Hopp til innhold

Far til IS-søstrene: – Eit ti år langt mareritt som er over

Dei terrorsikta søstrene frå Bærum er tilbake i Noreg etter ti år.

Sadiq Abdullah Juma

OVERVELDA: Far til dei to IS-kvinnene som blei arresterte av PST i natt, fortel at han måtte setta seg då han fekk vita at døtrene var tilbake i Noreg. Bildet er frå 2016.

Foto: Emrah Senel / NRK

Natt til onsdag kom dei to terrorsikta søstrene frå Bærum tilbake til Noreg frå interneringsleiren Roj nordaust i Syria.

Her blei dei arresterte av PST.

Med seg til Noreg har dei døtrene sine, som er seks og åtte år.

– Det blir ei mykje betre framtid enn å vera i Syria, seier faren til kvinnene, Sadiq Abdallah Juma til NRK.

Torsdag blir søstrene framstilt for varetektsfengsling, opplyser PST.

Les også IS-kvinnens forsvarer: – Hun er redd for fremtiden

Vil samla familien igjen

Faren til dei to kvinnene er for tida i Somalia. Nå held han på å planlegga heimreisa, slik at han kan møta døtrene sine igjen.

– Det er eit ti års langt mareritt som nå er over, seier Juma.

– Eg skal samla familien min under eitt tak. Det lovar eg, og det skal bli snart, inshallah.

Juma fortel at han blei overvelda av nyheita om døtrene sine.

– Eg følte ei stor glede. Eg klarte ikkje stå oppreist, og måtte sitta ned. Eg klarte ikkje halda tårene tilbake, seier han.

Les også – PST må undersøke om søstrene har vært utsatt for menneskehandel

De to søstrene som reiste fra Bærum til Syria i leiren Roj nordøst i Syria i oktober 2021.

Reiste til Syria

Den 20. oktober 2013 blei dei då 16 og 19 år gamle jentene meldt sakna av familien sin.

I ein e-post, fekk faren beskjed om at dei hadde reist til Syria. Familien frykta at jentene hadde reist dit for driva jihad.

To søstre fra Bærum

Dei terrorsikta søstrene frå Bærum kom tilbake til Noreg natt til onsdag 29. mars.

Foto: Privat

Dei sa dei hadde reist ned av eiga vilje, og at det var hundre prosent for Allah si skyld.

Faren reiste etter kvart sjølv ned til det krigsherja landet for å finna døtrene sine.

Først reiste han til den tyrkiske byen Antakya ved grensa til Syria, der han trudde jentene oppheldt seg.

Medan han var i Tyrkia, tok jentene kontakt med familien, og fortalde at dei var i Syria.

Ifølge Juma sa døtrene at dei ville heim til Noreg, og at dei angra på det dei hadde gjort.

– Eg er villig til å dra inn i Syria når som helst, helst så snart som mogleg, sa Juma til NRK i 2013.

Les også – Døtrene mine sier de holdes mot sin vilje i Syria

De to norsk-somalisk søstrene som har reist for å delta i krigen i Syria, har nå gitt livstegn fra seg. De sier til familien at de blir holdt mot sin vilje og at de vil hjem til Norge.

Skal ha blitt torturert

Medan Juma var i Tyrkia, hadde han vore i kontakt med opprørsgrupper i Syria som kunne hjelpa han å leita etter døtrene.

Ferda inne i Syria skal ikkje ha vore lett, og faren skal ha blitt torturert då han tok seg over grensa litt over ein månad etter at familien meldte døtrene sakna.

Faren til de to norsk-somaliske jentene

NRK møtte faren til dei to norske IS-søstrene, Sadiq Abdallah Juma, i Tyrkia i 2013 før han reiste inn til Syria for å finna døtrene sine.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

– Det var ei heilt anna verd og ein sinnssjuk situasjon, men det var ein far sin kjærleik som styrka meg og haldt meg oppe, sa Juma til NRK i 2016.

I Syria fann han til slutt døtrene sine, men dei ville ikkje bli med han heim.

Tilbake i Noreg fortalde Juma at 16-åringen hans var så skadd at ho hadde problem med å gå.

Ti år seinare er døtrene tilbake i Noreg.

Ikkje bekymra

I Noreg har det vore ein oppheita og betent debatt rundt dei norske IS-kvinnene.

Den førre IS-kvinna som kom til Noreg, har allereie sona ferdig dommen sin på eitt år og fire månader.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt seier det er viktig å henta tilbake dei to kvinnene

– Det er farleg for barna å opphalda seg i leirane, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.

Så lenge døtrene er i Noreg, seier Juma, er han ikkje bekymra.

– Eg stolar på Noreg, seier han.

Les også Søstrene ble IS-koner i Syria – nå lurer broren på om de lever

Hassan Juma og søstrene

AKTUELT NÅ