Hopp til innhold

USA: Gir 1.5 milliardar dollar i Ukraina-støtte

I samanheng med fredskonferansen i Sveits om Ukraina, kunngjer USAs visepresident Kamala Harris at USA vil gi 1.5 milliardar dollar i støtte til Ukraina.

Pengane kjem frå den statlege bistandsorganisasjonen U.S. Agency for International Development (USAID) og Utanriksdepartementet i USA, heiter det i ei pressemelding frå Det kvite hus.

Pengane skal gå til humanitær hjelp, styrka Ukrainas energisektor og styrka sivil sikkerheit.

Delar av beløpet er tidlegare lova middel som blir flytta til energihjelp, medan 500 milliardar er heilt nye middel.

USAs visepresident Kamala Harris på flyplassen i Zurich i samanheng med fredskonferansen for Ukraina i Sveits, 15. juni 2024
Foto: Ennio Leanza / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no