Hopp til innhold

VG: Ine Eriksen Søreide (H) vil fortsetta på Stortinget

Ine Marie Eriksen Søreide (H) stiller seg til disposisjon for attval for Oslo Høgre på stortingslista, skriv VG.

– I dag har eg gitt beskjed til nominasjonskomiteen i Oslo Høgre om at eg stiller meg til disposisjon for ein ny periode, seier ho til VG.

Søreide takka i mars nei til eit tilbod frå Støre-regjeringa om å bli ambassadør i USA.

Ved dei siste vala har Søreide vore Høgre sin førstekandidat til Stortinget frå Oslo. Ho er ein favoritt blant veljarane til å overta som leiar for Høgre etter Erna Solberg.

Søreide var forsvarsminister i Solberg-regjeringa frå 2013 til 2017 og utanriksminister i perioden 2017–2021.

Ine Marie Eriksen Søreide (H) og Christian Tybring-Gjedde (Frp)
Foto: Terje Pedersen / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no