Hopp til innhold

Ferjeforventningar til statsbudsjettet

Ferjependlarane er lei av å stå i kø. No håpar dei morgondagens statsbudsjett kan gi bod om ein betre kvardag.

Ferjekaia i Molde

FERJEKAOS: Det nye statsbudsjettet som kjem i morgon kan bli avgjerande for kva ferjedrift vi får i Møre og Romsdal i framtida.

Foto: Kjell Herskedal / Scanpix

Attståande bilar og lang ventetid er eit velkjent problem ved fleire ferjeleier i Møre og Romsdal, særlig på sambanda Halsa – Kanestraum og Molde – Vestnes.

Talet på bilistar er aukande, særlig om sommaren. Lokalpolitikarane og andre aktørar i ferjefylket har lenge håpt at regjeringa vil auke kapasiteten på strekningane. 8. oktober legg regjeringa fram sitt fyrste statsbudsjett.

Det nye statsbudsjettet kan bli avgjerande for kva ferjedrift vi får i Møre og Romsdal i framtida.

Håp om meir pengar

Halvor Holm brukar dagleg sambandet Sølsnes-Åfarnes, og må ofte stå att. Ei ekstra ferje ville ha løyst problema, men prislappen er 15 millionar kroner i året. Holm er oppgitt over situasjonen.

– Det blir snakka mykje om det, men vi føler oss som den vesle mannen mot den store makta. Ein føler seg litt makteslaus, seier Holm.

Men Holm er ikkje aleine om å vere frustrert. Riksvegssambanda Molde – Vestnes og Halsa – Kanestraum slit også med attståande bilar. Halsa – Kanestraum har den siste tida operert med ei tredje ferje, men dette er berre ei prøveordning.

I morgon legg regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett og Holm håper det kan kome meir pengar til ferjedrifta i fylket.

– Regjeringa har fleire gongar snakka om at dei skal satse på samferdsel, så då må ein kunne håpe på meir pengar, meiner han.

Ferjedrifta er truga

Problemstillinga er ikkje ny. Alle ferjefylka langs kysten slit med den same utfordringa. Det kostar å drive ferje og pengane strekk ikkje til.

Oddbjørn Vatne

KOSTNADER: Oddbjørn Vatne seier det manglar hundre millionar kroner for å drifte ferjene på fylkesvegssambanda.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Leiar i samferdselsutvalet Oddbjørn Vatne seier det manglar hundre millionar kroner for å drifte ferjene på fylkesvegssambanda.

Ifølgje han er årsaka auka kostnadar i samband med anboda. Om det ikkje kjem meir pengar i statsbudsjettet blir situasjonen endå verre for pendlarane. Vatne er redd for nedskjeringar dersom dei ikkje får meir pengar frå staten.

– Då aukar sannsynet for at vi må skjere ned i fylkesferjedrifta. Bilar kjem til å måtte stå igjen på kaia oftare og vente mykje lengre enn dei har gjort tidlegare, seier Vatne.

Politikarane kjemper for å finne nok pengar, og Vante seier dei treng pengar allereie frå fyrste i fyrste 2015

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL