Hopp til innhold

Oslo, Buske­rud, Østfold og Akers­hus held fram med berre éin stats­forvaltar

Viken fylke er oppløyst, men dei tre fylka skal ha same statsforvaltar. – Vi ønsker at statsforvaltaren skal bruke meir av tida si ute i kommunane, seier statsråden.

Karianne Tung

STATSFORVALTAR: Viken er oppløyst, men statsforvaltaren blir den same.

Foto: William Jobling / NRK

– Regjeringa har i dag avgjord å halde fram med strukturen som statsforvaltaren har, seier Karianne Oldernes Tung, digitalisering- og forvaltningsminister (Ap).

1. januar i år blei Viken fylke oppløyst. I fire år var Buskerud, Østfold og Akershus eitt.

No er det klart at statsforvaltaren, som er staten sin representant i fylka, skal ha ansvaret for alle fylka.

Oslo, Buskerud, Østfold, og Akershus har då same statsforvaltar.

Ifølgje Tung er dette fordi ein felles statsforvaltar fram til no har vore bra for innbyggarane, og fordi kostnadane ved å splitte statsforvaltaren hadde blitt for stor.

385 millionar kroner har det kosta å splitte fylket. 336 millionar kroner kosta det å opprette det.

VSH

Valgerd Svarstad Haugland er statsforvaltar i Oslo og Viken.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Viken blei delt opp fordi det blei for stort. Gjeld ikkje dette for statsforvaltaren også?

– Dagens struktur gir betre rettstryggleik, og betre tenester for innbyggarane. Til dømes under ekstremvêret Hans så var det ein fordel å kunne samarbeide på tvers av fylka, seier Tung.

Troms og Finnmark skal også ha same statsforvaltar, trass i at fylket blei oppløyst 1. januar i år.

Det gjeld også for Vestfold og Telemark.

– Ei einstemmig avgjerd

Då Senterpartiet gjekk til val i 2021 lova dei at Viken skulle løysast opp.

– Viken er ein særdeles rar konstruksjon, som berre skaper problem. Og difor må vi seie farvel til den konstruksjonen neste år, sa Trygve Slagsvold Vedum den gongen.

Valløfte held dei og Viken blei oppløyst. Men no held ein viktig del av konstruksjonen av fylket fram som Viken.

Ifølgje Tung er heile regjeringa einig i vedtaket.

Viken Fylke

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) var tydeleg på at Viken fylke var ein rar konstruksjon. No held fram noko av konstruksjonen, med Senterpartiet i regjering.

Foto: Vidar Ruud / NTB

– Vi har i dag valt å behalde strukturen for statsforvaltaren, fordi regjeringa meiner det er dei beste løysingane.

Kommune- og fylkessamanslåinga var førre Høgre-regjering sin politikk. Frå 2013–2020 blei 119 kommunar slått saman til 47. I 2017 blei fleire fylke slått saman, mellom anna Buskerud, Østfold og Akershus.

Betyr dette vedtaket at tida for reversering av førre regjeringa sin politikk er over?

Mudassar Kapur

Mudasssar Kapur, kommunalpolitiske talsperson i Høgre, syns avgjerda til regjeringa er god.

Foto: Stortinget

– Nei. eg er mest opptatt av å sjå framover. Vi ønsker at statsforvaltaren skal bruke meir av tida si ute i kommunane, tett på lokalpolitikarane og på lokale saker, og det meiner vi denne strukturen legg opp til, seier Tung.

Høgre sjølv er nøgd med regjeringa si avgjerd.

– Endeleg lyttar regjeringa til faglege råd.

Det seier Mudasssar Kapur, kommunalpolitiske talsperson i Høgre.

– Det er ille nok at regjeringa har sløst bort nesten ein milliard av fellesskapet sine midlar på fylka. Heldigvis følger dei faglege råd i denne saka. Det var i si tid gode grunner til å slå saman embeta.

– Har blitt som det har blitt

Vestfold og Telemark blei også oppløyst 1. januar. Dei skal også ha same statsforvaltar framover. Fylkesordføraren i Telemark, Sven Tore Løkslid, seier at dette ikkje var det fylka ønska seg.

Les også Slakter flytting av statsforvalteren fra Tønsberg til Skien

Statsforvalteren i Vestfold og Telemark, kontoret i Tønsberg

– Men når det har blitt som det har blitt, så trur eg dette er ein bra konklusjon for Telemark. Då får ein ei geografisk fordeling arbeidsplassar.

Løkslid seier at statsforvaltaren blir litt nærare store delar av fylket, då embetet skal flyttast frå Tønsberg til Skien.

Fleire arbeidsplassar i nord

Samstundes som at Troms og Finnmark også held fram med éin statsforvaltar, får statsforvaltaren også 10 millionar ekstra til å følge opp kommunane.

Dei skal også flytte nokre stillingar til Vadsø, som vil gi 10–12 nye statlege arbeidsplassar i Troms og Finnmark.

Les også Blir kun én statsforvalter i Troms og Finnmark: – Jeg er utrolig skuffet

– Statsforvaltaren her har ei viktig rolle i å sikre beredskapen i nord. Difor skal ein del gå til nye beredskapsstillingar, seier Tung.

I evalueringa av strukturen på statsforvaltaren kom det fram at dei tryggleikspolitiske situasjonen stiller nye krav til statsforvaltaren sitt arbeid.

Elisabeth Aspaker

Statsforvaltaren til Troms og Finnmark, Elisabeth Aspaker, seier dette er ei klok avgjerd

Foto: EILIF ASLAKSEN / EILIF ASLAKSEN

Statsforvaltaren til Troms og Finnmark, Elisabeth Aspaker, seier dette er ei klok avgjerd.

– Vi er i utgangspunktet det minste embetet, og tanken på å dele oss opp, trur eg ikkje er svare på dei utfordringane kommunane har knytt til samfunnstryggleik og beredskap.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger