Politiet innførte førre veke opphaldsforbod under arbeidstid på Haramsfjellet på Sunnmøre, der åtte vindturbinar skal bli bygd. Grunnen er at aksjonistar har hindra anleggsarbeidet i vindkraftområdet.
Fleire aksjonistar sperra vegen som er tilknytta anleggsvegen opp mot fjellet, der det skal byggast åtte 150 meter høge vindturbinar. Utbygginga har møtt mykje motstand frå lokalbefolkninga.
Folk song «Ja, vi elsker» medan Thue blei arrestert. Han er leiar og talsperson for Motvind Haramsøy.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKArrestert under aksjon
Ifølgje politiet flytta dei andre aksjonistane seg etter pålegg, men til slutt stod berre leiar i Motvind Haramsøy, Hans Petter Thue, att. Då han igjen nekta å flytte seg, arresterte politiet han med makt.
– Dette er politivald, ropte Thue medan han blei arrestert.
Samstundes song folk rundt han nasjonalsongen «Ja, vi elsker».
Tidlegare i dag stoppa også to personar bilar frå vindkraftutbyggaren Stangeland i å køyre om bord i ferja frå Skjeltene. Etter arrestasjonen køyrde dei opp på fjellet.
Hans-Eirik Pettersen i politiet gav Hans Peter Thue ein siste sjanse til å flytte seg før han ville bli arrestert. Thue nekta framleis å flytte på seg.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKThue hevdar at han står på familiens private grunn, og at han derfor har lov til å opphalde seg der.
– Vi meiner forbodet er ulovleg og håper denne aksjonen vil føre til at det blir oppheva, seier Thue.
Hans Petter Thue blei kjend for i mange då han i vår budde i bilen sin i to veker for å sperre for anleggstrafikken. Kona hans Kari Thue har sveltestreika utanfor Viken fylkeskommune.
Kort tid etter arrestasjonen vart Hans Petter Thue lauslaten melder politiet til NRK.
Blir meldt for å ha brote forbod
Politiet ser alvorleg på at opphaldsforbodet blir trassa. Dei ville handle raskt for å sikre at forbodet blir følgt.
– Dette har gått føre seg over så langt tid, og vi kan ikkje la eit øysamfunn eller aksjonsgruppe setje dagsorden på korleis lover og reglar skal bli følgde. Slik kan vi ikkje ha det, seier politistasjonssjef Oddbjørn Solheim i Ålesund.
Oddbjørn Solheim, politistasjonssjef i Ålesund.
Foto: Inger Johanne Ruset / NRKHans Petter Thue blir no meldt og får truleg bøter. Straffa for å bryte opphaldsforbodet vil ligge på rundt 8000 kroner.
– Han har fått gjentatte høve til å etterkome pålegget frå politiet. Til slutt kom vi til eit punkt der vi blei nøydd til å handheve forbodet, seier Solheim.
Glad for at politiet handlar
Arbeidet med å bygge vindturbinar på fjellet starta i juni. Sidan då har det vore fleire protestaksjonar frå lokalbefolkninga og andre vindkraftmotstandarar.
Olav Rommetveit i utbyggarselskapet Zephyr.
Foto: Odd Skjerdal / NRKAdministrerande direktør i utbyggingsselskapet Zephyr, er tilfreds med den jobben politiet gjer på Haramsøya, slik at dei kan halde fram bygginga.
Olav Rommetveit seier det er synd at enkelte motstandarar ikkje respekterer byggevedtaket.