Studenter på lesesal på Universitetet i Oslo
Foto: Jarli & Jordan / UiO

Høyere utdanning

Oppsummert

Rundt en tredel av søkerne til høyere utdanning har universitet og høyskoler i Oslo og Akershus som førstevalg. Det viser tall fra Samordna opptak. Universitetet i Oslo er den mest populære utdanningsinstitusjonen, tett etterfulgt av OsloMet.

  • Norske studentar jobbar mykje

    SSB tala frå undersøkinga Eurostudent viser at studentar i Noreg har i gjennomsnitt 19.000 kroner å rutte med i 2019. Betalt arbeid og jobbinntekter utgjer 53 prosent av dette. Det er ei auking frå 45 prosent i 2016. Studiestøtte frå Lånekassa utgjorde 32 prosent i 2019.

    – Eg er bekymra, men igjen opplev eg at dette er noko vi har vore bekymra for lenge. Igjen får vi presentert tal som understreka realiteten, seier leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO) Tuva Todnem Lund til studentavisa Universitas.

  • Utdanning blir distriktspolitikk

    Sentrale personar i høgare utdanning uttrykk uro for at utdanningspolitikken blir for mykje prega av distriktspolitikk.

    Den nye regjeringa ynsker at utdanningstilbodet på Nesna på Helgelandskysten skal gjenopprettast. Dei vil og at Stortinget skal ha siste ord dersom ein utdanningsinstitusjon vil legge ned ein lærestad.

    Rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, er redd utdanningskvaliteten taper.

    – Når ein skal utvide det regionale tilbodet, må det ressursar inn og det kan ikkje svekke vår satsing i det internasjonale forskingsmiljøet. I Kina, USA og andre stadar i Europa blir det satsa mykje. Om Noreg vel å fordele ressursane mot det regionale så trur eg vi taper, og norsk næringsliv taper, seier Stølen.

  • Fagskolen Innlandet akkreditert

    Fagskolen Innlandet er den første fagskulen i Noreg som får akkreditering frå NOKUT for fagområdet landbruk. Det tyder at dei kan opprette nye, eller gjere store endringar i eksisterande landbruksfag, utan godkjenning frå NOKUT.

  • Milliardsprekk for universitetsbygg

    Livsvitenskapsbygget på Gaustad blir truleg eitt år forsinka og 5 milliardar kroner dyrare enn planlagt. Den nye prisen er 11,6 milliardar kroner.

    Krevjande grunnforhold med kvikkleire er ein viktig grunn til at kostnadsramma for bygget sprekk, skriv Aftenposten.

    Bygget skal bli det største universitetsbygget i Noreg, og skal etter planen bli fylt av fagmiljø innan helsefaga livsvitskap, kjemi og farmasi.

    Huset er ein del av prosjektet Oslo Science City og den største satsinga til Universitetet i Oslo nokon gong.

    Regjeringa seier dei vil komme med ei endeleg kostnadsramme i statsbudsjettet som blir lagt fram 12. oktober.

  • Studentar uroa for studiekvaliteten

    Seks av ti fagskulestudentar fryktar at koronapandemien har gått ut over kvaliteten på utdanninga, viser ei undersøking Nokut har gjort.

    Over 60 prosent seier dei er uroa for at pandemien har gjeve dei ei dårlegare utdanning enn dei elles ville fått.

    Mange fagskular har vore nedstengt på grunn av smittesituasjonen. Studentane har då fått endra undervisninga til nettundervisning.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no