Hopp til innhold

PST varsla om mysterium på havbotnen: 10 tonn tung kabel sporlaust forsvunne

Plutseleg gjekk skjermane til forskarane i svart. Synet som møtte dei på havets djup, gjorde at dei trykka på alarmknappen.

Den digre kabelen som forsvann

SPORLAUST FORSVUNNE: Denne digre sjøkabelen forsvann sporlaust frå havbotnen. Han vart brukt til å sende informasjon til Havforskingsinstituttet.

Foto: Havforskingsinstituttet

I havet utanfor Bø i Vesterålen finst det eit gigantisk kabelnettverk.

Dette undersjøiske nettverket samlar inn informasjon om kva som rører seg på havets djup. Ein stasjon på land, i Bø i Vesterålen, mottar denne informasjonen.

3. april i år gjekk plutseleg alle skjermane i svart for forskarane som jobbar her.

Sambandet var brote.

Kabelnettverket på til saman 66 kilometer var sat heilt ut av spel.

– Dette er eit mysterium, rett og slett, seier Sissel Rogne, administrerande direktør i Havforskingsinstituttet til NRK.

Kva hadde eigentleg skjedd på havbotnen?

– Som ei julelenke

Det undersjøiske sensornettverket har fått namnet «LoVe Ocean», og er delvis finansiert av Equinor. Nettverket gjer det mogleg å samle inn data frå havbotnen i sanntid.

Det var Dagens Næringsliv som først omtalte mysteriet.

Det er kopla mikrofonar og kamerautstyr til kabelen som sender informasjon til land.

Sagt med andre ord – systemet kan overvake det meste som skjer under havoverflata.

Havforskingsinstituttet bruker sensornettverket til å dokumentere livet i havet. Torskebestanden, skreivandringa, djuphavskorallar og sjøfuglar.

Det kan høyre kvalar i området og sjå korleis vatn frå Atlanterhavet blandar seg med vatn i den norske kyststraumen.

Høgteknologiske plattformer, såkalla nodar, er kopla saman i eit nettverk heile 2500 meter ned i djupet.

Bilde tatt frå den einaste undersjøiske stasjonen som framleis fungerer.

NODE 1: No er det berre ein av dei sju undersjøiske stasjonane kalla node som sender bilde tilbake til forskarane.

Foto: Havforskingsinstituttet

Men nettverket fangar opp meir enn fisk. Det høyrer fiskebåtar og trålarar.

Og det plukkar opp nøyaktig informasjon om ubåtar i området.

Difor vert informasjonen frå sensornettverket «vaska» av Forsvarets forskingsinstitutt, før havforskarane får han. Dei filtrerer ut «sensitiv informasjon» om trafikken.

– Elles ville vi hatt informasjon om kvar ein ubåtaktivitet og annan aktivitet i dette området i sanntid, forklarar Rogne.

Fann problemet etter eit halvt år

Då skjermane plutseleg gjekk i svart i april, begynte Havforskingsinstituttet å leite etter kvar feilen låg.

Dei begynte med å sjå i eigne kablar og koplingar.

Til slutt såg dei at feilen ikkje låg i nærleiken. Då fekk dei hjelp av Equinor og forsyningsskipet «Havila Subsea».

Dei sende ned roverar som følgde langs kabelen.

Halvanna år seinare, 10. september fekk dei svaret:

Kabelen mellom «Node 2» og «Node 3» var røska ut, og forsvunne. Det var ikkje spor av han på 100 meters margin på kvar side av der kabelen hadde ligge.

Kvar det vart av dei om lag 10 tonna med sjøkabel er framleis eit mysterium.

– 4,3 km med vår veldig viktige kabel var forsvunne i det lange observasjonslaboratoriet vårt i havet.

All data forsvann med eit trylleslag i det ein del av kabelen brått vart borte. Nærmare 10 tonn med sjøkabel var sporlaust forsvunne.

– Du kan samanlikne det med når ei pære går i juletrebelysninga. Då går alt i svart. Det skjedde også då kabelen forsvann.

Står utan svar

På Equinor sine avbildingar frå staden kan ein sjå at kabelfesta på begge nodane er røska vekk.

– Til det trengst eit ganske stort rykk. Det må ha skjedd med veldig stor kraft, seier Rogne.

Geir Pedersen, seniorforskar ved Havforskingsinstituttet og prosjektleiar i «LoVe Ocean», seier dei i det lengste håpa det ville løyse seg lett.

– Det var eit lite støkk når eg såg kvar alvorleg det var. Når vi såg at det var rive av, og vi ikkje finn igjen kabelen, er det alvorleg. Då krevjast det mykje pengar og jobb, seier han.

Node

Ein node vert senka i havet for å gjere observasjonar i 2019. Undervatnsstasjonane fekk stå i om lag 2 år før kabelen forsvann og sendingane slutta.

Foto: Geir Pedersen / Geir Pedersen

Er det nokon verdi i kabelen i seg sjølv?

– Det er dyr infrastruktur. Kabelen er nok litt øydelagt, men det kan vere mogleg å bruke deler av han på nytt.

Korleis kan dei finne ut kva som skjedde med kabelen, når kabelen sjølv var den som overvaka det som skjedde på havbotnen?

Kva har skjedd med kabelen? Og kven tok han?

Havforskingsinstituttet står utan svar.

– Det er mange teoriar og spekulasjonar ein kan gjere. Nettopp på grunn av det har vi meldt saka til PST. Det er fordi systemet samlar mykje sensitiv informasjon, seier direktøren i Havforskingsinstituttet.

Har varsla regjeringa

I tillegg har Rogne ringt Nærings- og fiskeridepartementet for å orientere regjeringa.

Øystein Brun, sikkerheitsleiar og infrastrukturdirektør ved Havforskningsinstituttet fortel at det er folk som kan ha nytte av at kabelen forsvann.

– Det vi driver med kan ha interesse for andre. Data vi samlar opp ligg tilgjengeleg på nettet. Det kan vere at nokon ikkje ønsker at det skal ligge der, seier han.

Kan nokon ha dulta borti ved eit uhell?

– Det kan vere, men då ville dei sannsynlegvis ha merkt det, seier Brun, som peiker på at det er eit område med mange trålarar, og at store trålarar har kraft nok til å røske laus ein slik kabel.

Forsvunne kabel

Måleinstrument til observasjonsplattform nummer 4 vert plassert vertikalt i vatnet.

Foto: Geir Pedersen / Havforskingsinstituttet

Kystverket har tilgang på offentlege AIS-data. Med det kan dei sjå kva skip som går i norske farvatn.

Det kunne ha vore ein måte å sjå kva skip som var i området då kabelen forsvann.

Men ifølge Næringslivets sikkerheitsråd, som mellom anna har følgt med på russiske aktivitetar langs den norske kysten, er det ikkje uvanleg at fartøy slår av AIS-sendaren i blant. Til dømes når dei vil skjule kvar dei har vore.

PST seier til DN at dei ikkje vil kommentere saka. Det vil heller ikkje Troms politidistrikt, som no etterforskar saka.

FFI seier til DN at deira rolle i LoVe-observatoriet ikkje er sentral.

I November skal Havforskingsinstituttet på nytt ut for å leite etter kabelen.

Men for no blir den forsvunne kabelen verande eit ordentleg mysterium.