Hopp til innhold

–Eg ser ingen ulemper med Volda og Hornindal

I kveld har Volda og Hornindal møttest på nytt for å utarbeide ein ny intensjonsavtale mellom dei to kommunane. Det blir ekstraordinære kommunestyremøte i begge kommunane neste veke. Voldaordføraren har trua.

Jørgen Amdam

Jørgen Amdam, ordførar i Volda, håper at det blir ei samanslåing med Hornindal.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg håper og trur at vi skal få til ei samanslåing mellom Volda og Hornindal. Vi ser at dette vil styrke begge kommunane. Eg kan rett og slett ikkje sjå noko ulempe med ei samanslåing, seier ordførar i Volda, Jørgen Amdam (Ap).

Måndag kveld var forhandlingsutvala for begge kommunane samla for å utarbeide ein ny intensjonsavtale, denne gongen utan Stryn. I Volda blir det ekstraordinært kommunestyremøte 28. juni, og i Hornindal er det møte to dagar seinare.

– For Volda sin del vil ei samanslåing sikre eit langsiktig og betre tenestetilbod i Austefjordområdet, seier Amdam.

På sporet att

Stig Olav Lødemel

Stig Olav Lødemel seier at det blir opp til politikarane å bestemme om dei skal slå seg saman med Stryn eller Volda.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel seier at dei hadde to retningar som var likeverdige, men då kommunestyret i Volda sa at det ikkje var aktuelt å slå seg saman med Hornindal utan ei folkerøysting, skapte det problem. Fristen for å gjere vedtak om kommunesamanslåing er 1. juli.

I etterkant var det fleire politikarar som tok kontakt med Voldaordføraren for å få i stand ein intensjonsavtale. Lødemel meiner Hornindal no er inne på sporet att, slik at dei har to avtalar å ta omsyn til. Den andre intensjonsavtalen er med Stryn åleine.

– No må politikarane bruke tida fram mot 30. juni på å bestemme kva retning Hornindal bør gå, seier Lødemel.