Hopp til innhold

Sky News: Prinsesse Kate sett i offentlegheita for første gong etter kreftdiagnosen

Prinsesse Kate av Storbritannia har blitt sett i offentlegheita for første gong sidan ho fekk kreftdiagnosen tidlegare i år, ifølge Sky News.

Ho blei observert ved Buckingham Palace i forkant av paraden Trooping the Colour, som blir arrangert i samanheng med bursdagen til kong Charles.

Sky News delte bilete av prinsessa av Wales i ein bil saman med prins William og dei tre borna deira.

Prinsesse Kate på veg til paraden Trooping the Colour
Foto: Stephen Lock / Zuma Press

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no