Hopp til innhold

Ynskjer fleire ferjer i fylket

Folk i ferjefylket Møre og Romsdal er folk lei av å vente på ferja. No er mange spente på statsbudsjettet som kjem i morgon.

Det er for dårleg kapasitet i fleire sterkt trafikerte samband. Mange er spente på statsbudsjettet.

SJÅ TV-SAKA: Det er for dårleg kapasitet på fleire sterkt trafikkerte samband i fylket. Mange er spente på statsbudsjettet som kjem i morgon. (Foto/redigering: Roar Strøm).

Det er for dårleg kapasitet i fleire sterkt trafikkerte samband. Attståande bilar og lang ventetid er eit velkjent problem ved fleire ferjeleier i Møre og Romsdal.

På ferjesambandet mellom Sølsnes og Åfarnes har bilar som står igjen lenge vore eit problem. Frå brua ser overstyrmannen det tydeleg. Sjølv om den eine ferja som går på strekninga tek unna så godt ho kan – så er det ikkje nok.

– Det er vell knapt ein einaste dag at det ikkje står igjen bilar. Det variera sjølvsagt kor mange som står att, men det står som regel nokre igjen, seier Sigfred Sølnes, overstyrmann på ferja M/F Julsund.

Fleire ferjer

På ferja er trafikantane tydeleg på kva dei ynskjer. Emil Inge Fjærvoll er blant dei mange tungtransportsjåførane som kvar dag kryssar sambandet mellom Sølsnes og Åfarnes.

Emil Inge Fjærvoll

PROBLEM: Emil Inge Fjærvoll fortel at det ofte er problem på strekninga.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Problema er størst når det nærmar seg helg og tidleg på morgonen, då er det kaos, fortel Fjærvoll.

Møre og Romsdal fylkeskommune ansvaret for drifta i 23 samband. Tre selskap konkurrerer om anboda, men kostnadane stig og meldinga frå fylket har vore at dei ikkje maktar å imøtekome kravet om to ferjer i dette sambandet – året rundt.

Lars Olav Hustad, ordførar i Rauma kommune meiner fylkeskommunepolitikarane i større grad må sjå på kostnadane ved dei ulike sambanda.

Han meiner sambandet mellom Sølsnes og Åfarnes er eit av dei viktige knutepunkta i fylket.

– Det er eit stort samband, og eit av sambanda med mest tungtransport her i fylket, meiner Hustad.

Avgjerande statsbudsjett

I morgon legg regjeringa fram sitt fyrste statsbudsjett. Det kan bli avgjerande for kva ferjedrift vi får i Møre og Romsdal i framtida. No håpar mange på eit løft i samferdselssektoren. Hustad er optimistisk.

Ordførar lars Olav Hustad

HÅPFULL: Lars Olav Hustad håper på meir pengar til ferjesambanda.

Foto: Roar strøm / nrk

– Eg trur det kan kome nokre midlar. Dei er kanskje ikkje øyremerka direkte til ferjedrifta, men dersom det kjem pengar til samferdsel generelt kan det smitte over på sambanda, seier Hustad.

Denne veka er det haustferie for mange og redusert trafikk. Men når alle pendlarane er på plass ser det annleis ut på ferjekaia. Trafikantane i ferjekøen er i alle fall tydelege på kva dei ynskjer.

– Det er alltid bilar som står att, og vi ser stadig meir av det. Det er eit tydeleg behov for fleire ferjer, seier Walter Rovick.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL