Hopp til innhold

No er det høgsesong for sjukmeldingar

Etter månadar med mørketid møtte Frida veggen i februar for tre år sidan. – Det var eit hardt slag i trynet.

Frida Marie Grande

Frida Marie Grande (32) har møtt veggen fleire gongar.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Frida Marie Grande (32) var engasjert, kreativ og energisk. Ho hadde draumejobben, og var med glede tilgjengeleg heile døgnet.

Vi spolar tilbake til februar 2021.

Under eit digitalt møte spurde kollegaene hennar korleis det gjekk. Då knakk ho saman.

– Eg kjende meg heilt tom. Då hadde det vore mange år med intens jobbing.

Like etterpå vart ho hundre prosent sjukmeldt.

Les også Dystre tall om utbrenthet blant unge: – Du er konstant sliten

8 av 10 unge har opplevd eller vært nær å bli utbrent. Susanne Stolt-Nielsen og Emilie Hitsøy Erland.

Mørke månader og travel tid

Januar, februar, mars er månadane med flest sjukmeldingar. Frida trur ikkje det er tilfeldig at kroppen sa stopp i februar.

– Seinare har eg skjønt at vinterdepresjon er noko eg strevar med. Etter å ha halde ut i mange månader blir det ganske tungt i februar.

Lene Lehmann Moberg er seniorrådgivar i NAV. Ho er seier det kan vere fleire grunnar til desse månadane tronar på topp.

– Vinteren er høgsesong for virus. I tillegg kan kroniske plager i muskel- og skjelettsystemet og luftvegane blir verre om vinteren. Fysisk aktivitet, som kan førebygge sjukdom, er også meir utfordrande om vinteren.

Lene Lehmann Moberg, rådgivar i NAV

Lene Lehmann Moberg er seniorrådgivar i NAV.

Foto: NAV

Vidar Kristiansen er psykologspesialist og driv kontoen psykolog.pappa. Han er ikkje overraska over at desse månadane toppar statistikken.

– Mange bit tenna saman og held ut til ei etterlengta pause i jula, og innser på starten av det nye året at det er behov for eit større avbrekk.

Han trekk fram at januar også er ein månad der mange går gjennom samlivsbrot. Samtidig er det mørketid, og virusbølgjene herjar.

– Og så veit vi at stress utgjer ein stor del av sjukmeldingane.

Også fastlege Kaveh Rashidi kjenner igjen problemstillinga. Her kan du sjå korleis han forklarer det:

Flest sjukmelde i januar, februar og mars.

Flest sjukmelde i januar, februar og mars.

Klaustrofobi på venterommet

Etter at Frida knakk saman framfor kollegaane sine bestilte ho time hos legen.

– Eg hadde aldri vore der for å prate om anna enn fysiske ting. Eg fekk nesten klaustrofobi på venterommet, og var faktisk på veg ut døra. Men heldigvis rakk legen meg, fortel ho.

Ho vart sjukmeldt i to veker. Då kjende ho på skam og skuldkjensle.

– Det var eit hardt slag i trynet å gå frå mykje overskot, til å bli sjukmeldt. Eg kjende ikkje meg sjølv igjen. Då blir ein ganske forvirra og fortvila.

Les også Slik skal legene skrive ut færre sykmeldinger

Dette er ikkje ukjend for psykologspesialisten.

– Mange skammar seg, og skam er dessverre noko som øydelegg prosessen for å få det betre.

Frida Marie Grande

Frida Marie Grande har møtt veggen fleire gongar dei siste tre åra.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Mange går i fella

Frida var sjukmeldt, men stressa. Ho ville raskt tilbake på jobb. Dette kan gjere vondt verre, ifølgje Kristiansen.

– Nokre kan hamne i fella ved å presse seg for hardt, og ende opp like slitne. For andre vil det vere klokt å kome raskt tilbake til arbeidsmiljøet.

Han seier det er lov til å leve normalt sjølv om ein er vekke frå jobb.

– Ein skal ikkje ha dårleg samvit for å gjere ting som gjer oss friske.

Psykologspesialisten er også oppteken av å førebygge.

– Nok søvn, bevegelse og næringsrik mat er viktig. Då rustar vi oss til å møte vanskelege ting i kvardagen, seier han.

Frida har skapt sin eigen arbeidsplass, men vore utbrent fleire gongar dei siste åra. Hennar beste råd er å ta ein skikkeleg pause den første gongen.

– Dei som gjer det er lure, seier ho.

AKTUELT NÅ