Vindkraftmotstandarar åtvarar Island mot norsk selskap

Vindkraftselskapet Zephyr vil bygge vindmøller på Island. Det får vindkraftmotstandarar på Haramsøya til å reagere.

Motstand mot vindkraft på Haramsøya

Folk på Haramsøya har ikkje gitt opp kampen for å stanse bygginga av 150 meter høge vindturbinar på fjellet.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Anleggsmaskinene på Haramsøya er i full gang med å gjere klart til åtte vindturbinar på fjellet.

– Vi kjenner på stress og ei sorg. Sinne og håplausheit, seier vindkraftmotstandar Jill Smith.

Dei har gjort alt dei kan for å stoppe prosjektet med aksjonar og rettssak, utan å vinne fram.

Jill Smith

Jill Smith håper at folk på Island slepp å oppleve det same som øyfolket på Haramsøya.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Sende brev til Island

No vil dei hindre at islendingar skal tape sin natur til vindturbinar og har sendt brev til islandske politikarar og media med ei åtvaring. Utbyggaren Zephyr har planar om fleire vindkraftprosjekt på Island.

– Vi vil ikkje at folk på Island skal oppleve dette. Folk blir overkøyrt og vi blir ikkje høyrt, seier Jill Smith.

Har mista isbre

Olav Rommetveit

Olav Rommetveit er administrerande direktør i vindkraftselskapet Zephyr.

Foto: Zephyr AS

Det kan bli lite vindkraftutbygging i Noreg dei komande åra og Zephyr ser på ny marknader i både Sverige og Island.

Olav Rommetveit i Zephyr seier at dei har full forståing for at det er delte meiningar om vindkraft i nærmiljøet, men synest det er trist at vindkraftmotstandarane som står bak brevet ikkje ser behovet for kutt av fossile utslepp og eit grønt skifte.

– Island har allereie mista sin første isbre som fylgje av global oppvarming. Islendingane forstår at det er behov for eit grønt skifte, seier Rommetveit.

Fryktar ikkje demonstrasjonar

Rommetveit seier at Island har ein fantastisk vindressurs og er relativt lett å bygge vindkraftverk i. Han fryktar ikkje demonstrasjonar og aksjonar slik det har vore i Noreg, sidan utbygginga blir beskjeden. Selskapet har kome inn i planane etter at konsesjonen var gitt.

I dag er det ingen vindkraftverk på Island, men fleire alternativ er for tida under planlegging.

Den islandske ministeren for miljø og naturressursar, Guðmundur Ingi Guðbrandsson, seier til NRK at han ikkje vil meine noko om åtvaringane frå dei norske vindkraftmotstandarane.

Meiner Island ikkje treng vindkraft

Bjarni Jónsson

Bloggaren Bjarni Jónsson set pris på åtvaringa frå Haramsøya.

Foto: privat

Bjarni Jónsson er ein av dei som er imot dei store vindkraftplanane på Island. Den pensjonerte sivilingeniøren er ein aktiv bloggar og set pris på at nordmenn sender brev og åtvarar politikarane.

– Det er viktig å utveksle erfaringar på den måten slik at ikkje alle går i same fallgruvene. Island har ingen erfaring med store vindkraftturbinar, seier Jónsson.

Han meiner Island ikkje har ein klimagevinst ved å bygge ut vindkraft, fordi landet har vasskraft og geotermisk energi.

Hindre at historia gjentek seg

Lisbeth Austnes

Lisbeth Austnes meiner politikarane på Island må bruke tid på å kartlegge kva negative konsekvensar vindturbinar kan føre til for innbyggjarane.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Folk på Haramsøya har protestert mot planane sidan starten, men vindkraftmotstandar Lisbeth Austnes meiner dei innsåg for seint at dei måtte rope mykje høgare.

Austnes håper at åtvaringa til islendingane får vekt dei opp, slik at historia ikkje gjentek seg. Ho meiner det er lett å bli blenda av folk som lokkar med pengar og store ord.

– Dei må i det minste ta seg tida og sjå på dei negative konsekvensane, ikkje berre sluk agnet, seier Austnes. 22. mars startar rettssaka mot Staten for å få kjent konsesjonen på Haramsøya ugyldig.