Jobbar du med det du utdanna deg som?
Det er det ikkje alle som gjer.
Tar vi til dømes mastergrad i økonomi er det 24.595 personar som ikkje jobbar i yrke som er relevant for utdanninga i Noreg, ifølge SSB.
Det vil seie 44 prosent av alle som har utdanna seg innan økonomi.
For dei fleste har det heller ikkje noko å seie. Jobb er jobb.
Men for Dayo i Bodø er dette vere eller ikkje vere.
Om han ikkje får seg relevant jobb for mastergraden i økonomi innan tre veker, blir han kasta ut.
- Nokon bur lenge i Noreg før dei får beskjed om at dei må forlate landet. Zarina kallar seg sjølv norsk, men står i fare for å bli kasta ut.
– Mange spør meg kvifor eg kom hit. Eg har aldri kunne svare på det, men svaret er kanskje kvifor ikkje, seier Dayo.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK– Eg har vore så heldig
Eigentleg heiter han Adedayo Adebiyi. Men alle kallar han berre for Dayo.
Han kom frå Nigeria til Bodø i 2021 for å ta mastergrad i økonomi. Den kunne han tatt kvar som helst.
Men nett den vinteren vann Bodø/Glimt Eliteserien. Då var Dayo i himmelen. Han elskar nemleg fotball.
– Min første oppleving var feiringa i byen. For meg var det fantastisk. Eg nøyt kvart sekund, seier Dayo.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBNo har han både kjæraste og bonusfamilie i Bodø. Og om han ikkje veit kvifor han kom hit, har samfunnet i Bodø i alle fall gitt han svar på kvifor han har lyst til å bli.
– Eg har vore så heldig og møtt dei rette folka. Dei har tatt meg så godt i mot.
No jobbar han både som servitør på ein restaurant, og han jobbar på Aspåsen skule i Bodø.
I tillegg jobbar til dømes 269 økonomar som pleie- og omsorgsarbeidarar og 81 økonomar som postbod, ifølge SSB. 26 økonomar er kjøkkenassistentar.
– Det gir meg veldig mykje å jobbe på skule. Eg kjem på jobb kvar dag og blir så glad fordi eg veit at det blir ein veldig artig dag, seier Dayo.
Men sjølv om han elskar jobben sin, og betalar skatt, er det ikkje nok for UDI.
Han må nemleg ha ein relevant jobb for mastergraden om han skal få halde fram med å bu i Noreg.
Tre veker til å finne jobb
Dayo skulle eigentleg fullføre mastergraden i økonomi våren 2023. Men han sende inn ein eksamen i eit fag på feil innsendingsplattform. Då fekk han ikkje bestått i faget, og ikkje godkjent utdanninga.
Han mangla 7,5 studiepoeng.
– Det har ikkje vore nokon lett 2024 for meg. Det starta på verste måte, fortel Dayo. 2. januar fekk han beskjeden om at han hadde tre veker på å få relevant jobb.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRKSom utanlandsk student har du to val når du er ferdig med studiane:
- Du kan søke på arbeidsvisum.
- Du kan søke på utvida studentvisum.
Dayo mangla ikkje nok studiepoeng til å søke utvida studentvisum. Samstundes ville han ikkje fått arbeidsvisum om han mangla 7,5 studiepoeng.
Han fall difor mellom to stoler.
No har Dayo søkt på over 100 jobbar, utan å få ja på nokon av dei. – Eg gjer det heile tida. Kvar dag, i kvar ledig stund sender eg søknad.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRKDayo søkte på utvida studentvisum i august. I løpet av hausten tok han eit anna kurs. Difor har han fullført mastergraden no. Men han har ikkje opphaldsløyve.
Sidan han allereie har fått avslag på utvida studentvisum vil han no heller ikkje få arbeidsvisum, med mindre han har ein jobb relatert til studiane.
– Eit nådelaust system
Nils Henrik Severinsen, inspektør ved Aspåsen skule, seier Dayo er ein omgjengeleg person som er godt likt av både vaksne og elevar på skulen.
– Det er eit ganske nådelaust system som ein kanskje ikkje tenker over i det daglege fram til det kjem nærmare på med folk vi kjenner, seier inspektøren.
– Vi håper det ordnar seg for Dayo. Han har høg kompetanse innanfor sitt felt, og det trengst. Eg trur han vil vere eit godt tilskot for eit kvart kollegium, seier inspektør Nils Henrik Severinsen.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK– Kva tenkjer du om at nett Dayo må jobbe innanfor det han har master i, medan mange nordmenn ikkje gjer det?
– Ser du på det reint logisk ut høyrest det ikkje riktig ut. Men vi må forhalde oss til det, om vi er einige eller ikkje. Så må vi berre prøve å hjelpe han så godt vi kan.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet: – Ingen opning i regelverket
Statssekretær Per Olav Skurdal Hopsø i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, kan ikkje gå inn i den konkrete saka til Dayo.
Men seier at det er eigne regler for folk som kjem frå land utanfor EØS.
– Det er fordi at Noreg ønskjer at behovet for arbeidskraft skal bli dekt gjennom ressursane i den norske befolkning og av arbeidsinnvandrar frå EØS, seier Hopssø.
– For å få opphaldsløyve som faglært frå land utanfor EØS må søkjaren ha et konkret tilbod om heiltidsarbeid med norsk lønns- og arbeidsvilkår, i tillegg til ein formel utdanning som er relevant for stillinga, seier Statssekretær Per Olav Skurdal Hopsø i arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Foto: Trøndelag ArbeiderpartiDette for behovet for arbeidskraft må bli balansert mot eit omsyn til ein kontrollert og berekraftig innvandring.
– Det finst difor ingen generell opning i regelverket for å rekruttere ufaglært arbeidskraft frå land utanfor EØS, seier statssekretæren.
Dayo fortel at han blei veldig lei seg då han fekk brevet frå UDI i januar. Ikkje berre fordi han fekk avslag, men fordi han brøyt reglane.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRKMen han legg til at det likevel er lagt til rette for at studentar frå land utanfor EØS som har fullført utdanninga si i Noreg, kan søkje om ei opphaldsløyve i inntil eitt år for å søkje arbeid.
– Ein må vere faglært og ha gyldig opphaldsløyve som student på søknadstidspunktet for at ei slik løyve retta mot arbeidssøkjar kan innvilgast.
– Eg er ein regelryttar
– Eg trur på reglar, seier Dayo.
Han har jobba som revisor og rekneskapsførar før.
– Difor veit eg at system må ha regler. Ifølge dei har eg brote dei reglane. Det har eg forståing for.
– Er det ikkje urettferdig at du må jobbe med det du har utdanning i?
– Eg synest ikkje det er urettferdig. Eg er ein regelryttar. Om det er regelen, så er det regelen.
– Men for folk som er født i Noreg er jo ikkje reglane slik?
– Sånn er reglene, seier Dayo.
Fleire i Bodø-samfunnet har prøvd å hjelpe Dayo etter at han først fortalde historia si på sosiale medium. – Det får meg til å føle meg elska. Folk vil meg det beste. Det motiverer meg også.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRKTakk for at du las heile saka. Send meg gjerne eit tips om du vil at eg skal skrive om noko anna!
Vil du lese meir? Her er nokre tips: