Hopp til innhold

Fangeutveksling mellom Sverige og Iran

Sverige og Iran har blitt einige om ei fangeutveksling, ifølge arabiske medium, skriv Aftonbladet.

Det skal gjelda personar frå begge landa. Dei skal i løpet av laurdag først fraktast til Oman. Landet har vore meklar i fangeutvekslinga, skriv Aftonbladet.

Den iranske tenestemannen Hamid Noury, som var dømd til livstid i Sverige, skal vera ein av personane som skal tilbake til Iran, ifølge Reuters.

Noury vart i 2022 dømd i Stockholm tingrett for drap på politiske fangar og krigsbrotsverk i Iran.

Johan Floderus og Saeed Azizi er dei to personane som blir returnerte til Sverige. Dei to er på eit fly på veg heim til Sverige, skriv Sveriges statsminister Ulf Kristersson på X.

Floderus vart arrestert i Iran og skulda for spionasje for to år sidan, og har vore halden der fram til no.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no