Jonas Gahr Støre ser utover mot hytta i Kilsund
Foto: NRK

Jonas Gahr Støre

Oppsummert

Leiaren av Arbeidarpartiet.

  • Ein av tre nøgd med Støre

    Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har ikkje klart å overtyde i si nye rolle. Det kjem fram i ei VG-måling. Etter fire veker med ny regjering meiner ein av tre at Støre gjer ein god jobb. 36 prosent seier at han korkje gjer ein god eller dårleg jobb, 19 prosent er ikkje sikre og berre 11 prosent er ikkje misnøgde.

    Støre sjølv seier til VG at han synast det er for tidleg å felle ein dom.

    – Eg tar dette som motivasjon til å vise enda fleire at den nye regjeringa er i gang med ein meir rettferdig kurs, der vi jobbar mot ulikskap og for å flytte makt til vanlege folk i heile landet, skreiv Støre i ein e-post til avisa.

  • Støre open for habilitetsvurdering

    Jonas Gahr Støre opnar for ei ny habilitetsvurdering forholdet sitt til kronprinsparet på grunn av det personlege forholdet til dei, skriv NTB.

    Som den nye statsministeren i landet, blir Støre tettare på å avgjere kva slags økonomisk støtte dei kongelege skal få.

    Men forholdet han har til kronprinsparet er ikkje eit habilitetsforhold, er Støre si vurdering i dag.

    – Eg har ikkje tenkt på det som eit problem, og om det er behov for å vurdere det på nytt, så gjer eg gjerne det. Men det er ikkje eit forhold og ein relasjon som eg set i den kategorien, seier Støre.

    Han avviser at det er snakk om eit nært vennskap.

    Støre vart kjend med kronprinsparet i 2001 etter fleire private middagar både heime hos Støre og på Slottet. Sidan har dei gjennom åra møttest ein rekkje gonger, både i privat samanheng og i jobbsamanheng.

  • Støre: Viktig at vi er stolte

    Sjølv om valresultatet var eit av partiets svakaste, brukte Jonas Gahr Støre store delar av talen til landsstyret til å framheva framgangen til Arbeidarpartiet.

    I talen til landsstyret viste Støre til at Ap auka med 9 prosentpoeng frå meiningsmålingar i januar i år til valresultatet på 26,3 prosent.

    Ord som «ståpåvilje», «snuoperasjon» og «systematisk arbeid» forklarar korleis stemninga har snudd, meinte han.

  • Bykser fram på partimåling

    Arbeiderpartiet gjør sin sterkeste måling siden mai 2020 på Vårt Lands aprilmåling og ville hatt flertall på Stortinget sammen med Sp dersom målingen var valgresultat. Målingen er så sterk for Ap og Sp sin del at Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum kunne dannet regjering alene. På målingen, som er utført av Norstat for Vårt Land går Ap opp hele 5,1 prosentpoeng fra målingen i mars til en oppslutning på 25,6 prosent.

    Arbeiderpartiets 68. ordinære landsmøte
    Foto: Ole Berg-rusten / NTB
  • Støre ber om ekstra krisepakke

    Ap-leder Jonas Gahr Støre ber om en ekstra krisepakke for å unngå at aktører i utelivsbransjen i Oslo må stenge dørene for godt. – Det er helt nødvendig å stille opp for de bedriftene som nå er i akutt krise, sa Støre til VG.

Støre beklager kattekommentar om Grande

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no