Hopp til innhold

Benedikte (21) knakk foten under praksis: Må vente eit år for å fortsette studia

Sjukepleiarstudent Benedikte Fjellheim får ikkje fortsette å studere før neste år, fordi ho knakk foten. – Vi kan ikkje legge til rette for det, seier UiT.

Benedikte Fjellheim. En ung dame med brunt hår og briller ser i kamera.

UHELL PÅ ISEN: Benedikte Fjellheim knakk foten på veg heim frå skulen. No må ho vente eit år med å fullføre praksisen sin og studere med kullet under seg.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

På eitt uheldig sekund blei Benedikte sett tilbake eitt år i studiet.

Då ho glei på glattisen midt under praksisperioden, fekk ho beskjed om at ho ikkje fekk fullføre praksisen.

No må ho vente eit heilt år for å halde fram med studiet.

– Eg blir eigentleg litt fortvila og veldig lei meg. Eg føler ikkje at eg fekk sjansen til å prøve. Viss eg hadde fått prøvd, og det ikkje hadde gått, så hadde det vore ei heilt anna sak.

Universitetet seier at det ikkje er noko dei kan gjere i Fjellheim sitt tilfelle. Les heile svaret lengre ned.

Benedikte Fjellheim. En ung dame med brunt hår og briller sitter med pc-skjermen sin og jobber med en teoribok til sykepleierstudiet.

Bendikte Fjellheim får lov til å ta alle dei teoretiske faga før sommarferien, i tillegg til ein eksamen som ho tar no. Likevel blir ho eitt år forseinka.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Ingen moglegheiter

I februar var Benedikte Fjellheim på veg heim frå kirurgisk praksis på poliklinikken ved Universitetssjukehuset i Narvik.

50 meter frå sjukehuset glei ho. Det skulle få store konsekvensar for ho.

– Det første som gikk gjennom hovudet mitt var «søren heller, der røyk praksisen».

Lærarane til Fjellheim hadde nemleg fortalt ho at det var kritisk at dei fekk fullført praksisen for å få halde fram med studiet.

– Det var det som gjorde meg mest opprørt, ikkje det at eg hadde knekt foten.

Benedikte Fjellheim. En ung dame med brunt hår og briller tar på seg støtteholder til sin brekte fot.

– Konsekvensen er jo at eg ikkje får gå vidare til neste praksis 15. april, sjølv om foten er blitt heilt bra, seier Fjellheim. Ho påpeikar at foten hadde blitt betre over tid.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Fjellheim hadde fullført fire veker av praksisen, og var midtvegs.

For å gipse foten måtte ho vere borte frå undervisninga i ei veke. Det var to dagar lengre enn ho hadde lov til å vere borte frå undervisninga.

I tillegg måtte ho gå med krykker og ei plastsko i minst seks veker.

21-åringen meiner at ho kunne ha fullført praksisen trass i at ho gikk på krykker.

– Den første veka hadde det kanskje vore meir observasjon og slikt. Eg kunne gjere klart og legge fram utstyr, og eg kunne ha vore med på små kirurgiske inngrep, for då sit vi på krakk uansett.

Benedikte Fjellheim. En ung dame med brunt hår og briller går på krykker i en sykehuskorridor.

– Den første veka hadde det kanskje vore meir observasjon og slikt, men mykje av det dei gjer på poliklinikken føler eg at eg kunne ha gjort på krykker, seier Fjellheim.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Men sjølv om sjukepleiarstudenten prøvde å finne løysingar, såg det dårleg ut for å halde fram.

– Eg kom med forslag om at eg til dømes kunne ta opp denne praksisen i ferien, men det sa dei nei til.

Fjellheim foreslo også å fortsette som vanleg og ta praksisen på nytt når klassen hennar skriv bachelor. Om ho kunne ha skrive bachelor på hausten, hadde ho berre blitt eit halvt år forseinka.

Men studiestaden sto på sitt.

Fjellheim er ikkje åleine om å ønske seg at ting blir lagt betre til rette for sjukepleiarstudentane.

Les også Her sluttet 93 sykepleiere på ett år: – Mange fikk lyst å gråte da de kom hjem fra jobb

Bilde av Bente Ingeborg Melø Arntsen med dongeriskjorte og et nøkkelkort hengende rundt halsen.

– Burde ha meir forståing

– Kvar praksisperiode er det mange studentar som tar kontakt med oss og er veldig fortvila fordi dei av ulike årsaker ikkje får lagt til rette praksis.

Det seier Henriette Karlsen Brenna, som sit i studentstyret til Norsk Sjukepleiarforbund.

Dei har ikkje tal på nett kor mange, men anslår at dette er eit ganske stort problem på landsbasis.

– Vi trur også at det er store mørketal basert på at studentane er redde for represaliar fordi dei er redde for negative konsekvensar av å seie ifrå.

Henriette Karlsen Brenna som sitter i NSF student. En dame med jordbærblondt hår, briller og svart genser ser i kamera. I bakgrunnen er det en lilla vegg og lamper som henger ned fra taket.

Henriette Karlsen Brenna i Sjukepleiarforbundet sitt studentstyre meiner at utdanningsinstitusjonane bør ta tak i det ho kallar eit problem om manglande tilrettelegging.

Foto: Hans Ludvig Andreassen / NRK

Samstundes er det i dag stor mangel på sjukepleiarar i Noreg.

Det meiner Karlsen Brenna er eit paradoks.

Ho minner om at forarbeidet til universitet og høgskulelova er tydeleg på at «uforholdsmessige byrder» ikkje handlar om situasjonen åleine, men i kva grad det senkar barrierane for at den enkelte student skal kunne gjennomføre studiet.

– Det er lenge sidan vi lærte av «one size does not fit all». Det er ei forståing vi med fordel burde implementere i sjukepleiarutdanninga.

UiT er tydelege på at det ikkje er mogleg å gjere tilpassingar i Fjellheim sin situasjon.

Kunnskapsdepartementet meiner likevel at utdanningsinstitusjonane må legge til rette for studentane. Les heile svaret nedst i artikkelen.

Les også Sandra digger jobben sin, men én av fire sykepleiere vil ikke anbefale utdanningen til andre

Sykehjemsleder Sandra Lupsic ved Yttern sykehjem i Mo i Rana.

UiT: – Forstår det veldig godt

– Du kan ikkje hoppe over eit emne eller ein praksisperiode for så å ta neste, dette må bli tatt etter tur.

Det seier Laila Arnesdatter Hopstock, instituttleiar for helse- og omsorgsfag ved UiT.

Ho forstår godt at det er fortvilande for Fjellheim å bli sett tilbake eit heilt år på grunn av ein knokken fot.

– Det er veldig kjedeleg for våre studentar å få endra studieprogresjon uansett kva årsaka er.

Laila Arnesdatter Hopstock. Et portrettbilde av dame med mørkt blondt hår og svart jakke ser i kamera med uklart motiv bak seg.

Laila Arnesdatter Hopstock trekker fram at studentar, som eksempel, kan få lagt til rette i samanheng med eksamen dersom du har dysleksi. Men ikkje i tilfelle der ein har mellombels funksjonsnedsetting.

Foto: Jørn Inge Johansen / NRK

Likevel er det ikkje mykje dei kan gjere. Sjukepleiarutdanninga i Noreg har nemleg nasjonale krav og EU-direktiv som dei må rette seg etter, forklarar Hopstock.

Det betyr at det er standardar som gjer at når ein har tatt eksamen og ein praksisperiode, bygger neste praksisperiode på dette. Dette er myndigheitene sitt ansvarsområde.

– I tilfelle som dette kor der ein faktisk ikkje kan utføre dei sjukepleiarfaglege oppgåvene ein skal for å kome i mål med praksisutbyttet i praksis, kan ikkje vi legge til rette for det.

Les også Beate (43) kan endelig bli sykepleier – regjeringa vil fjerne karakterkrav

Beate Marie Nilsen

Håpar på ei endring i systemet

For Benedikte Fjellheim i Narvik er løpet allereie køyrt. Ho må vente eit år før ho kan fortsette å studere.

Men ho håpar likevel det skjer i endring i systemet som gjer det enklare for andre som kjem i same posisjon som ho sjølv.

– Vi får stadig høyre at det er det er dårlege søkartal og få som har lyst til å bli sjukepleiarar. Difor synest eg det er rart at dei ikkje er villige til å legge til rette for dei som går sjukepleiarstudiet.

Benedikte Fjellheim. En ung dame med brunt hår og briller ser i kamera.

Fjellheim synest det er kjipt å ikkje kunne fortsette med studiet ilag med klassen sin. Ho må starte saman med kullet under seg neste vår.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Men Laila Arnesdatter Hopstock ved UiT trur ikkje at erfaringar slik som den Fjellheim sit med vil påverke søkartala til sjukepleiarutdanninga.

– Desse krava har vi over alt, i alle sjukepleiarutdanningane i Noreg. Det er ikkje spesielt for UiT, eller Narvik, så det trur eg ikkje.

Et bilde av inngangspartiet (sett utenfra) av UiT Norges arktiske universitet.

– Når du går ut frå UiT med eit ferskt stempel frå oss om at du er klar til å gå ut i teneste som sjukepleiar, så skal du vere godt skikka og du skal ha nådd kompetansekrava, seier Hopstock ved UiT.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

I tillegg meiner ho både miljøet og utdanninga i Narvik har eit godt rykte.

Ho trur likevel at dei har ein jobb å gå for å få fleire til å velje utdanninga.

– Det er eit fantastisk yrke du går inn i, så eg håpar vi får fleire til å velje sjukepleiarstudiet.

Har du tips?

Har du tips til andre saker eg burde så nærmare på? Tidlegare har eg skrive saker om mellom anna Dayo som blei kasta ut om han ikkje fekk rett jobbmysteriet om den forsvunnede sjøkabelen og sjøfugl som forsvinner fra Lofotenl

Les også Mathilde sluttet som sykepleier på grunn av arbeidspresset – gikk ned tre kilo på en jobbhelg

Sykepleier Mathilde Arnes sammen med tidligere kollega hjelpepleier Ingrid.

Les også Bodø kommune blar opp for å beholde sykepleiere – Sunniva går opp 40.000 i lønn

Sunniva Mollan, sykepleier ved oppfølgingstjenesten i Bodø