Hopp til innhold

Dårleg sæd får skuld for færre barnefødslar

Ekspertar meiner nordmenn må snakke mindre om sosiale forhold og meir om sædkvalitet når vi diskuterer låge fødselstal.

rKsSLCLsV5k

STREVER: Infertilitet rammar 10 til 15 prosent av alle par i fruktbar alder, og blir definerte ved at graviditet ikkje hender etter eitt år med regelmessig samleie.

Foto: NTB

I mai sette regjeringa ned eit utval for å finne årsaka til dei låge fødselstala.

Bakgrunnen var det barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) karakteriserte som ei gåte:

Kvifor får norske kvinner og menn færre barn enn dei ønsker seg – når vi har dei rausaste støtteordningane i verda?

Så langt har hypotesane krinsa om strukturelle og samfunnsmessige forhold (sjå under).

I den nye boka «Permen om spermen» vender forfattarane Anette Heggemsnes og Camilla Keim merksemda mot ein faktor som har blitt mindre diskutert:

Sædkvaliteten til norske menn.

Vi er djupt bekymra over nedgangen i sædkvalitet, seier Heggemsnes, som til dagleg jobbar ved Frøyaklinikken.

Anette Heggemsnes og Camilla Keim

– Om sædcellene skal kunne ta den lange vegen gjennom skjeden, livmora og ut til eggleiaren, så må dei vere fit for fight, seier Anette Heggemsnes og Camilla Keim.

Foto: Calidris forlag

– Orkar ikkje å ha sex så ofte

I fjor ropte Folkehelseinstituttet (FHI) varsku da ein dansk studie sa at ein av fem unge menn «skaut med lauskrut».

– Vi ser ein god del menn som ikkje har sædceller i det heile, sa fagdirektør i FHI, Per Magnus, da han fekk sjå studien.

Om ikkje sædkvaliteten var ille nok, så er det også teikn til at det er noko gale med sexlysta.

Fleire og fleire yngre menn fortel at dei ikkje orkar å ha sex så ofte, seier Heggemsnes.

Ho legg skulda på sprøytemiddel og hormonhemmarar i miljøgifter, som går utover testosteronnivået.

I eit essay i Morgenbladet blir «sexresjonen» blant ungdom og unge vaksne («generasjon z») forklart som ein kulturell motreaksjon på sekstitalets seksuelle revolusjon:

Lysta forsvann då kontraktspråket og avmystifiseringa overtok.

Porno
Runkerom
Runkerom

Hit kjem 20 menn kvar dag for å levere sædprøver. Dei fleste fordi dei ikkje har klart å oppfylle draumen om å få barn.

I 2017 var Niels Jørgensen medforfattar på ein internasjonal studie som sa at talet på spermiar blant menn i Europa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand var redusert med 59 prosent i perioden 1973–2011.

Les også Å normalisere et tabu

Vegard Lunde, ingressbilde kronikk

Til liks med «Permen om spermen»-forfattarane meiner Jørgensen at det biologiske sporet har vore underkommunisert i samtalen om fallande fruktbarheitstal.

Demografar seier at det er sosialt fundert. Økonomar seier at det er økonomisk fundert. Verkelegheita er at alle faktorar speler inn, seier han.

Tenk berre på det store talet som har bruk for fertilitetsbehandling. For dei er det heilt opplagt biologien som er hindringa.

Bilde av en høy lege i hvit frakk med markante briller som gestikulerer med hendene.

Niels Jørgensen er til dagleg overlege ved det danske rikshospitalet. – Dei norske fertilitetsstudiane er 20 år gamle, men der er ingen grunn til at anta at tala har blitt betre, seier han.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Menn bør vere flinkare til å ta vare på helsa

Folkehelseinstituttet har på si side hevda at det i all hovudsak er «sosiale årsaker, ikkje biologiske» til at fødselstala har gått ned.

Det same seier Jon Wegner Hausken, som er sjef ved Klinikk Hausken.

Menn bør vere flinkare til å ta vare på helsa, men færre fødslar kjem av at vi har flytta dette med å danne familie opp i 30-åra, seier han.

Trine B. Haugen er professor i biomedisin og leiar av forskingsgruppa Reproduktiv helse hos menn.

Ho understrekar at forskinga er lite eintydig, symbolisert ved ein ny dansk studie som seier at sædkvaliteten ikkje har blitt dårlegare dei siste 20 åra.

I 2002 publiserte ho ein studie om at norske (og danske) menn har dårlegare sædkvalitet enn dei nordiske naboane våre i Sverige, Finland og Baltikum.

All den tid det ikkje finst oppfølgingsstudiar som følger norske menns sædkvalitet over tid, vil ho ikkje forskotere korleis det står til i dag, utover å vere «litt bekymra».

Ho legg til:

Men det bør vere meir merksemd rundt mannleg reproduksjon.

Sarah Bastienne
Aleris Fertilitet

Sarah Bastienne Spallek-Halvorsen, gynekolog og androlog ved Aleris Fertilitet

– Når kvinner i snitt vel å få barn seinare livet og sædkvaliteten til mannen har blitt redusert, blir den biologiske faktoren ikkje mindre viktig. Heldigvis er det veldig mykje vi kan gjere for å forbetre sædkvaliteten til mannen og auke kvinners moglegheit til å få barn – både sjølv og ved hjelp av ein fertilitetsekspert. Det er her fokuset bør vere.

Avdelingsleder Peter Fedorcsak ved reproduksjonsmedisinsk avdeling på Oslo universitetssykehus
Amalie Huth Hovland

Peter Fedorcsak, avdelingsleder ved Reproduksjonsmedisinsk avdeling, Oslo universitetssykehus

- Vi treng å snakke meir om sædkvalitet, men ikkje fordi det blir fødd færre barn. Vi treng å snakke om sædkvalitet fordi forskinga er uklar og utan konkrete haldepunkt for at ho faktisk blir dårlegare. Av same grunn er det for tidleg å konkludere med nokon samanheng mellom sædkvalitet og talet på barnefødslar. Ein annan nyanse er at stadig færre røykar, som øyedelegg sædkvaliteten.

Overlege på endokrinologisk seksjon på UNN i Tromsø og førsteemansiuesis  på UiT.
Veronica Turnage

Guri Grimnes, leiar i Tromsø Endokrinologiske Forskningsgruppe

- Det er godt dokumentert at det har skjedd ein stor reduksjon i spermtall dei siste tiåra. Dette er sjølvsagt svært urovekkande. Noko av forklaringa kan ligge i livsstilsfaktorar som fedme, men det er også grunn til å tru at mange av kjemikaliane vi omgir oss med spelar ei vesentleg rolle. Forsking på dette som kan fase ut og forby stoff med skadeleg effekt er svært viktig, og det hastar.

Professor Trine B. Haugen
Sonja Balci

Trine B. Haugen, professor i biomedisin

- Alderen til kvinna og sosioøkonomi er det som betyr mest for dei låge fødselstala. Men likevel – og i tråd med føre var-prinsippet – bør det vere merksemd rundt andre forhold, som dei medisinske. Det er jo også eit stor tilbod av assistert befruktning som kan kompenserere for og kamuflere statusen for sædkvaliteten.

Les også En sæd historie

To sædceller med norsk og dansk badehette i en petriskål som svømmer sakte, sammenlignet med andre s

Les også Mysteriet med dei få borna

IMG_6788