Hopp til innhold

Siv Jensen: – Heilt uakseptabelt at Grande stiller seg bak Abid Raja

Frp-leiar Siv Jensen krev at Venstre-leiar Trine Skei Grande ryddar opp i partiet, etter skuldingane om at Framstegspartiet fører ein brun politikk.

– Det er heilt klart at det er den interne uroa i Venstre som gjer at dei no vil skifte fokus frå eigen politikk over på Framstegspartiet. Men det er ikkje akseptabelt at Trine Skei Grande går ut med støtte til Abid Raja. Ho har også blitt irettesett av statsminister Erna Solberg, seier Siv Jensen til NRK.

Ho minner om at Venstre frivillig har gått i regjering saman med Framstegspartiet, og dei har heile tida visst at partiet står for ein streng innvandringspolitikk.

Overraska over Raja-støtte

Abid Raja, Venstre

Stortingsrepresentant for Venstre, Abid Raja, har skulda Framstegspartiet for å drive med brun propaganda.

Foto: Ketil Kern / NRK

Frp-leiaren er overraska over at Trine Skei Grande har gått ut med støtte til Abid Raja, som ho meiner har kome med totalt uakseptable påstandar om Framstegspartiet.

– Eg synest det er rart at Venstre-leiaren ikkje tek avstand frå påstanden til Raja, ein påstand som er heilt urimeleg, seier ho.

Siv Jensen krev at Grande ryddar opp, men vil ikkje seie noko om det betyr at partiet kjem med ei orsaking. Ho tek opp att at Venstre-leiaren no må rydde opp i partiet, slik at dei kan halde fram arbeidet i regjeringa saman.

Statsminister Erna Solberg (H) sa dette til NRK laurdag kveld:

Eg er usamd i fråsegnene Frp kom med i valkampen. Det er likevel feil å hevde at dette er brun propaganda. Frp er ikkje eit parti som nører opp under nazisme.

Erna Solberg på D-dagsmarkering i Portsmouth

Statsminister Erna Solberg (H) avviser at Framstegspartiet nører opp under rasisme.

Foto: Øyvind Rønning Nyborg / NRK

Ho sa også at ho er tilhengjar av ein sakleg politisk debatt der ein unngår å klistre merkelappar og karakteristikkar på kvarandre.

– Vi skal ikkje teie

Stortingsrepresentant Abid Raja skulda i eit intervju med NRK Framstegspartiet, som sit i regjeringa saman med Venstre, for å kome med det han kalla brun propaganda .

– Då skal ikkje lenger Venstre teie. Å teie er å akseptere. Og eg nektar å akseptere dette framover, sa Raja blant anna. Han viste til partiet sitt utspel i valkampen om snikislamisering og båtimmigrantar.

I kommentarar på Facebook har Abid Raja presisert at han med brun propaganda meiner rasistisk propaganda.

Raja har fått støtte i utspelet sitt frå partileiar Trine Skei Grande og frå fleire fylkesleiarar NRK har snakka med . Fleire gjer det klart at dei ikkje ser på Framstegspartiet som eit brunt parti, men at dei må forstå at ein del utspel i debatten om islam og båtimmigrantar gjer at dei kan oppfattast som det.

Ein fylkesleiar seier at han definerer brun propaganda som ordbruk som er med på å splitte menneske.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger