Hopp til innhold

Abid Raja: – Eg er eit av dei sterkaste korta til Trine

Abid Raja støttar Trine Skei Grande, men understrekar at han har store politiske ambisjonar. I dag landa han i Noreg etter at konflikten han starta med regjeringspartnar FrP har vart i fleire dagar.

Abid Raja om dramaet den siste tiden

– Eg veit at Trine ser på meg som eitt av hennar sterkaste kort, og det er klart at eg har store politiske ambisjonar, fordi eg vil få gjennomslag for dei sakene eg brenn for, seier stortingsrepresentant Abid Raja (V).

Abid Raja landa i dag etter ei komitereise med Utanrikskomiteen til Etiopia. Medan han har vore på tur har konflikten mellom dei to regjeringspartia Venstre og Framstegspartiet blitt endå meir tilspissa.

Det byrja med at Raja i Dagsrevyen sa at Frp sin bruk av omgrepet snikislamisering i valkampen var «brun propaganda».

Abid Raja om dramaet den siste tiden

Abid Raja møter pressen på Gardermoen.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Eg meinte ikkje å sikte til Hitler eller noko slik, eg burde heller ha sagt at FrP driv med framandgjerande retorikk, seier Abid Raja på Gardermoen onsdag morgon.

Det var etter at ei ung muslimsk kvinne ikkje ville handhelse på kronprins Haakon, at Frp-leiar Siv Jensen uttalte at dette var eit døme på snikislamisering av samfunnet vårt. Dette kom berre dagar før lokalvalet. Også nestleiar Sylvi Listhaug sitt Facebook-bilete av båtmigrantar blir trekt fram av Abid Raja som det han har kalla «brun propaganda».

I politisk historie blir «brunt» ofte brukt til å referere til nazisme, og bakgrunnen er at dei paramilitære SA-troppane i Nazi-Tyskland hadde brune skjorter.

I Frp var det mange som ikkje likte denne koplinga, og Frp-leiar Siv Jensen har bedt Venstre om å kome med ei orsaking. Statsminister Erna Solberg har sagt at det ikkje var riktig av Raja å bruke ord som «brun propaganda».

Abid Raja om dramaet den siste tiden

Mange journalistar møtte opp då Abid Raja landa på Gardermoen onsdag.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Raja meinte ikkje å kople til nazisme

Abid Raja har i ettertid understreka at dei ikkje var meininga å trekkje parallellar til nazisme, men i ein ny kronikk i Aftenposten tysdag skriv han at «det stinker» av Frp sin retorikk.

Venstre-leiar Trine Skei Grande har vore på Island dei siste dagane, men i går avbraut ho turen for å reise heim og forsøkje å dempe konflikten.

Siv Jensen har sagt at ho oppfattar utspela til Abid Raja som eit leidd i leiarkampen i Venstre.

Det avfeier Raja.

– Eg har diskutert verdipolitikk i tjue år, det er ikkje noko nytt. Eg har sagt fleire gonger at dersom Trine Skei Grande ønskjer å halde fram, så støtter eg henne.

Onsdag seier Raja at han ikkje ser noko problem med å sitje å regjering med FrP, sjølv om han meiner at dei driv med framandgjerande retorikk.

– Vi kan stille oss bak hundre prosent av regjeringserklæringa, og eg trur på John Stuart Mill sine ideal om at også hatytringar må bli møtt med motytringar. Difor er det rett for oss å sitje i regjering med FrP, og få til gode kompromiss med dei.

Til sist seier Raja at han forventar at Siv Jensen aldri brukar omgrepet "snikislamisering" igjen.

– Om ho held fram å bruke den typen retorikk, så kan eg love at eg kjem til å kome med motsvar.

Abid Raja om dramaet den siste tiden

Følg pressekonferansen til Abid Raja på Gardermoen her.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger