SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Balestrand:

Mord og halshogging i Vetlefjorden

Ved Vetlefjorden ligg garden Eiken. Hit kom det nygifte ekteparet Ola Sivertson Eiken og kona Anna som brukarar i 1667. Dei var då begge 21 år gamle...

Publisert 30.05.2002 14:29. Oppdatert 11.06.2004 13:59.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
FAKTA: leggje på steile
  • 'Å leggje på steile' var ei ekstra fornedring av ein avretta person: Då vart først kroppen til den avretta personen lemlesta og slått i stykker, før den vart spent ut på eit kjerrehjul og hengt "på steile" til spott og spe.
  • Skarprettaren (bøddelen) hadde i 1692 følgjande satsar:
  • 'For en å slå arme og ben istykker på og legge på steile': 14 riksdaler.
  • 'For en å partere og legge på steile': 12 riksdaler.
  • Dei hadde ei tenestejente, Sigrid Sivertsdotter frå Vik. Ho hadde lagt sin elsk på husbonden, og ville ha kona hans, Anna, av vegen. Ein kveld fekk ho lokka Anna med seg til elva under påskot av at dei skulle lystre aure. Men ved elva hadde Sigrid fått med seg ein hjelpemann, Ola Gudbrandson Ulvestad. Han var gift med systera til Sigrid, og saman hadde dei to systrene pressa han til å vere med på udåden. Medan Anna låg på magen og såg etter fisk i hølen, skubba Sigrid og Ola Anna ut i hølen og trødde henne under til ho var livlaus. Etter mordet frakta dei liket på hest ned til fjorden og søkkte det på djupt vatn.

    Nekta for mordet

    På eit eller anna vis vart dei to mistenkte for mordet, men i rettssaka hevda tenestejenta Sigrid at ho var leigd av ektemannen Ola Sivertson til å ta livet av kona hans. Ho fekk beskjed om at dersom ho ikkje greidde det, skulle han sjølv ta livet av kona.
    Seinare måtte Sigrid vedgå at ho laug om Ola Sivertson Eiken.

    Hovuda på stake

    Både Sigrid Sivertsdotter og Ola Ulvestad vart dømde til halshogging. Dette skal ha hendt på Veganeset. Hovuda vart sette på stake, og dei knuste kroppane deira vart lagde "på steile" (eit hjul) til spott og spe. (Sjå elles "Farsmordet på Grønlid").

    Enkjemannen dømd

    Enkjemannen Ola Eiken gifta seg opp att, men vart kort tid etter dømd for utruskap med ei anna kvinne. Han rømde til skogs, men vart fanga og dømd til 4 års straffarbeid ved Årdal Koparverk. Kvinna som han hadde vore i lag med, vart dømd til 4 års straffarbeid i fiskeværa i Nord-Noreg, noko som på den tida var vanleg straff for kvinner som var dømde i sedskapssaker (sjå m.a. "Halshogging for utukt" i Hyllestad).

    MEIR OM BALESTRAND 
    Balestrand kommune

     
    Aviser og media i Balestrand
    Historia i Balestrand
    Industri og næring i Balestrand
    Kjende personar i Balestrand
    Kommunehistoria i Balestrand
    Krigshistoria i Balestrand
    Kyrkjer i Balestrand
    Samferdsle i Balestrand
    Skular i Balestrand
    Verd å sjå i Balestrand

     
    Lyd frå Balestrand
    Video frå Balestrand
    SE OGSÅ
    Siste saker:

    Finn fram i Fylkesleksikonet!
    Vel ein kommune:
    Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
    Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
    SØK I LEKSIKONET
    Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
    ABCDEFGHIJKLMNO
    PQRSTUVWXYZÆØÅ
    Informasjon
     
    SØK I FYLKESLEKSIKONET
    Informasjon
    ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
    Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
    Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

    Harald Hårfagre var sogning

    Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

    Slaget i Sildagapet i 1810

    Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

    Då fiskedampskipa stakk til havs

    Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

    Nydyrkingskommunen Jølster

    Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

    Ei mellomalderkyrkje langt til havs

    I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

    Sjalu tenestejente drap gardkona

    Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

    Få nazistar i Sogn og Fjordane

    Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

    Den heimekjære amtmannen

    I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
    Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no