Hopp til innhold

Treng 100 millionar frå staten til nye ferjer

Det var heftige diskusjonar rundt bordet då politikarane møttest for å diskutere pengar og ferjer i Molde onsdag.

Ullensvang

Statsbudsjettet kan bli avgjerande for kva ferjedrift vi får i Møre og Romsdal i framtida, meiner leiaren for samferdselsutvalet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Oddbjørn Vatne

Oddbjørn Vatne er redd for at dei må leggje ned ferjesamband viss dei ikkje får meir pengar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Statsbudsjettet kan bli avgjerande for kva ferjedrift vi får i Møre og Romsdal i framtida, meiner leiaren for samferdselsutvalet i fylket, Oddbjørn Vatne (Sp).

Han er redd for nedskjeringar viss dei ikkje får meir pengar frå staten.

8. oktober legg regjeringa fram sitt første statsbudsjett. Utfordringane er store på fylkesferjesambanda, seier Vatne.

Politikarane kjemper for å finne nok pengar, og leiter no med lys og lykter.

– Det skulle berre mangle at staten følger opp dei nye anboda og gir oss meir pengar til å drive ferje.

Fryktar nedlegging

Han håper at det ikkje går så langt at ein må leggje ned ferjesamband.

– Det er alvorleg at vi manglar 100 millionar kroner. Det har vi informert sentrale politikarar gong på gong, så det veit dei godt om, seier Vatne.

Frank Sve

Frank Sve gruer seg ikkje til å sjå statsbudsjettet 8. oktober.

Foto: Trond Vestre / NRK

Alle ferjefylka langs kysten slit med den same utfordringa. Det kostar å drive ferje og pengane strekk ikkje til.

Frank Sve (Frp) har vore i opposisjon i mange år. No er det hans tur til å forsvare det statsbudsjettet som blir lagt fram. Og det er ikkje berre ferjer. Lista over krav er lang og fyldig, ikkje minst innanfor hans eige favorittfelt samferdsel.

– Vi har behov for eit større tilbod med både fleire ferjer og fleire avgangar, seier Sve.

Han gruer seg ikkje til å sjå budsjettet, og er optimistisk til resultatet.