Hopp til innhold

Nils Andreas Stensønes blir ny etterretningssjef

Nils Andreas Stensønes er i statsråd utnemnd til ny sjef for den militære Etterretningstenesta. Han er i dag Sjøforsvarssjef.

Nils Andreas Stensønes utnevnes til ny sjef for Etterretningstjenesten.

Nils Andreas Stensønes blir ny sjef for Etterretningstenesta. Han tek over når noverande sjef, Morten Haga Lunde, gir seg i løpet av hausten.

Foto: Vidar Ruud / NTB Scanpix

Nils Andreas Stensønes blei utnemnd til ny etterretningssjef i statsråd fredag. Kontreadmiralen blei der utnemnd til viseadmiral i Sjøforsvaret, og tek over som sjef for E-tenesta i løpet av hausten.

– Stensønes har dei rette egenskapane for å leie E-tenesta framover, sa forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) på ein pressekonferansen der han kunngjorde tilsettinga.

Han la vekt på den breie erfaringa til Stensønes. Han har lang erfaring frå Sjøforsvaret, der han i dag er sjef, og har også vore sjef for operasjonsstaben ved Forsvarets operative hovudkvarter og erfaring frå internasjonale operasjonar.

Stensønes avløyser generalløytnant Morten Haga Lunde, som i dag er sjef for E-tenesta, når han blir pensjonist i løpet av hausten.

– Eg er stolt over å ha fått denne tilliten frå regjeringa. Etterretningstenesta er viktig for Noreg. Vi skal sørge for eit godt informasjonsgrunnlag for militære og sivile avgjerder, og god evne til å varsel farar, seier Stensønes til NRK.

Tek lærdom frå fregatt-saka

I si tid i Sjøforsvaret har Stensønes vore tilknytt det norske fregattprosjektet. Og som øvste sjef i forsvarsgreina, var han også ansvarleg då fregatten KNM «Helge Ingstad» kolliderte med ein oljetankar og sokk i 2018.

Stensønes seier til NRK at han lærte mykje av det som skjedde den gongen.

– Det var ei ulukke vi skulle ha vore forutan. Men når det først skjer, er det viktig å ta vare på folk, og sørge for at dei kjenner seg godt tekne vare på. Og så må vi lære av hendinga, og det har Sjøforsvaret arbeidd grundig med, seier han.

Nils Andreas Stensønes, sjef for Sjøforsvaret.

Som sjef for Sjøforsvaret, måtte Nils Andreas Stensønes svare for kva som gjekk gale då KNM Helge Ingstad «Helge Ingstad» havarerte etter å ha kollidert med ein oljetankar i 2018.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Spent situasjon

Den nye e-sjefen kjem i ei tid med internasjonale spenningar. Den noverande E-sjefen har blant anna åtvara mot nye russiske våpen, at Noreg kan vere eit mål for kinesisk etterretning.

Forsvarsministeren understreka også at den nye E-sjefen har store oppgåver å ta fatt på:

– Vi ser eit nytt alvor i dei tryggingspolitiske omgivnadene våre. Den militære aktiviteten har auka i nærområda våre, og verda er meir ustabil enn på lenge, sa Bakke-Jensen.

Han peika også på at Noreg er eitt av dei mest digitaliserte landa i verda. Det gjer oss sårbare for digitale trugsmål.

– Den nye etterretningslova som Stortinget vedtok før sommaren, gir E-tenesta nye verktøy for å stoppe digitale trugsmål i det offentlege rommet. Ei sentral oppgåve for den nye etterretningssjefen, blir å vidareutvikle E-tenesta innanfor ramma av den nye lova, sa han.

Stensønes ser fram til å ta fatt på arbeidet.

– Noreg er avhengige av eit godt informasjonsgrunnlag, og at Etterretningstenesta klarer å levere dette grunnlaget, slik at vi kan vurdere situasjonane. Og så er vi medlem av Nato, som er ein solid allianse. Og saman er eg sikker på at vi skal klare å ta vare på interessene til Nato, seier han.

Ønsker å vere open

E-tenesta har også måtte tole kritikk for arbeidsmetodane sine det siste året. Blant anna etter saka med den spiondømde nordmannen Frode Berg, og i ei rettssak der firmaet Ølen Betong, som har fabrikk i Murmansk, kravde staten for 140 millionar kroner.

Sjølv om E-tenesta er avhengige av å skulle jobbe i det skjulte, vil den nye sjefen også prøve å opne meir opp rundt arbeidet dei gjer.

– Eg er grunnleggande oppteken av openheit og det å kommunisere så mykje som mogleg, og så korrekt som mogleg for å unngå spekulasjonar. Og så forstår eg at tenesta har spesielle skjermingsbehov på grunn av naturen til verksemda.

Stensønes tek over som E-sjef i løpet av hausten.

AKTUELT NÅ