Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve  Slagsvold Vedum (Sp), kommer ut på Slottsplassen i spissen for den nye regjeringen etter statsråd på slottet.
Foto: Heiko Junge / NTB

Ap-Sp-regjeringen

Oppsummert

Den nye regjeringen til Arbeiderpartiet og Senterpartiet ble presentert torsdag, og består av ti kvinner og ni menn. Ap-leder Jonas Gahr Støre er statminister, mens Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum er finansminister i den nye regjeringen.

  • Vil styrkje barns forbrukarvern

    Barneombodet og Forbrukarrådet åtvarar mot ei open dør for kommersielle aktørar som går etter barn i marknadsføringa. Dei ber den nye regjeringa ta grep.

    Barns forbrukarvern i digitale medium er ikkje nemnde i Hurdalsplattformen, men dei to etatane ber i eit brev Ap-Sp-regjeringa sjå på saka, skriv Aftenposten.

    – Barn blir utsett for reklame i stadig større grad. Forbrukarlovgivinga har ikkje følgt med den teknologiske utviklinga. Barn har behov for sterkt forbrukarvern, også på digitale medium. Det har dei ikkje i dag, heiter det i brevet.

    Døra står på vidt gap for kommersielle aktørar som målretta går etter unge i marknadsføringa si, blir det åtvara.

    – På dette området har vi sprunge etter problema veldig lenge og aldri vore i forkant. Sjølv for meg som jurist er lovverket ekstremt krevjande å få oversikt over, seier barneombod Inga Bejer Engh.

    Barne- og familiedepartementet seier til Aftenposten at brevet frå dei to etatane skal bli vurderte.

  • Dyrare frikort

    SV og Framstegspartiet ber Støre-regjeringa sørge for at det ikkje blir dyrare å gå til legen. I år må ein betale 2.460 kroner i eigendel før ein får eit frikort for helsetenester.

    Solberg-regjeringa føreslo i neste års statsbudsjett å auke beløpet til 2.921 kroner. Det er ei auking på nesten 19 prosent. SV sin helsepolitiske talsperson Marian Hussein meiner det er ein dårleg ide.

    Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier at dette er noko regjeringa vil vurdere i ein tilleggsproposisjon.

  • SV åtvarar mot Frp-samarbeid

    SV-leiar Audun Lysbakken åtvarar regjeringa mot å søke støtte frå Frp for å få gjennomslag for saker.

    Senterpartiet utelukkar ikkje eit samarbeid med Frp når regjeringa skal greie ut ulv- og bjørnebestanden.

    Eit samarbeid med høgresida vil påverke forholdet SV har til regjeringa, seier Lysbakken til NRK.

  • Vedum utelukker ikke Frp-samarbeid

    Regjeringen skal utrede hvor mye ulv og bjørn vi skal ha, og Senterpartiets leder Trygve Slagsvold Vedum, utelukker ikke samarbeid med Fremskrittspartiet i rovdyrspørsmål.

    – Hvis Frp støtter forslag fra Sp og Ap, sier vi selvfølgelig ikke nei, sier han til NRK.

    Med støtte fra Frp vil det være flertall på Stortinget for færre rovdyr. Regjeringens samarbeidsparti SV ønsker et høyere bestandsmål.

  • Utdanning blir distriktspolitikk

    Sentrale personar i høgare utdanning uttrykk uro for at utdanningspolitikken blir for mykje prega av distriktspolitikk.

    Den nye regjeringa ynsker at utdanningstilbodet på Nesna på Helgelandskysten skal gjenopprettast. Dei vil og at Stortinget skal ha siste ord dersom ein utdanningsinstitusjon vil legge ned ein lærestad.

    Rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, er redd utdanningskvaliteten taper.

    – Når ein skal utvide det regionale tilbodet, må det ressursar inn og det kan ikkje svekke vår satsing i det internasjonale forskingsmiljøet. I Kina, USA og andre stadar i Europa blir det satsa mykje. Om Noreg vel å fordele ressursane mot det regionale så trur eg vi taper, og norsk næringsliv taper, seier Stølen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no