Hopp til innhold
Reinforsdammen
Foto: John Petter Reinertsen

Fornybar energi

  • Kraftverk-feil strypte Lærdalselvi

    Ein feil ved eitt av kraftverka til Østfold Energi strypte onsdag kveld vasstilførsla til Lærdalselvi. skriv VG. Eitt aggregat skal ha stoppa heilt opp klokka 18.30. Det fekk følgjer for vassføringa i den kjende lakseelva. Vasstanden skal ha vore synleg lågare enn normalt. Først i 3-4-tida natt til torsdag hadde Lærdalselvi normal vassføring. Det skal så langt ikkje vere rapportert om daud fiske som følgje av hendinga. Ola Petter Bøe i Lærdal elveeigarlag seier til NRK at dei fryktar den låge vassføringa har skada fiskebestanden i elva.

    – Det er kaldt i elva, og yngelen gøymer seg i botn av elva. Når det skjer så brå endringar, så strandar han. Vi er redd det er ein betydeleg mengde yngel som no har døydd, seier Bøe.

    Lærdalselvi 30.11.23
    Foto: Jan Christian Jerving / NRK
  • Rapport om tysk-norsk hydrogensamarbeid

    Ny rapport seier at det er mogleg etablere ei verdikjede for transport av «store mengder hydrogen» frå Noreg til Tyskland.

    – Rapporten viser at det er teknisk mogleg å etablere ei hydrogenverdikjede gitt at dei rette føresetnadene er på plass, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

    Den såkalla «moglegheitsstudien» vart bestilt av tyske og norske styresmakter i fjor, og er gjennomførte av Gassco og det tyske energibyrået DENA på vegner av industrien.

  • Strømselskap trua med bøter

    Forbrukartilsynet avdekka i vår lovbrot hos 19 av dei største straumleverandørane i landet då dei kontrollerte kontrollerte marknadsføring, prislister og opplysningar om angrerett.

    No må 14 av selskapa betale 100.000 kroner i veka om dei bryt lova på nytt, melder tilsynet i ei pressemelding.

    Blant straumselskapa er Wattn og Haugaland Kraft Energi.

    – Vi forventer at strømselskapene tar forbrukervernet mer på alvor framover, sier direktør Trond Rønningen i Forbrukertilsynet.

  • Noreg får kritikk i EU-referat

    Møtereferata i Brussel har tradisjonelt eit diplomatisk språk, men i eit nytt referat får Noreg kritikk for tida vi bruker på å innføre energidirektiv frå EU.

    Med tilvising til Fit for 55 skriv EØS-rådet at dei har sett «svært lite progresjon («we have seen very little progress»). Dei legg til at arbeidet må ha «topp prioritet» og at ingen av partane «har råd til» forseinkingar.

    NRK har tidlegare skrive at europeiske lover hopar seg opp på norskegrensa.

  • Håper på solcelleanlegg i Vang Almenning

    Innlandet fornybar AS og Vang Almenning har skrive under ei avtale om eit solcelleanlegg på 1000 mål i Vang Almenning i Hamar kommune. Planane vart presentert på eit møte i almenninga i går kveld. Nå startar Innlandet Fornybar arbeidet med å utvikle prosjektet. Hente inn godkjennningar, gjere konsekvensutgreiingar og bli samde med grunneigarar. Mye må på plass før konsesjonssøknaden går til NVE, seier styreleiar i Innlandet Fornybar AS, Per Oluf Solbraa, til NRK. På møtet i går kveld sa Ordførar Vigdis Stensby (BBL) at dette er ei positiv utvikling for almenninga, men at det er ei sak som må behandlast grundig. Ho venta også ein politisk diskusjon.

    Solcelleanlegget skal ligge på Heggvin, i same område som dei store dataparkane til Green Mountain. Det skal stå klart i 2027.
    -Anlegget blir svært viktig for å auke tilgangen på fornybar kraft i Hamarregionen, seier styreleiar i Fornybar Innlandet, Per Oluf Solbraa.
    Innlandet fornybar AS er eigd av Gudbrandsdal Energi Holding AS, Nord-Østerdal Kraftlag, og AS Eidefoss.

    Per Oluf Solbraa, styreleder Innlandet fornybar AS
    Foto: NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no