Hopp til innhold

Vedum vil smelle til med strengare exit-skatt

Nordmenn som ønskjer å forlate landet, får no ein forfallsdato for når den såkalla exit-skatten skal betalast inn.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

KREV INN: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum vil no krevje inn utflyttingsskatt, eller ein såkalla exit-skatt, innan 12 år. Han meiner det er viktig for å kunne halde skattesatsane låge for alle som bur i Noreg.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Regjeringa foreslår ein ny og strengare exit-skatt for folk som flyttar frå Noreg:

Idet du tek med deg flyttelasset over grensa, vil staten rekne ut kor mykje skatt du skulle ha betalt av gevinstane du har opparbeida deg i Noreg.

Alle som flyttar frå og med i dag, 20. mars, må betale skatt av denne gevinsten innan 12 år, dersom regjeringa får det som dei vil.

– Det handlar om rettferd. Når du flyttar er det rett at du skal betale skatt for det du har tent i Noreg. Så må det vere romsleg og rimeleg, og difor ein 12-årsregel. Det kan vere nokre vil bu i utlandet ei periode og flytte heim igjen, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

SV: Veldig gledeleg

– Det er veldig bra og veldig på tide at det kjem ein exit-skatt, seier SV-leder Kirsti Bergstø.

– Da skjønner eg at fleirtalet er sikra?

– Vi må sjå på innretninga og korleis forslaget er, men at det kjem, er veldig gledeleg. Vi har etterlyst det lenge, svarer Bergstø.

Les også Milliardær i Sveits: Flytter heller til Sverige enn Norge

Jens Rugseth

Tettar skattehol

Hausten 2022 flytta Kjell Inge Røkke og fleire andre rikingar til Sveits.

Sidan har regjeringa jobba for å tette fleire skattehol, i håp om å hindre ei større lekkasje.

Sidan november 2022 har utflyttarar vore nøydde til å betale utflyttarskatt – men betalinga har i praksis vore mogleg å utsette på ubestemt tid. Dette fordi ein først har måtte betalt dersom gevinsten faktisk blir realisert, i form av utbytte eller sal.

Dei fleste nordmenn med mykje pengar i aksjar eller som har sparebøssa låst i eit selskap, vil sjeldan ta ut heile gevinsten på ein gong. Difor har skatterekninga vore mogleg å skyve på.

No set altså regjeringa ein frist – pengane må inn i statskassa innan 12 år – og du har realisert gevinsten eller ei.

I tillegg til å setje ein betalingsfrist, vil denne skatten no også omfatte dei som har opptente gevinstar gjennom aksjesparekontoar eller fondskontoar. Men det er først dersom du har ein gevinst som er over 500 000 kroner at skatten slår inn, ifølgje Vedum.

Skattesatsen er lik utbytteskatten, som i dag er på 37,8 prosent.

Vil ikkje at fleire skal «stikke frå rekninga»

Dei ferske reglane har vore strengt hemmelege inntil i dag, i frykt for at folk med pengar skulle skunde seg med å reise frå landet før reglane kom.

– Det handlar om at alle skal bidra, om ikkje kan det fort bli slik at dei som har aller mest kan stikke frå rekninga, medan dei som har vanleg jobb og inntekt, ikkje kan gjere det. Vi vil at alle skal bidra, seier Vedum.

Trur du færre no vil flytte ut av landet?

– Det vil iallfall ikkje vere ein skattemotivasjon i det.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

IKKJE BRÅK: Vedum trur ikkje regjeringa sitt rykande ferske forslag vil føre til så mykje bråk. Han er likevel klar for diskusjonar.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Er dette eit vasstett system?

– Vi meiner det er eit godt system. Så har vi også sett at Tyskland har gjort noko tilsvarande, seier Vedum.

Tyskland innførte ein liknande modell i 2022.

Les også Sarah og Marco gjorde motsatt av norske milliardærer – flyttet fra Sveits til Norge

Marco Rossi og Sarah Schmid står ved en resepsjon og smiler. På resepsjonen står en blomster.

– Må ein pensjonist, som har spart opp pensjon i eit aksjefond, som no vil flytte til varmare strøk etter eit arbeidsliv i Noreg, skatte av gevinsten av denne sparinga?

– Prinsippet er at dei skal skatte av det heilt likt som dei som blir buande i Noreg. Eg trur det kjem til å vere særdeles få tilfelle av at dette blir ei reell problemstilling, seier Vedum.

– Har du gitt opp å få heim skatteflyktningane som allereie har reist?

– Mange av dei som har reist har på grunn av det norske samfunnet tent veldig, veldig gode pengar. Så er det den norske tradisjonen at då bidreg du også. Men folk tek sine eigne val, men eg håper fleire vil kome tilbake fordi dei er glade i landet sitt, seier Vedum.

Flytteskatt skal ut på høring. Dersom den blir vedtatt, vil den gjelde fra i dag.

FORKLARER FLYTTESKATTEN: NRKs økonomikommentator Cecilie Langum Becker forklarer det nye forslaget.

– Er du førebudd på bråk?

– Eg trur ikkje det blir så mykje bråk, men det blir alltid diskusjonar om skattesaker.

Forslaget blir sendt ut på høyring i dag, og blir først eventuelt vedteke av Stortinget i desember. Regjeringa er avhengig av støtte frå eit fleirtal på Stortinget.

Det viktigaste støttepartiet til regjeringa, SV, har tidlegare foreslått ein liknande modell. Så seint som i januar venta finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski spent på svar frå Vedum, ifølgje E24.

Les også Prisen for å reise

MaiOnB9Epbk

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger