Hopp til innhold

E-sjefen åtvarar: Nytt russisk missil kan treffe Noreg på 40 minutt

Fleire nye russiske våpensystem fell utanfor det som er kjende våpenkategoriar. Det ballistiske missilet Kinzhal kan skytast ut frå fly over Kolahalvøya mot mål i Noreg.

Frå FOKUS 2020
Foto: Forsvaret

– Vi har observert flytestar av Kinzhal. Vi reknar med at dersom missilet blir skote ut frå eit fly over Kola, vil varslingstida – gitt at vi oppdagar aktiviteten – vere cirka 40 minutt frå flyet sin avgang til nedslaget i eit mål i Noreg, sa generalløytnant Morten Haga Lunde i eit foredrag i Oslo Militære Samfund i kveld.

– Det er så godt som inga varslingstid, la han til.

Haga la fram dei viktigaste funna i FOKUS 2020 frå Etterretningstenesta i Forsvaret. Han peika på Russland og Kina som dei største truslane mot Noreg, og han var klar på at trusselen er aukande.

Anti-satellittvåpen

Etterretningstjenesten presenterer sin åpne vurdering Fokus 2020, Morten Haga Lunde.

Generalløytnant Morten Haga Lunde er sjef for Etterretningstenesta i Forsvaret.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Han viste også til at Russland utviklar eit anti-satellittvåpen. Desse våpena har vore under utvikling i fleire år, og vil ifølgje E-sjefen representere ein ny dimensjon i verktøykassa til den russiske militærmakta. Dette systemet er venta å bli erklært operativt i løpet av eitt til tre år.

– Den russiske militærmakta i nærområda våre er kraftig forbetra etter ti år med testing og utvikling. Vi ser i aukande grad eit lagdelt, integrert og fleksibelt system, sa Morten Haga Lunde blant anna.

Haga Lunde var også oppteken av at den teknologiske utvikla har gjort at ikkje-militære verkemiddel i stor grad kan brukast som eit alternativ til militær makt, slik som økonomisk maktbruk, desinformasjons-kampanjar og nettverksoperasjonar.

– Trusselbiletet vi står overfor i 2020 er eit resultat av strukturelle endringar som har gått føre seg over mange år. Denne utviklinga akselererer no, innanfor ramma av den auka stormaktsrivaliseringa. Vi ser fleire våpenkappløp i eit internasjonalt system, der stormakter ofte set internasjonal rett til side til fordel for bruk av makt, sa han i foredraget.

Haga Lunde i Oslo militære samfund.

Morten Haga Lunde på talarstolen i Oslo Militære Samfund måndag kveld.

Foto: NRK

Rivalisering mellom stormakter

E-sjefen uttrykte at dei fleste utviklingstrekka FOKUS 2020 handlar om, blir påverka av rivaliseringa mellom globale og regionale stormakter.

– Spørsmålet er om Noreg er villig til å investere i, og gi, tenestene dei verktøya dei treng for å møte truslar i dag og i framtida, sa han.

Haga nemnde at dei faktorane som i største grad pregar trusselbiletet mot Noreg, er nært knytte til Russland og Kina.

– Begge landa har politiske system der politikk og økonomi, både statleg og privat, sivilt og militært, er tett vove saman. Dette er ikkje ein overgangsfase. Russland og Kina er svært ulike statar, men begge bevegar seg i ei stadig meir autoritær retning, sa han i foredraget.

Russiske missilsystem
Foto: Forsvaret

Russisk styrking i nord

Morten Haga Lund fortalde i foredraget sitt i kveld at Russland gradvis har styrkt forsvaret i nordområda med fleire nye einingar. Dei gjenopprettar militære basar og sivile støttepunkt langs heile den arktiske kystlina.

Tyngdepunktet er i vest, på Kolahalvøya og rundt Barentshavet. Nordflåten er styrkt gjennom nye fartøy. Han nemne permanent utplassering på Franz Josefs Land og på Nysibirøyane, i tillegg til på Kola. Og Russland har plassert ut nye langtrekkande radarar, som eit svar på utviklinga av vestlege fly med stealth-teknologi.

Dolgorukij-ubåten.
Foto: Forsvaret

– Dei nye russiske kapasitetane er ei realisering av strategien for styrkt russisk sjønekt i nord. I vestleg retning er store delar av Barentshavet, så vel som tilgangen mellom Svalbard og iskanten, dekt av russiske system. I austleg retning kan dei i praksis stengje Nordaustpassasjen frå Nysibirøyane, sa E-sjefen.

Modernisering og fornying

E-sjefen kom også inn på dei sjøbaserte atomstyrkane på Kola, som går gjennom modernisering og fornying. Han peika på dei strategiske ubåtane som eit viktig element, og no går det føre seg testing av ein ny strategisk ubåt av Dolgorukij-klassa i Kvitsjøen.

– Dolgorukij-fartøya har interkontinentale ballistiske missil om bord, og er den første nye klassa av strategiske ubåtar utvikle etter den kalde krigen. Når sjøprøvene er avslutta, vil ubåten bli overført til Nordflåten, som då vil ha to operative skrog av denne typen. I tillegg er ein ny multirolle-ubåt av Severodvinsk-klassa under testing i same området, sa han.

AKTUELT NÅ