Hopp til innhold

Lokalavisene er uroa for framtida

Lokalavisene kan bli hardt ramma dersom regjeringa får fleirtal for å kutte pressestøtta med 50 millionar kroner.

Lokalaviser er uroa for fylgjene av kutta i pressestøtta som regjeringa går inn for.

SJÅ TV-SAKA: Regjeringa foreslår å kutte pressestøtta med 50 millionar kronar. Det får lokalavisene til å frykte for framtida. (Foto/redigering: Remi Sagen).

I går kom Solberg-regjeringa med sitt fyrste forslaget til neste års statsbudsjett. Der foreslo dei å redusere produksjonsstøtta til avisene med 50 millionar kroner, frå 310 millionar kroner år til ca. 260 millionar neste år.

Frank Kjøde, redaktør i Sykkylvsbladet tykkjer forslaget er overraskande.

– Det har vore ei kjend sak at Frp har ynskja å kutte pressestøtta totalt og Høgre har jo delvis vore på gli, men eg hadde aldri trudd at dei kom til å kutte så mykje som 50 millionar, seier Kjøde.

Les alt om statsbudsjettet i Møre og Romsdal her.

Skuffande og uventa

Rune Hetland, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser meiner forslaget både er skuffande og uventa.

Rune Hetland

SKUFFA: Rune Hetland er skuffa over forslaget til regjeringa om å kutte pressestøtta

Foto: Landslaget for lokalaviser

Hetland hadde håpt at politikarane i større grad ville legge til rette for ein mediebransje som for tida opplever motgang.

Hetland trekker fram omstillinga til ein digital kvardag og aviser som slit med å halde oppe inntekter både frå annonsør og lesarar, som nokre av dei problema lokalavisene har møtt den siste tida.

– At regjeringa skal gjere denne børa tyngre ved å kutte i tilskota til lokalavisene er rett og slett dårleg gjort, seier Hetland.

Det er ikkje noko nytt at media slit, og mange aviser har måtta kutta kostnadane dei siste åra. Hetland trur eit kutt i pressestøtta vil betyr

– Det er klart at når lønnskostnader og andre kostnader stiger samtidig som inntektene går ned og tilskota frå staten skal kuttast, så er det uunngåeleg at ein må seie opp journalistar, meiner Hetland.

Håpar på endring

Hetland er redd eit kutt i pressestøtta vil gå utover journalistikken i avisene og meiner det er uheldig for lesarane av desse avisene.

– Når ein må kutte år etter år så vil det til slutt gå utover produktet, meiner han.

Hetland trur ikkje at kutta til pressestøtta i seg sjølv fører til at avisene må legge ned. Men når kutta kjem i tillegg til mindre inntekter og auka kostnader for avisene, då kan konsekvensane bli dramatiske.

Frank Kjøde

ENDRING: Frank Kjøde håper fleirtalet på Stortinget vil stoppe forslaget frå regjeringa.

Foto: Remi Sagen / nrk

– For ein liten redaksjon kan pressestøtta motsvare ei journaliststilling. I ein redaksjon med berre to-tre journalistar utgjer det ein stor forskjell, seier han.

No håpar Hetland at fleirtalet på Stortinget vil stoppe forslaget slik at avisene får behalde den pressestøtta dei har i dag.

Redaktøren i Sykkylvsbladet håpar på det same. For dei betyr eit kutt i pressestøtta om lag 90 000 kroner mindre i året.

– Då må vi auke kostnader og redusere utgifter ytterlegare. Det er ikkje ei enkelt sak ei lita avis som Sykkylvsbladet, seier Kjøde.