjord, ytre Sogn og indre Sogn. I Sogn og Fjordane er det i 2002 119 kyrkjer som tilhøyrer den norske kyrkja. Dei er fordelte på i alt 88 kyrkjesokn.
- kronologisk oversikt.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|