Hopp til innhold

Skuffa over at Ålesund fengsel ikkje får pengar

Det er skuffande at nytt fengsel for Ålesund og sunnmøre ikkje er med i regjeringas forslag til statsbudsjett. Det meiner justispolitisk talskvinne i Senterpartiet, Jenny Klinge.

Ålesund fengsel

Ålesund fengsel hadde 150-årsjubileum i sommar. Fengselet er umoderne og kan ikkje byggast ut fordi det er freda utvendig.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Jenny Klinge

Jenny Klinge (Sp) meiner regjeringa burde ha løyvd pengar til planlegging av nytt fengsel i Ålesundområdet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ålesund fengsel vart bygt allereie i 1864 og hadde 150 årsjubileum i sommar. Diskusjonen om nytt fengsel i Ålesundsområdet har pågått i mange år. I statsbudsjettet for 2015 er det ikkje løyvd pengar til nytt fengsel.

– Det er fastslått at det trengst eit nytt fengsel i Ålesund og det er behov for langt fleire soningsplassar i regionen. Då hadde eg forventa at det kom pengar slik at ein får starte prosessen, seier Jenny Klinge (Sp).

Skuffa over Nesvik

Regjeringa foreslår 41 nye fengselsplassar i Kongsvinger, Hustad, Bergen og Bodø, men Ålesund er ikkje nemnt. Klinge meiner at den massive satsinga regjeringa har sagt at dei skal ha på Kriminalomsorg og fengsel, ikkje er mange spor av.

Ho reagerer sterkt på at parlamentarisk leiar frå FrP, Harald Nesvik har gått høgt på banen og lovt nytt fengsel.

– Eg forventa då at det vart konkret oppfølgt i statsbudsjettet, seier Klinge.

Må kartlegge behovet

Harald Nesvik

Harald Nesvik seier at behovet for fengselsplassar i heile landet skal kartleggast.

Foto: Trond Vestre

Harald Nesvik seier at regjeringa arbeider med ein større fengselsreform, der ein skal kartlegge behovet i heile landet før det kjem ein heilheitleg plan. I Ålesund er det ikkje bestemt kvar fengselet skal ligge og Nesvik seier at prosessen ikkje er komen så langt at det er løyvd planleggingsmidlar. Han meiner Klinge brukar dette som eit billeg poeng, fordi ho sjølv ikkje lukkast i justispolitikken.

– Eg har ikkje lovt nytt fengsel i Ålesund. Eg har gått ut og sagt at vi skal jobbe for å få på plass eit nytt fengsel på Sunnmøre og det skal eg jobbe steintøft med, seier Nesvik.

Må presse på

Klinge gir ikkje opp tanken om å få på plass pengar til planlegging. Ho kjem til å kontakte KrF og Venstre for å oppmode dei om å arbeide for fengselet i Ålesund.

– No blir det viktig at alle parti pressar på, slik at fleirtalet på Stortinget går inn for å løyve pengar til Ålesund fengsel, seier Klinge.

Les alt om statsbudsjettet i Møre og Romsdal her

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL