Hopp til innhold

Sjøfuglen forsvinn frå Lofoten – havtemperaturen får skulda

Fuglefjellet var den største kolonien av sjøfuglane krykkje og lundefugl i Europa. No står det tomt. Forskarane seier problemet er globalt.

Krykkja på Røst har flytta inn på Røst Rorbucamping

Krykkja på Røst har flytta inn på Røst Rorbucamping

Fiskarane ved fugleøya utanfor Røst i Lofoten har slått at motoren.

Dei pratar lågt til kvarandre.

For få år sidan kunne dei ikkje det.

Då hadde dei måtte skrike.

Ikkje ein einaste fugl

– Viss du skulle føre ein samtale måtte du rope for å høyre noko over lyden av krykkjene. Det var så høg lyd.

Det seier Steve Baines. Han er fuglekjennar. Nesten heile sitt liv har han følgt med på fuglane i øyriket heilt ytst i Lofoten.

Fuglefjellet på Vedøya står heilt tomt for andre år på rad.

Fuglefjellet på Vedøya utanfor Røst står heilt tomt for fugl andre år på rad.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Her bur det om lag 500 menneske. Då Baines kom til Røst budde det også over 3 millioner fuglar her. Dei fleste lundefugl, men også 40.000 av måkefuglen krykkje på fugleøya Vedøya.

Men i fjor vart det stille. Då var det ikkje ein fugl igjen.

– Det er vanskeleg å tru når ein ser korleis det er i dag, seier Baines.

Steve Bains har følgt med på fuglane sidan han kom til Røst frå Leeds for 40 år sidan.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Fuglekikkaren har halde auge med både Lundefugl og måkefuglen krykkje gjennom kikkerten.

Dei to fuglane har liknande livsløp. Dei legg få egg. Dei kjem tilbake til same stad kvart år, og det er forsvinnande få igjen.

– Det er mange som seier at dei ikkje orkar å ta båten forbi Vedøya. Det er for trist når det er så stille, seier Baines.

Heng saman med havtemperaturen

Som ein trekkfugl, kom han sjølv frå Leeds i England til den vesle øya utanfor Lofoten for førti år sidan.

Då var det 40. 000 krykkje, og 3 millionar lundefugl i øyriket.

No er det ingen krykkje igjen på Vedøya, og berre ein femtedel av lundefuglen held stand på fugleøya. I gjennomsnitt døyr 10 prosent av lundefugl på Røst kvart år.

– Krykkja legg tre egg. Det normale er at to av ungane kjem på vingane. Dei seinare åra har det vore færre enn ein unge per reir. Grunnen til det er at dei manglar mat, seier fuglekikkaren.

– Kvifor skjer det?

– Den vaksne fuglen finn ikkje nok mat til ungane. Det har samanheng med temperaturen i havet.

Om krykkja står i reiret er det fordi ho ikkje har lagt egg i år. Det vart fleire ståande krykkje.

Om krykkja står i reiret er det fordi ho ikkje har lagt egg i år. Det vart fleire ståande krykkje.

Tycho Anker-Nilssen er seniorforskar frå Norsk institutt for naturforsking (NINA). Dei følger krykkjene med GPS. Han fortel at no flyr fuglane 150 km utanfor kolonien for å hente mat.

Då er det ikkje alltid fugleungen er i live når dei kjem att.

- Havtemperaturene påverkar næringskjedene. Det er ikkje havtemperaturen i seg sjølv som krykkjene reagerer på, det er tilgangen på mat, seier Anker-Nilssen.

Endring i havtemperatur endrer også økosystema og då også matfatet til krykkjene.

Tradisjonelt har fuglen mata ungane med fiskeyngel, men dei seinare åra har dei fôra ein del med raudåte. Baines seier at det har vorte mindre av både fiskeyngel og raudåte med varmare hav.

Samstundes svømmer fisken lenger nord før han gyter. Då finn ikkje fuglene mat der dei pla finne det før.

Steve Bains

Steve Bains er bekymra for korleis det går med sjøfuglen om 10 år.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Fleire har forsøkt å få Baines til å seie at det er ørna som har skulda for at fuglane forsvinn, men det vil ikkje fuglekjennaren seie.

Fuglen forsvarar seg sjølv med å fly ut og skremme ørna i samla flokk. Når dei ikkje finn mat til ungane, vert bestanden for liten til at angrepet fungerer.

– Det er ikkje ørna sin skuld, men det hjelper sjølvsagt ikkje, seier Baines.

No ligg det berre tre marmoregg att på fugleøya som ein gong var ein av Europas største koloniar av krykkje.

tre ulike saker fra røst om andre år uten krykkje på veddøya, første andelslandbruk på fiskevær og querinifestival

Kunstverket Il Nido/Reiret av Luciano Fabro symboliserer korleis kultur møter natur.

Under angrepet 22. juli 2011, var kunstverket noko av det som gav trøyst til dronning Sonja.

Kunstnaren ville at egget skulle verte dekt av fugleskit og take over av naturen, men i staden er marmoregga dei einaste som er att på øya.

Sjøfugl på nordleg halvkule slit mest

– Dette gjeld ikkje berre på Røst. No er det eit tydeleg problem vi ser langs heile fastlandskysten, seier Anker-Nilssen.

På 80- og 90-talet merka både fuglekikkaren Steve Baines og NINA at fuglebestanden av krykkje og lundefugl var på veg ned.

Økosystema er prisgitt naturlege variasjonar. Matfatet til fugl og andre dyr på toppen av næringskjeda vert endra fordi balanseforholdet mellom arter lenger nede forandrar seg.

Hekkande krykkje på Røst

Hekkande krykkje på Røst.

Foto: Sofie Rettestøl Olaisen / NRK

NINA har følgt med på sjøfuglbestandane i mindre enn 70 år, difor kan variasjonane vere naturlege.

– Samstundes endrar forholda seg. Global oppvarming er eit tema, og vi begynner å sjå nyansar av at det får effekt. Fuglane klarer ikkje å tilpasse seg endringane like fort som dei skjer, seier seniorforskaren.

Tar inn på hotell

– Eg tørr nesten ikkje tenke på korleis bestanden ser ut om 10–15 år, seier Steve Baines.

I fjor var første gong han ikkje såg ein einaste krykkje på Vedøya. Det gjer han ikkje i år heller.

Det vil seie – krykkja er ikkje heilt vekk enno.

Den siste krykkja som er att på Røst bur på Rorbucampinga.

Dei siste fuglane i krykkjekolonien har flytta inn på Rorbucampinga.

Anker-Nilssen forklarar at sjøfugl trekker inn i hus og bygningar fleire stader i landet. Nært på folk er dei i det minste skjerma frå rovfugl.

Dei få som er att på Røst har difor tatt inn på hotell.

Som mange sommarturistar bur dei rett og slett på rorbu.