Hopp til innhold

Noreg trekk seg frå omstridd oljeavtale

Noreg gjer som EU, og trekk seg frå ein avtale som skulle sikra internasjonale investeringar i olje og gass, skriv NTB.

Denne veka slutta Europaparlementet seg til EU-kommisjonen sitt forslag om å trekka unionen frå det internasjonale energicharteret.

Avtalen vart oppretta på 90-talet og inneber at energiinvestorar kan saksøka land og krevje erstatning om politiske tiltak eller lovar påverkar fortenesta deira negativt.

Fleire land har i det siste trekt seg frå avtalen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no