Hopp til innhold

Går til rettssak for å stanse bygging av vindkraft på Haramsøya

Alt er prøvd for å hindre at åtte vindturbinar blir plassert på Haramsøya. Siste halmstrået er domstolen. I dag startar rettssaka.

Birgit Oline Kjærstad saman med politiet.

Birgit Oline Kjerstad er leiar for Nei til vindkraftverk på Haramsøya. Dei går no rettens veg for å stanse utbygginga.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Anleggsmaskinene er i gang med å bygge vindkraftanlegget på fjellet på Haramsøya. Motstandarane har klaga, dei har aksjonert og vore i møte med regjeringa, utan å vinne fram.

No er det berre domstolen som kan stanse prosjektet.

– Det er ein av dei viktigaste verdiane som står på spel. Det er landskapet vårt, naturen og bumiljøet, seier Birgit Oline Kjerstad. Ho er leiar for organisasjonen Nei til vindkraftverk på Haramsøya og har stemna utbyggaren for å få ein midlertidig stans i utbygginga.

Dette for å unngå at det blir gjort uopprettelege skader i terrenget, før ein får svar på om konsesjonen er gitt på feil grunnlag.

Politi på Haramsfjellet

Det har vore fleire aksjonar på Haramsfjellet for å hindre utbygginga.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Fekk sjokk

Vindkraftkonsesjonen blei gitt i 2009, men først i 2019 blei byggeplanane eit faktum. Då hadde det gått så lang tid at motstandarane på Haramsøya trudde prosjektet var skrinlagt.

– Vi fekk sjokk då vi fann ut at det skulle byggast 150 meter høge turbinar på fjellet, seier Kjerstad.

Opphavleg vart det gitt konsesjon til 16 turbinar, men ekstremvindar gjorde at ein ikkje kunne bruke heile det planlagde område. Dermed blei talet på turbinar halvert og det same blei kraftproduksjonen

Og nettopp dette er stridens kjerne.

Longvatunet

Konsesjonen gav løyve til 16 turbinar, men prosjektet blei halvert.

Foto: Haram kraft

Ulempene større enn fordelen

Då vindkraftanlegget fekk godkjenning var det straummangel i Møre og Romsdal. Med færre vindturbinar blir det også produsert berre halvparten av straumen. Nei til vindkraft meiner at dersom dette hadde blitt avdekt under konsesjonsbehandlinga, ville ein sjå at øydeleggingane på øya er større enn det ein får tilbake.

– Ulempene med å bygge ut på Haramsøya var store. I ettertid viser det seg at fordelane ein la vekt på i konsesjonssøknaden er berre halvparten av det ein trudde, seier advokat Mari Kjellevold Brygfjeld.

Ho meiner også at det er blitt gjort så mange saksbehandlingsfeil at konsesjonen ikkje er gyldig. Blant anna har ikkje lokalbefolkninga fått uttale seg då vindkraftverket har søkt om utsett byggefristar.

Olav Rommetveit

Olav Rommetveit i utbyggarselskapet Zephyr avviser påstandane om at konsesjonen ikkje er gyldig.

Foto: Tore Ellingseter

Avviser påstandane

Administrerande direktør i utbyggarselskapet Zephyr, Olav Rommetveit, seier at det har vore ei svært grundig saksbehandling av vindkraftanlegget gjennom mange år. Han avviser alle påstandane om at konsesjonen ikkje er gyldig.

– Vi ser fram til å få prøvd dette i retten, seier Rommetveit. Han meiner at ved å halvere prosjektet, betyr det at naturinngrepa og ulempene blir betydeleg mindre. Blant anna er risikoen for fuglekollisjonar redusert, fordi det no berre er ein turbin ved fuglefjellet mot fire tidlegare.

Olje- og energidepartementet har nyleg gått gjennom konsesjonen. Dei konkluderer med at det ikkje er feil og manglar ved saksbehandlinga som gir grunn til å stanse bygginga.

Rommetveit trur konsesjonen vil stå seg.

– Ein må kunne stole på dei løyva ein får frå det offentlege. Visst ikkje er det nesten umogleg for industri og investorar å gjennomføre store infrastrukturprosjekt, seier Rommetveit.

Fryktar fråflytting

Aksjonsleiar Birgit Oline Kjerstad er fullt klar over at ho kan gå på eit tap i rettssalen. Nyleg prøvde organisasjonen Motvind Noreg å stanse bygginga av vindprosjektet Vardafjell i Sandnes. Dei tapte og måtte betale 1, 3 millionar kroner i sakskostnader. Dei har anka saka.

– Eg håper vi kan vinne, men er budd på at vi kan tape. Visst vi ikkje vinn fram må ein tilpasse seg og eg fryktar at det betyr at mange ikkje vil bu her, seier Kjerstad.

Det er sett av fem dagar til saka.

Birgit Oline Kjerstad

Birgit Oline Kjerstad fryktar at folk ikkje vil bu på Haramsøya dersom vindkraftanlegget blir bygd.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK