Hopp til innhold

– 400-meteren er fantastisk, men eg hatar å springe den

Karsten Warholm frå Dimna IL klarte ikkje å kvalifisere seg til semifinalen i 400 meter under EM i friidrett i Zürich i dag.

Karsten Warholm under runde 1 på 400 meter på Letzigrund Stadion i Zurich

Karsten Warholm under runde 1 på 400 meter på Letzigrund Stadion i Zurich.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Karsten Warholm under runde 1 på 400 meter på Letzigrund Stadion i Zurich

Karsten Warholm etter 400-meter på Letzigrund Stadion i Zurich.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Friidrettstalentet sprang inn til 7. plass i sitt heat på 400 meter. Tida 46.73 var ikkje god nok til at han kom vidare til semifinalen. Warholm har lenge sagt at han har eit elsk-hat-forhold til nettopp denne distansen.

– Eg syns at 400-meteren er fantastisk, men eg hatar å springe den. Eg er glad for at eg gjorde det, og i kveld kan eg legge meg med god samvit, seier Warholm.

Smertefullt løp

Smerta i beina er grunnen til at han ikkje er spesielt glad i 400-meteren, men den gløymer han frå gong til gong. Og difor gjer han det på nytt.

– Eg kjende meg pigg då eg starta, og dei 200 første metera gjekk lett. Taktikken min var å peise på i starten, og det fungerte. Eg hadde ikkje hatt sjanse viss ikkje, seier Warholm.

Nestenrekord

Sjølv om han ikkje kvalifiserte var tida god. Det er berre andre gongen han har klart å halde seg under 47 sekund på 400-meter. Det var dei fire beste i kvart heat og dei fire beste tidene som gjekk vidare.

– Det må eg sjå positivt på. Eg klarte å halde ei grei fart, men eg kjende mjølkesyra godt på slutten.

Nervar før start

Friidrettstalentet fortel at han har slite med å få nok søvn før dagens løp.

– Eg skal vere så ærleg å seie at eg var ganske øydelagt før start. Eg har vore veldig nervøs, og sleit difor med å få sove kvelden før. Men søvn natta før treng ikkje nødvendigvis å vere avgjerande, seier han, og innrømmer at dagens løp har gitt meirsmak.

Vebjørn Rodal

NRKs ekspertkommentator Vebjørn Rodal skryt Warholm opp i skyene.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– I dag har eg berre hatt 400-meteren i tankane. Eg hadde framleis nervar, men mest av det positive slaget.

Lovord om Warholm

NRKs ekspertkommentator Vebjørn Rodal er likevel full av lovord. Han meiner at Warholm er eit av dei største norske friidrettstalenta nokon gong.

– Det er få nordmenn som er så naturleg rask, og som klarer å gjennomføre så mange ulike greiner i så ung alder. Alderen din er ein kjempefordel, seier ekspertkommentatoren, og legg til at Warholm held eit svært høgt nivå for ein 18-åring.

– Du er ikkje så verst du heller, svarte Warholm.